Sølvsmeden som forma økonomifaget

Ragnar Frisch skulle overta familien si gullsmedforretning. Ein serie med tilfeldige hendingar gjorde at han blei ein av verdas mest kjende økonomar. Dei mest banebrytande forelesingane heldt nobelprisvinnaren i økonomi i Paris og Yale. No er dei for første gong gitt ut i bokform takka vere mellom andre økonomiprofessor Olav Bjerkholt (biletet).  

I BOKFORM: Økonomiprofessor Olav Bjerkholt har bidratt til at Ragnar Frisch sine forelesingsseriar frå Paris og Yale no kjem ut i bokform.

Foto: Ola Sæther

Det er økonomiprofessor Olav Bjerkholt ved UiO som saman med den franske økonomen Ariane Dupont har samla dei gamle manuskripta til nobelprisvinnaren Ragnar Frisch frå Paris og gir dei ut i bokform. Dupont tok doktorgraden på Frischs teoriar ved Sorbonne-universitetet i Paris i 2003, og ho har lært seg norsk etter fleire opphald på Sørlandet som barn.

Samtidig gir Olav Bjerkholt også ut forelesingsnotata til Ragnar Frisch frå Yale som bok saman med den kinesiskfødde økonomen Duo Quin. Han har tatt doktorgraden på teoriane til Frisch og kollegaen hans, Trygve Haavelmo som fekk Nobelprisen i økonomi i 1989.

– Banebrytande forelesingar

– Desse forelesingsseriane var banebrytande for danninga av økonometrien som eigen disiplin og for etableringa av fagtidsskriftet Econometrica. Frisch var ein av dei første som knytte økonomien til statistikk og matematikk, og han vitskapleggjorde økonomifaget og lanserte omgrep som økonometri og makroøkonomi.

– Forelesingsnotatane frå Yale og Paris var med i det svært omfangsrike, private arkivet hans som Frisch testamenterte til UiO, men som likevel hamna i ein kjellar i Nasjonalbiblioteket. Frisch sin testamentariske vilje var at arkivet hans skulle utnyttast til vitskapleg publisering. Først no etter 35 år har Nasjonalbiblioteket gitt løyve til kopiering av brev frå den vitskaplege korrespondansen til Frisch, seier Bjerkholt til Uniforum.

Han likar ikkje at UiO takka nei til å overta det private arkivet til Ragnar Frisch.
– Det er vanskeleg å tenkja seg eit anna universitet som ville sagt nei til ei slik testamentarisk gåve. Eg synest det var ei svært dårleg behandling av ein av tre mottakarar av Nobelprisen ved UiO. Det einaste minnet om Ragnar Frisch ved UiO i dag er berre eit lokale som eg assosierer med dårlege westernfilmar, nemleg Ragnar Frischs auditorium i Ullevål kino på John Colletts plass, peikar han på.

– Skulle arva gullsmedforretning

Det var heilt tilfeldig at Ragnar Frisch blei økonom.

– Planen var at han skulle arva faren si gullsmedforretning. Difor tok han også svennebrev som sølvsmed og blei medeigar i gullsmedforretninga. Men mora hans meinte at han også hadde akademiske interesser. Saman blei ho og sonen einige om at han kunne byrja å studera økonomi på universitetet fordi det såg ut til å vera både det enklaste faget og det kortaste studiet å ta, humrar Bjerkholt.

Etter studiet og svennebrevet drog Frisch til Paris for eiga rekning. Men på slutten av 1920-talet døydde faren og forretninga var ikkje lenger lønsam.

– Difor frykta Frisch at han måtte gi opp vitskapen, fortel Bjerkholt.

– Den reddande engelen blei professor Irving Fisher som finansierte opphaldet til Frisch på Yale-universitetet med eit bidrag på 7000 dollar. Fisher var god for 10 millionar dollar, men tapte 11 millionar dollar etter krakket i 1929. Men kort før samanbrotet hadde han heldigvis overført pengane han hadde lovt Frisch til Yale, seier Bjerkholt.

Stortinget oppretta professorat

– Det norske Stortinget frykta at han skulle bli kjøpt opp av USA, og i Stortingets finansdebatt kom det våren 1930 opp forslag om å oppretta eit eige professorat for han, for at han skulle koma tilbake og ikkje bli verande i USA. Økonomiprofessorane ved Universitetet i Oslo meinte det ville bli ein katastrofe for økonomifaget i Noreg om han ikkje fekk fast stilling som professor i Oslo, fortel Bjerkholt.

Enden på visa blei at Ragnar Frisch fekk fast stilling som professor i økonomi og statistikk. Rockefellerstiftinga og A/S Norsk Varekrigsforsikrings Fond gjekk inn med pengar, slik at Frisch kunne etablera Universitetets økonomiske institutt i 1932. Dei første åra sat assistentane hans i toppetasjen i Farmasibygningen. Mellom desse var Trygve Haavelmo og Olav Reiersøl. Seinare flytta instituttet inn i universitetsbygningane i sentrum.

Saman med nederlandske Jan Tinbergen fekk Ragnar Frisch den første Nobelprisen i økonomi i 1969. Dei fleste seinare nobelprisvinnarar i økonomi har kome med bidrag til tidsskriftet Econometrica, som Frisch redigerte i 22 år.

– Historielaust

Olav Bjerkholt er ikkje nøgd med måten Frisch er blitt behandla på av Økonomisk institutt.
– At verken Ragnar Frisch eller Trygve Haavelmo er å finna på noko pensumliste til dagens økonomistudentar verkar berre historielaust. For meg ser det ut som om dei som etterfylgde dei på instituttet var opptatt av å koma ut av skuggen frå dei to store, seier Bjerkholt.

– Samtidig har instituttet fått eit senter for framifrå forsking og vil gjerne vera verdsleiande i sitt fag. UiO viser fram Nobelprisvinnarane Ragnar Frisch og Trygve Haavelmo på nettsidene sine. Berre synd at tekstane inneheld feil, meiner han.

Frisch skreiv også artiklar om finanskrisa i 1930-åra og var ein av dei som tidleg tok til orde for ein motkonjunkturpolitikk under tider med økonomiske kriser.

– Truleg ville me ha hatt noko å læra av han i dag også, understrekar han.

Undersøkte etterspurnaden etter øl

Olav Bjerkholt har sett nøye på dei etterlatne papira til Ragnar Frisch:

– Alt arbeidet hans og alle gjeremåla hans er nøye dokumentert for hand av Ragnar Frisch sjølv. Dokumentasjonen viser også at han brukte metodar som til då var heller uvanlege i forskinga. Ein gong ville Bryggeriforeningen finna ut kva som kunne skje med etterspurnaden etter øl om dei auka eller reduserte prisen. Då drog han ut i felten for å spørja folk om det. Det viser at han hadde ganske gode og innovative metodar, peikar han på.

Medan Trygve Haavelmo i stor grad forstod det politiske spelet, hadde Frisch store problem med det.

– Han deltok i utarbeidinga av partiprogrammet til Arbeidarpartiet på 1930-talet, men då Arbeidarpartiet oppheva reguleringspolitikken på byrjinga av 1960-talet, melde han seg ut og begynte å skriva artiklar for Orientering, konstaterer Bjerkholt.

– Det går heller ikkje an å stikka under ein stol at Frisch var ukritisk då han på 1960-talet framheva vekstresultata av planøkonomien i Sovjetunionen, men i så måte var han ikkje åleine, meiner Bjerkholt.

 

Emneord: Priser, Internasjonalisering, Økonomi, Økonomisk institutt Av Martin Toft
Publisert 13. des. 2010 13:42 - Sist endra 13. des. 2010 14:05
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere