Slår tilbake mot juletrepøblar

I helga blei Universitetet i Oslo sitt juletre maltraktert og fekk heile toppen skoren av. I dag er eit nytt juletre reist på Frederikkeplassen.  

SLÅR TILBAKE: UiO slår tilbake mot pøblane og reiser eit nytt juletre på Frederikkeplassen på Blindern. – Det er symbolsk viktig, meiner Jan Solberg i Teknisk avdeling.

Foto: Ola Sæther

Det var sist helg det blei oppdaga at nokon hadde kutta av store delar av juletreet Universitetet i Oslo hadde reist på Frederikkeplassen. Skadane var så store at det var umogleg å bruka det. I dag vil eit heilt nytt juletre koma i staden for det som blei øydelagt.

– Me kan ikkje lata pøblane vinna. Difor kjøper me eit nytt juletre og plasserer det som erstatning for det som blei øydelagt, seier teknisk direktør Frode Meinich. Sjølv om juleferien tar til denne veka, synest han dette er eit viktig tiltak.

– Det demonstrerer viljen vår til å halda fast på tradisjonen med eit juletre på Frederikkeplassen. Kampen om juletreet skal me vinna, understrekar Meinich.

Juletreet skal etter planen stå også nokre dagar inn i jubileumsåret 2011.

 

Emneord: Arbeidsmiljø Av Martin Toft
Publisert 21. des. 2010 15:57 - Sist endra 22. des. 2010 18:07
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere