– Politikk er farleg i Vietnam

– Om eg skriv om politikk eller menneskerettar, risikerer eg å bli arrestert for det. Det seier Nguio Buon Gio som er ein av Vietnams mest kjende bloggarar. Han synest det er bra at Noreg har ein menneskerettsdialog med Vietnam.  

URETTFERD: – Eg skriv om urettferd og ulik behandling av folk i Vietnam. Eit døme på ting eg har tatt opp, er bedrifter som slepper ut gift i naturen, seier den vietnamesiske bloggaren Nguio Buon Gio.  

Foto: Ola Sæther

Uniforum møter Nguio Buon Gio i Oslo eit par dagar etter at han har deltatt på ein internasjonal konferanse i Berlin. Osloturen tar han for å besøkja ein god venn. Men han klarer ikkje å halda aktivisten i seg heilt i ro. Difor har han både vore i kontakt med Norsk senter for menneskerettar ved UiO og gitt fleire intervju til norske media. Når han ikkje bloggar, arbeider han som kulturjournalist, men då brukar han eit psevdonym. Som bloggar er han langt meir politisk.

– Eg skriv om urettferd og ulik behandling av folk i Vietnam. Eit døme på ting eg har tatt opp er bedrifter som slepper ut gift. Også det faktum at folk blir fråtatt eigedomen sin av styresmaktene har vore eit tema på min blogg.

10 000 daglege besøk

– Kva er fordelen med å skriva blogg framfor å skriva ein artikkel i avisa?

– Med ein gong noko viktig skjer i Vietnam, skriv me det ned straks. Difor likar ikkje styresmaktene det me held på med, konstaterer han. Bloggen hans får 10 000 besøk kvar dag, men det er likevel ingen selskap som vil sponsa sidene hans.
– Det er ingen som vågar å setja annonsen sin på ei slik side, slår han fast.

– Media skreiv negativt om Liu Xiabo

Nguio Buon Gio synest Vietnam let Kina styra ein stor del av politikken sin.

– Etter at det blei gjort kjent at den kinesiske dissidenten Liu Xiaobo var tildelt Nobels fredspris for 2010, fekk kinesiske medium streng beskjed om å skriva negativt om det. Og det same begynte media i Vietnam å gjera. Vietnam og Kina har også eit nært forsvarssamarbeid. I 1958 underteikna Nord-Vietnam og Kina ein avtale som gav Kina råderetten over nokre øyar utanfor Vietnam, som takk for hjelpa under frigjeringskrigen frå Frankrike. No er avtalen avslørt. Vietnamesiske fiskarar som drog dit, blei drepne av kinesiske soldatar, utan at dei vietnamesiske styresmaktene reagerte. Sjølv har eg deltatt i demonstrasjonar og blitt arrestert, men eg har også skrive om denne saka.

– Men er det ikkje lettare å seia det du meiner i Vietnam no enn for ti år sidan?

– Jo, du kan gjerne seia høgt det du meiner til vennene dine på kafeen. Tidlegare var også det risikabelt. No er du trygg, så lenge du ikkje skriv det du seier, meiner han.

– Handlar vesker for 50 000 dollar

Klasseskilja i kommuniststaten Vietnam er svært store.

– Dei rikaste går i selskap saman med kjendisane og drar til Paris på shopping for å kjøpa vesker til opptil 50 000 dollar. Rikmannssønene likar å ta bilete av seg sjølve der dei poserer med dyre ting for å visa kor bra økonomien er i Vietnam. Samtidig tener dei fattigaste berre 5 dollar i månaden.

– Kva synest du om at Noreg og UiO deltar i ein menneskerettsdialog med Vietnam?

– Eg synest det er eit positivt første steg for å betra situasjonen på lang sikt. Dessutan er det viktig for oss i Vietnam å vita at det finst folk som bryr seg om oss, seier han gjennom tolken frå Norsk-vietnamesisk senter i Oslo.
 

Emneord: Menneskerettar, Vietnam, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 9. des. 2010 14:20 - Sist endra 9. des. 2010 14:31
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere