Kjell Stahl slår tilbake mot Benestad

Tidlegare universitetsdirektør Kjell Stahl skriv i eit lesarbrev i Uniforum at tidlegare prorektor Haakon Breien Benestad er illojal mot UiO. Årsaka er at Benestad i eit intervju med Uniforum kjem inn på innhaldet i den økonomiske kompensasjonen Stahl fekk då han måtte gå av som universitetsdirektør i 1990.  – Stahls lesarinnlegg viser vel at han er blitt noko gløymsk, seier dåverande kollegiemedlem Ulrik Sverdrup (biletet).

TRUGA: – Kjell Stahl truga meg med at eg måtte berre passa meg, for han hadde eit dokument som viste at eg forsøkte å styrta han som direktør. Det høyrer med til historia at Kjell Stahl i etterkant måtte ta avstand frå notatet, seier tidlegare kollegiemedlem Ulrik Sverdrup.

Foto: Ola Sæther

Det var i 1990 dåverande universitetsdirektør Kjell Stahl måtte gå etter at Det akademiske kollegiet hadde gitt klart uttrykk for at han ikkje lenger hadde deira tillit. Då hadde det i lang tid vore stor misnøye med leiarstilen hans. Stahl gjekk og fekk med seg ein fallskjerm, som truleg var på over halvannan million kroner, ifylgje det tidlegare prorektor Haakon Breien Benestad uttaler til Uniforum 4. november.

I det same intervjuet seier Benestad at dei økonomiske overskridingane på 26 millionar kroner på nybygget til odontologi, var brekkstanga som blei brukt for å få Kjell Stahl til å trekkja seg frå stillinga som universitetsdirektør.

Illojal

I eit lesarbrev i dagens Uniforum går Kjell Stahl kraftig i rette med Benestads versjon av det som hende, og kallar han samtidig illojal mot UiO fordi han kjem inn på pengesummen Stahl fekk for å gå.

Uniforum har tatt kontakt med Kjell Stahl for å få han til å utdjupa innhaldet i lesarbrevet, men Stahl vil berre kommentera saka gjennom lesarbrevet. Han vil ikkje bryta teieplikta, oppgir Stahl som grunn til Uniforum.

Tidlegare prorektor Haakon Breien Benestad kjenner seg ikkje igjen i påstanden frå Kjell Stahl om at han er illojal mot UiO fordi han viser til den økonomiske kompensasjonen Stahl fekk og kjem inn på kor stor den kunne vera i intervjuet med Uniforum den 4. november.

– Eg har ikkje avslørt den nøyaktige summen, for den var hemmeleg, og eg kjenner den ikkje. Jens Erik Fenstad og Vigdis Ystad var dei som sat i forhandlingsgruppa på vegner av Universitetet i Oslo.

– Stahl meiner også at påstanden om at folk blei overvaka av hans folk, er fri fantasi. Kva meiner du om det?

– Det var nokon som måtte gå av samtidig med Stahl fordi dei var sterkt knytte til han. Og det blei vist til at dei tok møtereferat for å kartleggja kven som var misnøgde med direktøren.

– Stahl viser også til at pressemeldinga frå UiO den gongen slår fast at det i dei forholda som blei lagde fram i Kollegiet, ikkje blei dokumentert at det var sakleg grunnlag for å krevja at han skulle gå av. Kva tykkjer du om den kommentaren?

– Det med overskridinga var ein av fleire ting, og opphavleg hadde me andre ankepunkt, som går fram av eit oppslag i Aftenposten 4. august 1990, der det står at fleirtalet i Det akademiske kollegiet skildra Kjell Stahls leiarskap ved universitetet med ord som fråskriving av ansvar, dårleg økonomistyring, forsøk på å setja til side Kollegiets makt og ansvar og fraksjonsverksemd. Dei hevda også at han var eksponent for ein bedriftskultur som var uynskt av dei aller fleste tilsette ved universitetet.

Stadfestar Benestads versjon

Ulrik Sverdrup, du representerte dei tilsette i Kollegiet den gongen. Og kva synest du om at Kjell Stahl meiner at Benestad er illojal som kjem inn på storleiken på kompensasjonen han fekk?

– Det er med ei viss forbausing eg får referert at Stahl i eit lesarinnlegg i samband med Uniforums intervju med ”pensjonisten” professor Haakon Benestad 4. november, kritiserer Benestad for å koma inn på storleiken på det beløpet Stahl fekk med seg i fallskjermen. Dette var jo ei av dei store mediesakene som blei diskutert og til dels kritisert livleg av heile den norske pressa hausten 1990, seier Sverdrup til Uniforum.

Han kan også skriva under på at overskridingane på nybygget til odontologi var ei av fleire saker som gjorde at Stahl måtte gå.

– I august for 20 år siden blei det halde eit ekstraordinært, historisk kollegiemøte som vedtok eit mistillitsforslag mot dåverande universitetsdirektør Kjell Stahl. Eit fleirtal på seks mot eit mindretall på tre. Ein langvarig universitetspolitisk kamp nådde sitt høgdepunkt. Kjell Stahl blei tvinga til å gå av som universitetsdirektør. Advokatane hans klarte å forhandla fram ein fallskjerm som norsk presse den gongen rekna ut til 1,5 millionar kroner.

– Blei rapportert

Sverdrup stadfestar også Benestads versjon om at Stahl hadde sine folk overalt, som noterte ned alt det som kom fram.

– Dette kallar Kjell Stahl i sitt lesarinnlegg eit forsøk på å konstruera ein konspirasjon. Men sanninga er verken fri fantasi eller eit forsøk på å konstruera ein konspirasjon . Notatet: ”Informasjon om styremedlemmet Ulrik Sverdrup”, som Kjell Stahl vifta med på kollegiemøtet 6. mars 1990 er eit handfast døme på det. Samtidig truga han med at eg måtte berre passa meg, for han hadde eit dokument som viste at eg forsøkte å styrta han som direktør.

– Det høyrer med til historia at Kjell Stahl i etterkant måtte ta avstand frå notatet. I tillegg gjorde Kollegiet på sitt møte 23. april 1990 samrøystes fylgjande vedtak: ”Kollegiet ønsker å presisere at det med dette vedtak tar avstand fra enhver rapporteringsvirksomhet om ansatte og tillitsvalgte ved Universitetet i Oslo. Kollegiet forutsetter at hvis slike typer rapporter skulle finnes i universitetets arkiver, skal disse legges frem for kollegiet, for deretter å makuleres. Kollegiet vil arbeide aktivt for at denne politikk blir fulgt opp ved Universitetet i Oslo”, refererer Sverdrup.

– Stahls lesarinnlegg viser vel at han er blitt noko gløymsam. Stahl var ein leiar som skapte frykt og utryggleik blant UiOs tilsette. Det gjekk eit letta sukk gjennom heile UiO då han forsvann, seier Sverdrup.

– Ynskte ikkje meir blest om saka

Professor Vigdis Ystad var også kollegiemedlem den gongen og sat i gruppa som på vegner av UiO forhandla ein sluttavtale med Kjell Stahl. Heller ikkje ho gir Kjell Stahl medhald i at det var illojalt av Benestad å koma inn på summen på fallskjermen.

– Så vidt eg hugsar var det ikkje noko spørsmål om å gjera storleiken på ”fallskjermen” til noko konfidensiell sak. Men Kollegiets medlemar valde den gongen ikkje å kommentera storleiken på beløpet offentleg. Me ynskte ikkje meir blest enn det allereie var om saka, seier Ystad.

Ho meiner det også er feil at millionoverskridinga på nybygget til odontologi ikkje hadde noko å seia for at Kjell Stahl måtte gå.

– Overskridinga på nybygget var ei alvorleg sak som absolutt fekk noko å seia for Kollegiet si samla vurdering av situasjonen. Men Stahl har rett i at den ikkje var den einaste. Kollegiet bygde også på ei rekkje andre alvorlege saker, då dei bad direktøren om å gå frå stillinga si. Etter mitt skjønn behandla Kollegiet den vanskelege situasjonen med stor diskretesse. Ingen av desse sakene blei kommenterte offentleg av kollegiemedlemane. Me meinte at me på denne måten tente universitetet best, seier Vigdis Ystad til Uniforum.
 

 

 

 

 

 


 

Emneord: Arbeidsforhold, Arbeidsmiljø, Universitetspolitikk, Personalbehandling/politikk Av Martin Toft
Publisert 8. des. 2010 16:16 - Sist endra 9. des. 2010 00:42
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere