Blir Georg Morgenstiernes hus

Den nyrestaurerte PO-bygningen i Moltke Moes vei får namnet Georg Morgenstiernes hus. Det har rektor Ole Petter Ottersen bestemt.  

NYTT NAMN: PO-bygningen skal i framtida kallast Georg Morgenstiernes hus.  

Foto: Ola Sæther

Det vekte ein del kritikk ved Det humanistiske fakultetet då ein namnejury tidlegare i år gjekk inn for å døypa den nyrestaurerte PO-bygningen for Georg Morgenstiernes hus.

Nokre av filosofane meinte at det ville vera meir naturleg å kalla bygningen opp etter ein filosof, til dømes Arne Næss. Andre foreslo at bygningen heller burde heidra minnet etter Johan Sebastian Welhaven. Dei viste til at sidan det er Institutt for filosofi, idé- og kunsthistorie og klassiske fag (IFIKK) som saman med SFF-senteret The Centre for the Study of Mind in Nature (CSMN) som flyttar inn, burde det vera naturleg at bygningen ber namnet til ein filosof og ikkje til ein lingvist. Også Den internasjonale sommarskulen ved UiO har flytta tilbake til bygningen.

No er det klart at rektor Ole Petter Ottersen fylgjer innstillinga frå namnejuryen ved HF og gir bygningen namnet Georg Morgenstiernes hus.

– Ja,det stemmer, seier Ottersen til Uniforum. – Det skal svært tungtvegande grunnar til for at rektor overstyrer innstillinga frå ein namnekomité. Eg kan ikkje sjå at slike tungtvegande grunnar ligg føre i dette tilfellet, seier Ottersen.
 

Emneord: Filosofi, Universitetspolitikk, Lingvistikk Av Martin Toft
Publisert 21. des. 2010 15:14 - Sist endra 21. des. 2010 15:31
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere