Betre sikring gir betre forsking

Ei sikrare og betre lagring av sensitive pasientdata, kan føra til både betre forsking og gjera Universitetet i Oslo meir interessant for internasjonale forskarar. Det trur psykologiprofessor Anders Fjell, gruppeleiar Hans A. Eide i USIT og IT-ansvarleg Egil Berg Telle ved Psykologisk institutt.  

SIKKER LAGRING: – Me er glade for at me har fått i stand eit system for sikker lagring av sensitive forskingsdata, seier frå venstre Anders Fjell, Hans A. Eide og Egil Berg Telle.

Foto: Martin Toft

Forskarar sit ofte med store mengder sensitive data frå undersøkingar av pasientar som dei treng reiskapar til for å kunna handtera hurtig og effektivt. Dersom forskarar ved Psykologisk institutt har behov for å forska på hjerneprøvar frå til dømes Rikshospitalet eller Ullevål sykehus, stiller det store krav til korleis data skal lagrast og analyserast.

No har Universitetets senter for IT-tenester (USIT) utvikla eit lukka nett for sikker lagring av sensitive forskingsdata, som til dømes resultat frå hjerneprøvar, blodprøvar og DNA-testar. Dermed kan forskarane ved Psykologisk institutt sitja ved fire av datamaskinene i laboratoriet sitt og arbeida med sensitive forskingsdata som er lagra på USITs sin sentrale datatenar. Samtidig kan også dei forskarane som til dagleg arbeider på sjukehusa få tilgang til psykologane sine mest sensitive forskingsdata.

– Meir effektivt og praktisk

– Kvardagen som forskar blir mykje meir efffektiv og meir praktisk når dette blir mogleg rett etter nyttår, seier psykologiprofessor Anders Fjell. Han viser til at prosjektet til saman har fått over tre millionar kroner i infrastrukturmidlar frå Universitetet i Oslo gjennom det såkalla AVIT-programmet i 2009 og 2010.

– Dette er pengar som skal gå til innkjøp av datamaskiner og utstyr, medan me ikkje får tilskot til utvikling av eit system for sikker datalagring. Difor tok med kontakt med USIT som tok på seg å utvikla eit felles system for sikker datalagring av sensitive forskingsprøvar. Føresetnaden er at andre fagmiljø ved UiO, også skal få bruka det lukka nettet som no skal knytast opp mellom Psykologisk institutt og dei forskjellige avdelingane til Oslo universitetssykehus, fortel Fjell.

Ufattelege datamengder

Gruppeleiar for vitskapleg databehandling ved USIT, Hans A. Eide viser til at det er enormt store datamengder som får reservert plass i datatenaren NORSTORE.

– Psykologi får ein kapasitet på 96 terabyte medan andre einingar får 50 terabyte kvar. USIT sin sentrale datatenar har til saman plass til ei ufatteleg datamengd på rundt 1,6 petabyte øyremerkt til forsking. Og det er viktig at dette er på plass innanfor eit lukka nett, slik at ingen får tilgang til det gjennom Internett, meiner han.

Anders Fjell ser også at den sikre lagringa av sensitive pasientdata vil gi endå betre vilkår for eit vidare samarbeid med helseforetaka.

– Me har data frå kvar deltakar som utgjer mellom fire og fem gigabyte. Det seier seg sjølv at me så mange deltakarar me har i eit typisk prosjekt, vil det krevjast ein svært stor lagringsplass for å få plass til alt. Det får me no, og det vil dessutan bli så å seia 100 prosent sikkert. Og det gjer det mogleg for oss både å lagra det og behandla materialet på ein trygg og sikker måte, understrekar Fjell.

Også IT-ansvarleg Egil Berg Telle på Psykologisk institutt synest dette gir store fordelar for forskarane på instituttet.

– På grunn av at lagringa av pasientdata ikkje var sikker noko tidlegare, tok det tid å få behandla pasientdata på data. Det var mange løyver som måtte innhentast og det var for store datamengder til at det systemet me brukte, klarte å behandla det særleg fort, seier han.

– Vil spara masse tid

I tillegg skal det også knytast ein eigen rekneressurs opp mot lagringseininga.

– Medan det tidlegare kunne ta mellom to og tre månader å få behandla datamateriale frå 74 deltakarar, vil det nye systemet føra til at behandlinga av prøvar frå 1000 deltakarar berre vil ta to til tre dagar. Dermed vil me spara masse tid og kunne driva endå meir effektiv forsking, meiner Anders Fjell.

– Det vil bli langt lettare for oss å rekruttera utanlandske og andre norske forskarar hit, når dei ser at me har utvikla eit sikkert lagringssystem for pasientdata. Me kan driva med forsking som få andre universitet vil kunna utføra. Det vil også gjera at me kan få ut resultat frå forskingsprosjekta våre langt tidlegare enn til no, trur Fjell.

Han synest også at dette er god økonomi for universitetet.
– I staden for at alle som har behov for denne typen tenester skal bruka tid og pengar på å utvikla sine eigne lokale løysingar, kan dei no heller utnytta det arbeidet og den infrastrukturen som USIT har utvikla. No treng ikkje mindre miljø utvikla eigne rekneressursar, dei kan heller bruka midlane til å utvida den sentrale rekneressursen. Det vil koma mange forskarar til gode. USIT har allereie ei slik teneste for ikkje-sensitive data, men no blir det mogleg for å få til noko tilsvarande også for sensitive forskingsdata, understrekar Fjell.

– Kan brukast av andre fagmiljø

Hans A. Eide frå USIT er glad for at dei har fått utfordringa med å utvikla eit slikt sikker datalagringssystem.

– Det er takka vera pengar som eigentleg skal gå direke til forskarane som gjer det mogleg for oss å utvikla ein slik naudsynt infrastruktur. UiO burde absolutt hatt ein eigen strategisk plan for infrastruktur også. Forskarane får ikkje pengar for utrulling av tenesta No får me tilskot frå forskarane sine infrastrukturpengar, og saman med arbeidskrafta til våre tilsette, klarer me å få dette realisert. Fordelen med at me gjer det for dei, er at det også opnar for at andre fagmiljø kan bruka det nyutvikla sikre lagringssystemet for pasientdata. Også genforskarar frå andre fagmiljø vil truleg ha behov for denne tenesta. Sannsynlegvis er det mange sensitive pasientdata som i dag ligg og sleng i skuffer og skåp på UiO, trur Eide.

– Og med det nye systemet vil ingen sensitive data kome på avvegar?

– Då er det i tilfelle mest sannsynleg ein av forskarane som arbeider med det, som har gjort ein glipp, konstaterer Eide, Fjell og Telle.

Etter planen skal det nye lagringssystemet for sensitive pasientdata vera i drift like etter nyttår.

 

 

Emneord: Psykologi, USIT, Forskning, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 9. des. 2010 12:42 - Sist endra 9. des. 2010 15:08
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere