Adresse Kristiania

200 kunstferdige adresser eller helsingar frå universitet og insititusjonar i heile verda kom til 100-årsjubileet til universitetetet i 1911. No er dei stilte ut i Galleri Sverdrup.Prosjektleiar for Museum for universitets- og vitskapshistorie, Bjørn Vidar Johansen viser dei gjerne fram.

ADRESSER PÅ UTSTILLING: Prosjektleiar Bjørn Vidar Johansen viser fram ei av adressene som kom frå heile verda til universitetet si 100-årsfeiring i 1911. I bakgrunnen eit bilete frå Karl Johans gate under jubileumsmarkeringa.  

Foto: Ola-Sæther

 Adressene kom først til universitetet, og teksten blei nøye og grundig granska, før dei blei stilte ut i Kunstindustrimuseet, som døme på moderne bokkunst og design. Seinare blei dei lagde i kister og plasserte rundt omkring på lagerplassar på universitetet. Då prosjektleiar for Museum for universitets- og vitskapshistorie (MUV), Bjørn Vidar Johansen klarte å spora dei opp igjen, var dei på universitetet sitt fjernlager på Hønefoss.

– Der fann me dei i museetne kister, men dei hadde ikkje klart å gnaga seg igjennom kistene. Dermed var kvaliteten på adressene eller telegramma i framifrå god stand. Ja, i ein Amerikakoffert som smågnagarane hadde klart å tyggja seg gjennom, hadde dei berre forsynt seg med uinteressante papir, medan adressene var uskadde. Den viktigaste grunnen til at dei var i så god stand, var at dei ikkje hadde blitt utsette for sollys, fortel Johansen til Uniforum.

Han synest adressene klart viser inntrykket dei ulike institusjonane vil gi.

– Gammaldagse adresser frå Trondheim

– Håndverks- og industriforeningen i Oslo hadde eit svært moderne uttrykk på si adresse, medan adressa frå eit austerriksk universitet er i ein moderne jugendstil. Det Kongelige Norske Tekniske Videnskabs Akademi i Trondheim og NTH sine helsingar hadde begge svært gammaldagse og tradisjonelle uttrykk. Det hadde dei til felles med dei amerikanske universiteta, har Johansen lagt merke til. Han har også lese kva avisene skreiv om desse adressene til universitetet.

Avisene var ”heftig og begeistret”

– Dei var faktisk heilt over seg av begeistring. Dette var ein nasjonal skatt som var eit viktig bidrag til universitetets samlingar.Samtidig viste det at universitetet var respektert og blei sett, slår Johansen fast. Jubileumsmarkeringa den gongen stod

FRÅ ISLAND: Denne forseggjorde helsinga kom frå Island.(Foto: Ola Sæther)

 

truleg ikkje noko særleg tilbake for den jubileumsfeiringa UiO planlegg i 2011.

– Alle universitet og vitskapsakademi over heile verda blei inviterte til jubileumsfesten. Til slutt enda det med at 140 utanlandske delegatar kom hit for å delta i ei veke til ende. Dei måtte også ha med seg ein haug med bagasje, for det var forskjellig kleskode frå dag til dag og ulike tidspunkt på dagen. Kristiania kommune betalte for festmiddag i Den gamle logen. Det var to andre høgdepunkt også. Kongeparets jubileumsmiddag for 900 personar og kreeringa av æresdoktorar i Aulaen, som blei opna under jubileet. Den gongen var det Noregs mest moderne sal, der det var mogleg å visa både film og lysbilete, fortel Johansen.

– Krangla om rekninga

Og også den gongen handla mykje om pengebruk.

– Me fann eit internt notat som viste at dei krangla om kven som skulle dekkja kostnadene med jubileumsfeiringa, avslører han. For å kunna rekonstruera jubileumsfeiringa for hundre år sidan, har dei også fått god hjelp.

– Historikaren Jorunn Sem Fure har lånt oss upublisert materiale frå boka ho held på å skriva om jubileumsfeiringa. Dermed veit me at alle opplysningane er kvalitetssikra. Det er skikkeleg raust gjort av henne. Dessutan har Oslo bymuseum lånt oss ein biletserie frå Kristiania under jubileumsveka, seier Johansen. Han trekkjer også fram arbeidet til resten av staben ved MUV.

For dei som besøkjer utstillinga og ser biletet frå den nyopna Aulaen og saknar Munchs aulamåleri, så kan me opplysa at dei ikkje kom opp før i 1916, fem år etter.

Utstillinga vil stå fram til 25. februar.

 

KRAKOW: Og denne helsinga kom frå Køpernikus sitt universitet i Krakow i Polen. (Foto: Ola Sæther)

 

 

 

 

Emneord: Universitetshistorie, UiOs 200-årsjubileum, Galleri Sverdrup Av Martin Toft
Publisert 9. des. 2010 13:12 - Sist endra 9. des. 2010 13:53
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere