– UiO tar seg for godt betalt

Lingvistikkprofessorane Hanne Gram Simonsen og Elizabeth Lanza  meiner UiO tar seg for godt betalt for leige av lokale til konferansar. – Det er for dyrt, spesielt når me er blitt oppfordra til å takka ja til internasjonale konferansar i jubileumsåret 2011, seier dei.

OVERRASKA: Lingvistikkprofessorane Hanne Gram Simonsen og Elizabeth Lanza er overraska over kor dyrt det er å leiga konferanselokale på UiO. – Me hadde ikkje rekna med at det skulle kosta noko, seier Lanza.

Foto: Ola Sæther

Til sommaren er lingvistikkprofessor Elizabeth Lanza koordinator for verdas største internasjonale konferanse om fleirspråklegheit. Over 600 deltakarar kjem til Universitetet i Oslo i juni for å delta på arrangementa i Georg Sverdrups hus, i Helga Engs hus og i Sophus Lies auditorium. Men prisen blir langt høgare enn det dei hadde rekna med. Dei må ut med rundt 240 000 kroner i internhusleige til UiO.

– Kva konsekvensar får det?

– Først og fremst har me hatt behov for meir ekstern støtte. Me har fått 100 000 kroner frå Fritt Ord. Men dei 240 000 kronene kunne me heller ha tenkt oss å bruka på å subsidiera opphaldet til studentar og afrikanske forskarar som kjem til konferansen.

– Blei de åtvara på førehand?

– Nei, me ante ikkje at det ville bli så dyrt.

– Aldri aktuelt å flytta konferansen

– Vurderte de å flytta konferansen til eit hotell eller ein konferansestad?

– Nei! Me fekk ei oppfordring frå universitetsleiinga om at det var spesielt viktig å takka ja til internasjonale konferansar i jubileumsåret 2011. Og når UiO i hard konkurranse med byen Calgary i Canada fekk tildelt konferansen på konferansen i Hamburg i 2007 var det heilt klart at Institutt for lingvistikk og nordiske studium ville ta på seg dette ansvaret. Tradisjonen er at konferansen blir halden på eit universitet. Difor var det aldri aktuelt for oss å flytta den til ein annan konferansestad.

– Kvifor blei de så overraska når de såg utleigeprisen?

– Me hadde vel rekna med at det ikkje skulle kosta noko å arrangera ein konferanse heime på UiO. Sjølvsagt forstår me at det blir ekstra betaling utanom vanleg arbeidstid, men me hadde ikkje trudd at me måtte betala for konferanselokala. Men eg er glad i og stolt over UiO og vil gjerne visa fram universitetet. Og Teknisk avdeling gjer berre det som dei må gjera innanfor det systemet dei arbeider i, understrekar ho.

Reisebyrået HRG i Drammen er ansvarleg for å ta imot deltakaravgifta og hotelltingingar.

Valde hotellopplegg

I juni i år var lingvistikkprofessor Hanne Gram Simonsen ansvarleg for ein internasjonal konferanse om klinisk lingvistikk. Ho valde å halda konferansen på Holmenkollen Park Hotell.

– Då fekk me ei full pakke med konferanselokale og lunsj inkludert for 400 000 kroner for eit arrangement som varte i tre og ein halv dag. Samtidig kunne dei 200 deltakarane overnatta på same staden. På den måten hadde me full kontroll over dei, smiler ho. Og ho var godt nøgd med det valet.

– Det gjekk veldig bra. Når det er sagt, må eg også leggja til at vårt institutt stod som arrangør saman med Bredtvedt kompetansesenter, me hadde altså ingen eksterne konferansearrangørar med oss, understrekar ho. Til våren står ho bak ein nordisk konferanse om klinisk lingvistikk. Den blir heller ikkje på Blindern.

– Eg blei veldig skremt då eg høyrde kor dyrt det var. Men det er også andre grunnar til at me heller ikkje denne gongen vel å halda konferansen på UiO. På eit konferansehotell slepp me ein god del administrasjon, og reise- og opphaldsutgifter for deltakarane tel også med. Difor skal me ha den konferansen på eit hotell på Gran på Hadeland, fortel ho.

– Det er frykteleg dyrt for utanlandske forskarar å vera i Oslo, både overnatting og kost er rådyrt. Difor må me klara å halda alle dei andre utgiftene nede, slik at deltakaravgifta ikkje blir for høg. For oss var Holmenkollen Park Hotell heilt ideelt. For meg var det overraskande då eg i ettertid såg at dei var så konkurransedyktige samanlikna med UiO. I utgangspunktet hadde eg trudd det ville ha vore mykje dyrare, vedgår ho.

Postdoktor Pia Lane er medlem av organisasjonskomiteen for Den internasjonale lingvistikk-konferansen om fleirspråklegheit. Ho blei svært sjokkert over den høge internhusleiga ved UiO og synest ikkje det samsvarar med visjonane til UiO.

– Teknisk avdelings høge internhusleige fører til at dei internasjonale konferansane kjem til å søkja seg vekk frå UiO. Det er spesielt uheldig når Strategisk plan 2020 heile tida framhevar internasjonalisering, seier ho.

Nøgd konferansearrangør

Doktorstipendiat Åse Marie Ommundsen som er ansvarleg for konferansen The Child and the Book i april, klagar ikkje på prisane.

– Nei, me fann ut at så lenge det ikkje var fleire enn 50 deltakarar så kunne me leiga lokala på Blindern gratis. Så difor har me vore nøye på å halda deltakartalet nede, seier ho.

– Tar gjerne ein diskusjon

Driftssjef Astri Ottesen i Teknisk avdeling tvilar på at konferansearrangørane har rekna godt nok, når dei har kome fram til at UiO er dyrare enn konferansehotella.

– Prisen vår er avhengig av kor mange rom dei treng og kor mange deltakarar konferansen har. Dersom det er ein ekstern konferansearrangør blir det også dyrare. Og me må uansett dekkja våre utgifter til reingjering og vakthald. Det er klart at det blir endå dyrare om våre tilsette må jobba overtid under konferansane, konstaterer ho. Ottesen er viss på at UiO er den beste og billegaste staden institutta kan ha internasjonale konferansar på.

– Me veit at me er billegast. Men om dei har budsjettert med at det skal vera gratis å leiga lokala til UiO, så blir dei truleg overraska. Men me tar gjerne ein diskusjon om konferanseprisane våre, seier Ottesen.

 

Emneord: internasjonalisering, Lingvistikk, HF: nytt institutt for språk, UiOs 200-årsjubileum Av Martin Toft
Publisert 18. nov. 2010 11:10 - Sist endra 18. nov. 2010 11:35
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere