Oppfordra til å varsku tidleg

Dei fleste konfliktane på Universitetet i Oslo og andre arbeidsplassar let seg løysa viss dei blir oppdaga tidleg, før dei eskalerer. Om det blir ei varslingssak, blir det straks mykje meir alvorleg. Det var alle i panelet einige om då Arbeids- og læringsmiljødagen inviterte til debatt om ytringsklima og varslingsrutinar fredag 5. november.  

DISKUTERTE YTRINGSKLIMA: Frå venstre: Ole Martin Nodenes, Hans Petter Graver og Ragnhild Hennum.

Foto: Martin Toft

I panelet sat Ole Martin Nodenes, som er leiar for Arbeidsmiljøutvalet ved UiO (AMU), dekan Hans Petter Graver ved Det juridiske fakultetet, viserektor Ragnhild Hennum, leiaren for Studentparlamentet, Aksel Braanen Sterri, instituttleiar Morten Dæhlen ved Institutt for informatikk og filosof Anne Rose Røsbak Feragen frå Humanistisk Akademi. Debattleiar var Aslak Bonde.

– Lojalitetsplikt til samfunnet

Jussdekan Hans Petter Graver meinte at spørsmålet om varsling var svært vanskeleg.

– I dag er det to tendensar i offentleg forvalting, inkludert UiO. På den eine sida blir det lagt stadig større vekt på ytringsfridomen både i grunnlova og i offentleglova. På den andre sida er det ein tendens til å sentralisere og koordinera informasjonsverksemda fordi den blir sett på som eit leiingsverktøy. Også det skjer ved UiO. Desse to tendensane står i klar motsetning til kvarandre, meinte han.

– Ein offentleg tilsett har lojalitetsplikt overfor leiinga, blir det sagt, men eg meiner lojalitetsplikta må gjelda overfor det allmenne samfunnet. Ei leiing kan ikkje krevja lojalitet dersom det handlar om lovbrot eller dårlege arbeidsforhold. Samtidig har ei sak ofte fleire sider. Varsling er i alle fall lite tenleg i personal- og konfliktsaker, sa jussdekanen.

– Ser seg som taparar

Leiaren for Arbeidsmiljøutvalet ved UiO, Ole Martin Nodenes tykte at varslingsrutinane teknisk sett fungerte fint.

– Varslarane har for store forhåpningar til kva som vil skje. Derfor ser dei seg sjølve som taparar om det ikkje hender noko i løpet av ein kort periode. Dei som skal varsla må både tenkja gjennom når dei skal varsla, korleis dei skal gå fram og kva arbeidsgjevaren vil gjera med ei varsling. Og dei som varslar, må få tilbakemeldingar om korleis saka står, elles kan dei bli frustrerte og konflikten kan eskalera, slo han fast. Nodenes var overtydd om at det aller beste er om ein konflikt blir løyst på lågast mogleg nivå

– Me vil alle ha ei stor takhøgd på universitetet fordi kritikk og ytringar er ein naturleg del av verksemda vår. Det er viktig å koma med konstruktiv kritikk utan å såra personar, understreka han.

– Få ned terskelen!

Viserektor Ragnhild Hennum var einig i at det var viktig at problem blei tatt opp så tidleg som mogleg.

– Me må kunna seia ifrå før ting blir for ille. Det vil seia at me også må få ned terskelen for når me skal seia ifrå. Slik kan me få ned konfliktnivået. Eg trur varslingsrutinane våre er gode nok, men me treng andre måtar på å få konfliktane fram i dagen på, meinte Hennum.

– Dårleg signal

Leiaren for Studentparlamentet, Aksel Braanen Sterri, lurte på kva som var ille nok.

– Haldninga må vera at ingenting er for dumt til å bli tatt opp. Evaluering og kritikk må bli sett på som verktøy for å gjera studiekvaliteten betre. Når studentar ved Det odontologiske fakultet klagar på mangelen på hanskar og munnbind, får dei beskjed frå fakultetsleiinga om at det ikkje er bra. Det er eit dårleg signal å senda ut, syntest Sterri.

– Fagleg kritikk kan bli personåtak

For instituttleiar Morten Dæhlen ved Institutt for informatikk var trivsel nøkkelordet.

– Dei som trivst på ein arbeidsplass, er også dei som gjer den beste jobben. Men om det er eit par personar som ikkje trivst, får det store negative ringverknader, hadde han erfart. Dæhlen fortalde at varsling aldri hadde skjedd utanom dei systema som instituttet hadde etablert.

– Over ein lengre periode fann me ut at det var naudsynt å undersøkja 30 varslingar grundig. Etter ei stund stod me igjen med halvparten av dei, som det viste seg at det var noko reelt ved. Då dei også var undersøkte nøye, sat me til slutt igjen med mellom tre og fem alvorlege saker.

– Det er viktig å unngå at desse sakene hamnar hos meg for tidleg. Dei må først handterast av førstelinjetenesta, var rådet hans. Dæhlen peika også på tre ulike typar saker som gjekk igjen:

– Det er fagleg kritikk som utartar til personåtak, seksuell trakassering og kulturkonfliktar på grunn av mange utanlandske studentar og forskarar. Dei kulturelle skilnadene skaper problem fordi nokre av dei har eit anna kvinnesyn enn det som er akseptert i Noreg, trekte han fram.

– Nokon ser det

DISKUTERTE YTRINGSKLIMA: Frå venstre: Aksel Braanen Sterri, Morten Dæhlen og Anne Rose Røsbak Feragen. (Foto: Martin Toft)

Filosof Anne Rose Røsbak Feragen meinte det kunne ha dukka opp endå fleire konfliktsaker enn det gjer.

– Viss nokon ser at noko held på å gå gale på ein arbeidsplass, er det nokon som ser det og som veit om det. Det kan godt samanliknast med dei pensjonerte politimennene som overvaka nordmenn på oppdrag frå Den amerikanske ambassaden. I eit godt ytringsklima må det vera eit godt rom for kritikk og for innvendingar. Men det skal heller ikkje vera slik på ein arbeidsplass at ein aldri blir nøgd. Då blir det for negativt. Det verste dømet på å hindra kritikk, var overlegen som kylte den tingen som stod nærast han mot den personen som vågde å kritisera han. Det blei fort slutt på kritikken, fortalde ho.

Røsbak Feragen talte også varmt for sjefen som meinte at dei nytilsette såg betre kva som var bra og kva som var mindre bra på ein arbeidsplass.

– Seks veker seinare heldt han ein ny samtale med denne personen om kva vedkomande hadde observert. Det synest eg er prisverdig, sa ho.

– Føydale strukturar

Både Hans Petter Graver og Ragnhild Hennum minna om at dei vitskaplege tilsette er maktpersonar for studentane.

 Me sensurerer dei og bestemmer framtida deira. Det er klart at me har makt. Og rettleiarsystemet vårt gjer at det er eit topersonsforhold over lang tid, konstaterte Graver.

– Det er litt føydale strukturar på universitetet på grunn av fagfellevurderingar og maktrelasjonen mellom stipendiaten og rettleiaren. Me treng betre rutinar for at dette systemet skal bli betre, kvitterte Hennum med.

– Eg føler ikkje at eg har mykje makt som jussprofessor, men eg er faktisk ein maktperson overfor den som eg rettleier. Som tilsette har me full ytringsfridom, men fridomen går ikkje lenger enn til der den andre personen føler eit ubehag, slo viserektoren fast.

Forbod mot jobbdebatt på e-post

Ved Institutt for informatikk har dei allereie innført ordningar for god debattskikk.

– Det er strengt forbode å diskutera jobben til kollegaer på e-post. Årsaka er at det nesten alltid går gale. E-postane kjem på avvegar. Då ber eg dei heller om å snakka saman ansikt til ansikt på same rom, fortalde Dæhlen.

Jussdekan Hans Petter Graver tykte at nokon måtte tola kritikk meir enn andre.

– Maktpersonar og leiarar må finna seg i meir kritikk enn andre. Også lærarar bør akseptera det frå studentar. Det må ein lærar læra seg. Viss det kjem kritikk mot ein professor, må det bli tatt alvorleg, slo han fast.

Rundt 60 personar fann vegen til Auditorium 1 i Georg Sverdrups hus for å få med seg debatten om varsling.


 

Emneord: Arbeidsforhold, Arbeidsmiljø, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 8. nov. 2010 15:35 - Sist endra 9. nov. 2010 15:08
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere