Opprettar 2200 nye studieplassar

Regjeringa foreslår at det blir oppretta 2200 nye studieplassar frå hausten 2011. UiO får 210 av plassane. – Dette set oss i stand til å møta utfordringane i framtida, seier statsråd for høgare utdanning, Tora Aasland.

TRENGST: – Det finst ikkje noka anna yrkesgruppe som me treng så mange av som lærarar, sa statsråd Tora Aasland då ho i går presenterte regjeringa sitt budsjettforslag for 2011.

Foto: Ola Sæther

På pressekonferansen etter at statsbudsjettet var lagt fram, peika statsråd Tora Aasland på at regjeringa med dette tiltaket, vil ha etablert 18 000 nye studieplassar frå 2009-2015.

Lærarutdanninga får 375 nye plassar, rundt 50 av dei vil gå til Universitetet i Oslo. Det blir også 200 nye studieplassar i helse- og sosialfag, 280 til realfag og teknologi om rundt 190 i jus. Dessutan kjem regjeringa med framlegg om å løyva midlar til 1140 strategiske studieplassar som universiteta og høgskulane sjølve kan nytta slik dei vil sjølve.

– Treng fleire og betre lærarar

– Innsatsen for å motverka fråfallet i vidaregåande utdanning skal trappast kraftig opp, lova kunnskapsminister Kristin Halvorsen. Ho peika på at fullført vidaregåande opplæring er heilt avgjerande for at ungdom skal stå godt rusta i møtet med arbeidsliv og vidare utdanning.

– Det finst ikkje noka anna yrkesgruppe som me treng så mange av som lærarar. Me treng difor både fleire og betre lærarar i framtida, understreka Tora Aasland.

– Eit døme på at regjeringa prioriterer lærarutdanninga, er at den er plassert i ein kategori som fører til ei betre finansiering av dette studiet, sa Aasland. Ho vedgjekk at Kunnskapsdepartementet hadde vore inne på tanken om å revidera heile kategoriseringsordninga.

– Målet var å endra ordninga og redusera talet på kategoriar. Til slutt konkluderte me med at det ville vera for vanskeleg og komplisert å få til no, slo ho fast på spørsmål frå Uniforum.

1000 nye studentbustader

Ho er også godt nøgd med at regjeringa har funne plass til 235 millionar kroner som skal øyremerkast bygging av 1000 nye studentbustader.

– Å trykkja på vidare for å få bygd studentbustader er viktig for å sikra at fleire får høve til å studera, meinte ho. Også kunnskapsminister Kristin Halvorsen var opptatt av studentvelferd.

– Me treng ei levekårsundersøking blant studentane. Det kan bli utgangspunkt for ny kunnskap om studentlivet og studielivet. Det er også interessant at nokre studentar har tatt opp spørsmålet om innføring av studieavgifter, tykte Halvorsen.

80 milliardar i forskingsfondet

Forskingsinfrastrukturen skal styrkjast med 280 millionar kroner. Den opne konkurransearenaen for framifrå forsking får styrkt budsjettet sitt med 60 millionar kroner.

Tora Aasland lova også at det vil bli løyvd pengar til etablering av sju nye senter for forskingsdriven innovasjon (SFI). Kapitalen i Fondet for forsking og nyskaping blir foreslått auka med 3 milliardar kroner. Det vil seia at den samla kapitalen i fondet vil koma opp i 80 milliardar. Viss renta held seg på det same nivået som i dag, kjem det nye kapitalinnskotet til å gi ein auke i løyvingane til forsking på om lag 100 millionar kroner frå 2012, står det i pressemeldinga frå Kunnskapsdepartementet.

Den samla offentlege finansieringa av forsking og utvikling vil bli på om lag 24,3 milliardar kroner i 2011, når Skattefunn blir tatt med. Dette er ein nominell vekst på 550 millionar kroner eller 2,5 prosent i høve til 2010-budsjettet. Det samsvarar i stor grad med lønns- og prisveksten i år.

– For at Noreg skal kunna møta dei samfunnsutfordringane me står overfor, er det avgjerande at me legg til rette for nyskapande forsking av høg kvalitet, sa Aasland.

Universitetet i Oslo har fått ei løyving på 45 millionar kroner til fase 2 av rehabiliteringa av sentrumsbygningane.

– Det er eg glad for, og både me og Universitetet i Oslo har store visjonar for Tullinløkka, slo statsråden fast.

 

Emneord: Forskningspolitikk, Økonomi, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 5. okt. 2010 17:42 - Sist endra 5. okt. 2010 17:57
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere