Gir ut bok om Babel-regissøren

– Det er fascinerande å sjå korleis han i filmen ”Babel” klarer å veva tre historier frå tre verdsdelar inn i kvarandre på ein meiningsfull måte. Det seier UiO-forskaren Juan Pellicer som har skrive bok om den meksikanske filmregissøren Alejandro González Iñárritu.  

BOK OM FILM: Førsteamanuensis Juan López Pellicer ved UiO har gitt ut bok om filmane til Mexicos mest lovande filmregissør, Alejandro González Iñárritu.

Foto: Ola Sæther

Den meksikanske filmregissøren Alejandro González Iñárritu slo gjennom internasjonalt med filmen ”Elskede kjøtere” som fekk førsteprisen på Film fra Sør-festivalen i Oslo i 2000. Seinare drog han til USA der han laga filmane ”21 gram” og ”Babel”. Alle filmane har også gått på kino i Noreg. Seinare i denne månaden vil den siste filmen hans ”Biutiful” ha premiere i Noreg.

Juan López Pellicer er førsteamanuensis i spansk og spanskamerikansk litteratur ved Universitetet i Oslo, og han brukte sabbatsåret sitt på å skriva ei bok om landsmannen sin, Alejandro Gónzalez Iñárritu. Boka har tittelen Tríptico cinematográfico – El discurso narrativo y su montaje en Amores perros, 21 gramos y Babel.

Film vs. litteratur

– Den første gongen eg såg filmen "Babel"  blei eg som vanleg filmsjåar imponert over korleis han klarer å få folk i Tokyo, folk i grenseområda mellom USA og Mexico og folk i Marokko, som eigentleg ikkje har noko med kvarandre å gjera, til å delta i fleire ulike sekvensar og klara å sy dei saman til ein film, fortel Pellicer.

Som litteraturforskar er det også viktig for han å samanlikna film med litteratur.

– Den første delen av boka er difor ei teoretisk ramme rundt skilnaden på å fortelja ei historie i ei bok og i ein film. Eg ser heilt klart at Iñárritu er inspirert av filmmontasjane til den store russiske regissøren Sergei Eisenstein, som mellom anna lagde ”Panserkryssaren Potemkin”.

– Krangelen mellom Iñárritu og manusforfattaren hans om kven som eigentleg er forfattaren av ein film, er også eit tema eg tar opp i boka mi, fortel Pellicer.

– Ein perfeksjonist

I den andre delen av boka går Pellicer inn på den meksikanske filmhistoria og plasserer filmane til Iñárritu inn i ein historisk samanheng. Boka endar med ein kritisk analyse av alle dei tre mest kjende filmane til den meksikanske filmregissøren.

– Då eg møtte han i Barcelona i fjor, blei eg slått over kor perfeksjonistisk han er. Om det var ein liten detalj i filmopptaka han ikkje hadde fått med, tok han gjerne ein ekstra tur til Los Angeles eller New York for å få det på plass. Han brukte kanske tre til fire månader på filmopptaka, medan han hadde behov for over eitt år med etterarbeid før filmen blei ferdig. Då ville han kanskje ha brukt berre 10 prosent av alle opptaka.

– Og no kan studentane dine få ei forelesingsrekkje om meksikansk film?

– Ja, det er klart dei skal få. Då blir denne boka ei av lærebøkene.

Denne veka drar han til Mexico for å delta på ein presentasjon av boka som forlaget Siglo XXI arrangerer.


 

Emneord: Litteratur (skjønn-) og forfattere, Media, Latin-Amerika Av Martin Toft
Publisert 4. okt. 2010 14:08 - Sist endra 4. okt. 2010 15:06
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere