UiO-studentar: – Podkast er nyttig

Seks av ti studentar på Universitetet i Oslo seier at podkastane i stor grad har vore til nytte. Det viser ei ny spørjeundersøking. – Nei, eg brukar ikkje podkast. Eg trivst best med å ta gode notatar på forelesingane, seier sosiologistudent Martha Helgeland.  

BRUKAR IKKJE PODKAST: – Ingen skal få meg til å gå heim og lytta på ei forelesing på podkast om kvelden. Det kjenner eg ikkje behov for, seier sosiologistudent Martha Helgeland.

Foto: Ola Sæther

Studentundersøkinga viser at sju av ti studentar brukte podkastane som repetisjon før eksamen. Litt over halvparten av dei spurde, 56 prosent lytta til podkastane for betre å forstå det som var vanskeleg å få med seg på forelesinga. 55 prosent av studentane har lytta til meir enn halvparten av podkastane. Undersøkinga viser at det studentar som tar kristendom og sosiologi som i størst grad har brukt podkast.

Det er Digitale medium i læring ved Universitetets senter for informasjonsteknologi (USIT) som står bak undersøkinga.

– Går heller på forelesingar

– Ingen skal få meg til å gå heim og lytta på ei forelesing på podkast om kvelden. Det kjenner eg ikkje behov for. Nei, eg likar mykje betre å koma inn i ei fast rutine med å gå på forelesingar og ta gode notatar. Det er viktigare for meg enn å pløya gjennom alle pensumbøkene. Dessutan er det også mogleg å lesa nokre forelesingar på Powerpoint i etterkant, seier sosiologistudent Martha Helgeland på 29 år. Sjølv trur ho at hennar haldning kan ha noko med alder å gjera.

– Kjærasten min er langt yngre enn meg, og han er heilt for bruk av podkast. Dei beste forelesarane eg har hatt, er dei som klarer å vera heilt uavhengige av både Powerpoint og andre hjelpemiddel. Eg har heller ikkje med meg ei berbar datamaskin på universitetet, slik som mange andre har, vedgår ho.

Ein fordel for nokre studentar

Sosiologistudenten ser at det kan vera nyttig for andre studentar.

– Ja, først og fremst for dei som har spesielle behov på grunn av ulike funksjonshemmingar. Og sjølvsagt er det ein stor fordel for dei som tar fag ved Universitetet i Oslo, men som bur langt utanfor byen.

– Så du deltar ikkje i postkortaksjonen for å få fleire forelesarar til å leggja forelesingane sine på podkast?

– Nei, eg føler ikkje at det er heilt meg, seier ho.

Få droppar forelesingane

Undersøkinga viser også at berre 7 av 100 studentar hadde kvidd seg for å stilla spørsmål på forelesinga, fordi dei visste at det blei tatt opptak av den. Berre fire av 100 studentar hadde droppa forelesinga meir enn fire gonger fordi dei hadde forelesinga på podkast.

Det store fleirtalet av studentane, 77,1 prosent, hadde aldri droppa forelesinga, sjølv om dei visste at den også ville vera tilgjengeleg på podkast.

I undersøkinga er det også 100 ulike kommentarar frå dei rundt 300 studentane som svarte på spørsmåla. Fleire av dei var svært positive.

”Jeg brukte podcastene fordi forelesningene var veldig kompakte, og av høy kvalitet. Det var veldig nyttig å høre forelesningene igjen lenger ute i semesteret når jeg hadde jobbet mer med stoffet.”

”Et utrolig bra tilbud! Jeg har på grunn av problemer med samsynet vanskeligheter med å lese lenge av gangen. Derfor er det til stor hjelp for meg at vi har fått muligheten til å lytte til forelesninger flere ganger."

 

Podkastpionerar snakkar saman

I morgon 29.september startar også podkastkonferansen ”Læring rett i lomma”  i Forskingsparken ved Universitetet i Oslo. Bakgrunnen for den to dagar lange konferansen er at UiO ynskjer å oppmuntra til bruk av ny teknologi for å heva studiekvaliteten.

Nasjonale og internasjonale podkastekspertar vil då leggja fram røynslene sine med læringsutbyte, med ulike tekniske løysingar og med ting som har å gjera med opphavsrett.

Både Mara Hancock frå Berkeley-universitetet og Marianne Talbot frå Oxford-universitetet vil fortelja om sine røynsler med podkast. Det vil også Hilde Kanli Galtung frå Det odontologiske fakultetet ved UiO. Det er stor interesse for konferansen, som allereie er fullteikna, opplyser kommunikasjonsrådgjevar Christine Forsetlund Solbakken ved USIT til Uniforum.

 

Emneord: Internasjonalisering, Studentforhold, USIT, Undervisning Av Martin Toft
Publisert 28. sep. 2010 14:32 - Sist endra 28. sep. 2010 15:15
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere