Tar strupetak på britiske universitet

No råkar den økonomiske krisa også dei britiske universiteta. Dei må rekna med budsjettkutt på 35 prosent. Verre har dei ikkje hatt det sidan depresjonen i 1930-åra, skriv nettutgåva til Daily Mail.  

KRISE: University of Oxford vil lite truleg sleppa unna dei økonomiske nedskjeringane den britiske regjeringa har varsla.

Foto: Ola Sæther

Kutta skal skje over ein fireårsperiode. Frå studieåret 2010-11 vil universiteta få eit kutt på 4,49 milliardar kroner, foresIått av regjeringa til Gordon Brown. I tillegg kjem kutt i årets budsjett på 2,1 milliardar kroner, varsla av koalisjonsregjeringa til David Cameron. I dag får kvart universitet utbetalt 7000 pund for kvar student frå regjeringa. Studenten betaler tilbake halvparten av dette, 3225 pund, i studieavgifter. Både studentane og universiteta må rekna med å få langt mindre pengar å rutta med i framtida.

Må betala meir for mindre

Kvar student må truleg betala meir for eit dårlegare tilbod, fryktar ekspertar på høgare utdanning. I første omgang må dei rekna med å få undervisning i overfylte auditorium, og dei vil merka at biblioteka og PC-stovene vil bli nedpriorterte av universiteta. Langt fleire av dei vil berre kunna ta nettstudium. Mange fagtilbod vil også bli sterkt reduserte eller bli kutta ut, seier talspersonar for universiteta.

For å kompensera for dei tapte inntektene, vil dei britiske universiteta truleg rekruttera studentar frå utlandet som vil koma til å betala godt for seg. Den store taparen blir det britiske samfunnet og dei store ungdomskulla som ikkje får tilbod om høgare utdanning.

200 000 utan studieplass

I fjor søkte 640 000 ungdommar om ein studieplass ved britiske universitet, og 482 000 av dei fekk eit fagtilbod. I år må rundt 200 000 av søkjarane rekna med å stå utan studieplass. Det er langt fleire enn nokon gong før.
Labour-regjeringa til Gordon Brown, lovde at dei britiske universiteta skulle få 20 000 nye studieplassar i naturfag, ingeniørfag og matematikk. Den konservativ-liberale koalisjonsregjeringa til David Cameron har redusert denne lovnaden til 10 000 nye studieplassar. Universiteta vil på årets budsjett difor få eit kutt på 211 millionar pund, altså 2,1 milliardar kroner, samanlikna med budsjettet som blei lagt fram av den førre regjeringa.

4,49 milliardar i kutt

Men frå og med neste år blir kutta endå tøffare. Då må universiteta til saman redusera budsjetta sine med 449 millionar pund, altså 4,49 milliardar kroner, ifylgje BBC. Dette kuttforslaget blei presentert av Labour-regjeringa til Gordon Brown etter den verdsomfemnande økonomiske krisa i 2009.

Tidlegare hadde universiteta hatt gode tider under Labour-regjeringa. Dei fekk ein samla auke i løyvingane sine på 25 prosent frå 1997 til 2009. Kuttforslaget blir ført vidare av dagens regjering, i tillegg til at den altså berre vil oppretta halvparten så mange nye studieplassar som regjeringa til Gordon Brown lovde.

I dag har dei britiske universiteta eit samla budsjett på 25,4 milliardar pund, altså 250,4 milliardar kroner i året. 29 prosent av dette betaler utanlandske studentar og doktorstudentar i studieavgifter. 35 prosent av budsjetta kjem frå statlege overføringar, medan den siste potten med pengar kjem frå forskingsstipend, investeringar og legat.

Engelske studentar må betala 3225 pund i året i studieavgifter. Dette blir først betalt til universiteta av regjeringa, og når studenten er ute i arbeidslivet og har begynt å tena over 15 000 pund, må han eller ho gjennom skattesystemet begynna å betala desse studiepengane tilbake til staten.

Vil dobla studieavgifta

No er det kome forslag om at kvar student bør begynna å betala 7000 pund i året i studieavgifter. Dette er forslag som har kome opp i eit utval Labour-regjeringa sette ned for å gå gjennom finansieringa av dei britiske universiteta. Utvalet er leidd av den tidlegare BP-sjefen Lord Brown. Konklusjonen vil truleg bli lagt fram seinare i haust. I oktober vil finansminister George Osborne kunngjera dei endelege kuttforslaga på løyvingane til dei britiske universiteta.

(Kjelder: MailOnline, BBC News, The Guardian) 
 


  

 

Emneord: Internasjonalisering, Storbritannia Av Martin Toft
Publisert 3. sep. 2010 09:46 - Sist endra 3. sep. 2010 10:12
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere