Lita forandring kan styra overlevingsevna til gonorébakterien

Ei forandring i ein av dei 2,5 millionar byggjesteinane i arvematerialet i dei to bakteriane som gir gonoré og hjernehinnebetennelse, kan forklara kvifor dei to nesten like bakteriane kan infisera og leva på ulike delar av menneskekroppen og gi to heilt ulike sjukdomar, Det har UiO-forskarane Marina Aspholm og Finn Aas vore med og oppdaga.  

NY BEHANDLING: – Ei auka forståing av korleis bakteriane overlever, kan vera eit lite stykke på veg mot å utvikla ein annan måte å behandla desse sjukdomane på enn ved bruk av antibiotika, seier forskarane Marina Aspholm og Finn Aas ved Institutt for molekylær biovitskap, UiO.

Foto: Ola Sæther

Gonorébakterien Neisseria gonorrhoeae og bakterien som gir hjernehinnebetennelse, Neisseria meningitidis har felles opphav og er i nær slekt. Den første lever som kjent rundt kjønnsorgana til menneska, medan den andre lever i dei øvre luftvegane.

Til no er det ingen som har funne årsaka til at desse to bakteriane lever på ulike stader på kroppen og gir to heilt ulike sjukdomar. Arbeidet som mellom andre forskarane Finn Aas og Marina Aspholm ved Institutt for molekylær biovitskap ved UiO har gjort, kan no kanskje gi oss ein del av svaret på dette.

Genetisk endring

– Den viktige genetiske endringa som me har oppdaga, sit i ein gen av bakterien som er viktig for den evna bakterien har til å omdanna energi. Denne endringa har difor mykje å seia for kor stor evne den har til å overleva og formeira seg på stader der det er avgrensa tilgang til surstoff (oksygen), slik som ute i vevet i menneskekroppen, fortel Aas og Aspholm.

Bakterien som kan gi hjernehinnebetennelse, er ein del av den normale bakteriefloraen i dei øvre luftvegane hos femten prosent av alle menneske og blir overført med dropesmitte, medan gonorébakterien blir overført seksuelt. Den førstnemnde bakterien kan av ukjende årsaker gå gjennom blodet til hjernen og gi hjernehinnebetennelse, som i verste fall kan føra til døden. Gonorébakterien er litt mindre alvorleg og kan enkelt behandlast med antibiotika.

Kan gi annan medisin

– Kva konsekvensar kan denne oppdaginga få?

– Ei auka forståing av korleis bakteriane overlever, kan vera eit lite stykke på veg mot å utvikla ein annan måte å behandla desse sjukdomane på enn ved bruk av antibiotika. På grunn av den utstrekte bruken av antibiotika, er det viktig å utvikla medisin som kan vera eit alternativ. Dessutan kan det å forstå dei grunnleggjande mekanismane for korleis sjukdomsgjevande bakteriar utviklar seg frå ufarlege bakteriar, hjelpa oss til å føresjå kva som kan henda i framtida, seier Aas og Aspholm.

Samarbeid med Rikshospitalet og britiske forskarar

Forskingsresultatet kom dei fram til gjennom laboratorieforsøk med dei to bakteriane. Forskingsresultata er publiserte i det velrennomerte tidsskriftet PLoS Pathogens.

Det er professor Michael Koomey som leier forskargruppa som har utført dette arbeidet. Det har dei gjort i samarbeid med forskargruppa til professor Tone Tønjum på Rikshospitalet, professor Martin C. J. Maiden, University of Oxford og professor James Moir, University of York. Forskinga er finansiert av Forskingsrådet, Institutt for molekylær biovitskap og Senter for molekylærbiologi og nevrovitskap (CMBN). EMBO Long-Term Fellowship finansierte delvis forskinga til Marina Aspholm.
 

 

 

Emneord: Biologi, Medisin, Forskning Av Martin Toft
Publisert 15. sep. 2010 10:09 - Sist endra 15. sep. 2010 10:52
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere