print logo

Brukar arkitektur i ny læringsteknologi

Ved hjelp av eit berøringsbord skal elevar i sjuande klasse arbeida som arkitektar og planleggja eit kulturbygg i lokalmiljøet. Ny læringsteknologi skal bli resultatet av samarbeidet mellom InterMedia, Nasjonalmuseet og arkitektfirmaet Snøhetta.  

SKAL TEIKNA KULTURBYGG: Sjuandeklassingar skal bruka dette berøringsbordet for å planleggja eit kulturbygg i lokalmiljøet, forklarar Palmire Pierroux frå InterMedia ved UiO, Anne Qvale og Stine Elisabeth Johansen frå Nasjonalmuseet og dataingeniør Anthony Perritano frå InterMedia ved UiO.

Photo: Ola Sæther

I lokala til InterMedia ved Universitetet i Oslo held dei på å utvikla eit unikt opplæringsprosjekt i nært samarbeid med Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design og arkitektfirmaet Snøhetta.

– Planen er å få alle sjuandeklassingar i Noreg til å delta i eit to dagar langt prosjekt der dei skal finna ei tomt i lokalmiljøet som dei skal plassera eit kulturbygg på. Og då håpar me at me etter kvart skal få det med som ein del av tilbodet i Den kulturelle skulesekken, seier prosjektleiar Palmyre Pierroux ved InterMedia.

Nasjonalmuseet stiller med eit massivt, høgteknologisk berøringsbord, som kan samanliknast med ein gigantisk Iphone. I dette prosjektet vil det bli den viktigaste arbeidsreiskapen for elevane.

Munchrommet og Snøhetta

– Me håpar å få utvikla fleire interaktive læringsprogram til dette bordet gjennom samarbeidet med InterMedia. Det me lærer gjennom denne berøringsteknologien, skal seinare mellom anna kunna overførast til forskingsprosjekt knytte til Munchrommet i Nasjonalgalleriet, fortel spesialrådgjevar Anne Qvale i Nasjonalmuseet.

Palmyre Pierroux tok kontakt med Nasjonalmuseet i samband med at dei skulle søkja om pengar frå Forskingsrådets program for IKT-forsking (VERDIKT) .

– Då fann me fort ut at arkitektur ville vera eit tema som me i fellesskap kunne utvikla eit interaktivt, pedagogisk opplegg rundt. Og då var det også naturleg å ta kontakt med Snøhetta og bruka deira arbeidmetodar under planlegginga av Den Norske Opera og Ballett som modell. Det har me no gjort, påpeikar dei to.

Ullevål skole blir testskule

Prosjektet har no kome så langt at Ullevål skole i Oslo kan ta til med prøveprosjektet frå 24. til 26. oktober.

– Dei skal då ta utgangspunkt i ei tomt som ligg på Tørtebergjordet ved sida av Chateau Neuf. Oppgåva blir å planleggja og teikna eit kulturbygg. Elevane blir delte inn i fire grupper som skal sjå på miljøet, plasseringa av tomta i høve til områda rundt, bruksspørsmål og inspirasjon. Alle gruppene skal ta bilete av det dei observerer med eit spesialkamera som sender bileta direkte til harddisken til berøringsbordet, forklarar Pierroux.

3D-modellar

Men arbeidet er langt frå ferdig med det.

– Etter at dei har vore på synfaring på tomta, skal kvar gruppe samarbeida om å finna ei form til kulturbygget ved hjelp av tredimensjonale modellar i skala 1:200. Bordet skal brukast til å presentera prosjekta ved hjelp av dei bileta dei har tatt av modellen og kunnskapen dei har skaffa undervegs, fortel prosjektleiaren.

Alle bileta kan dei med fingrane flytta hit og dit på berøringsbordet. Dei kan gjera dei større og mindre, slik som dei truleg er vande med frå bruken av annan berøringsteknologi.

– Elevane skal samarbeida om å finna ut korleis bilete og tekst kan passa saman, for å kommunisera korleis dei har tenkt å designa kulturbygget. Formålet med samarbeidet elevane imellom på berøringsbordet, er at dei skal formidla og presentera den felles løysinga deira på utforminga av både bygningen og utemiljøet. Då vil dei finna ut at ein arkitekt alltid jobbar mot eit kompromiss, konstaterer Qvale.

Samarbeid og argumentasjon

Dei er heilt sikre på at dette prosjektet skal kunna passa inn i undervisningsplanen til skulen.

– Det blir knytt til mange fag i læreplanen. Den pedagogiske modellen motiverer dei til å bruka argumentasjon for å overtyda dei andre om at det er viktig å ta med deira forslag i planen. I argumentasjonen skal dei ta i bruk kunnskap om det spesialområdet dei har jobba med. Samarbeid og argumentasjon blir dermed nøkkelorda for elevane. To dagar skal det ta frå prosjektet blir sett i gang til elevane har klar ein ferdig utforma plan, fortel Pierroux.

Når ei rad skular i alle landets fylke er blitt med på prosjektet, håpar dei å gjera krus på elevane.

– Då skal Nasjonalmuseet og Snøhetta arrangera ein konkurranse mellom alle skulane og kåra det beste prosjektet, lovar dei to.

– Kva blir det vitskaplege utbytet av dette prosjektet?

– Det blir kunnskap om korleis nye digitale reiskapar og teknologiar saman kan brukast til å støtta samarbeid på tvers av heilt forskjellige samanhengar. Me prøver å sprengja grensene for korleis berøringsteknologi kan utviklast til bruk i ein læringssituasjon, seier Pierroux.

– Banebrytande prosjekt

Frå Berkeley-universitetet har dei fått tak i Anthony Perritano, som er dataingeniør og ekspert på å utvikla programvare til slike berøringsbord.

– Dette er eit banebrytande prosjekt som eg er glad for å vera med på utforskinga av, seier Perritano.

Prosjektleiar Pierroux har presentert forskingsideen på fleire konferansar og InterMedia er ein del av eit større nettverk med forskarar som arbeider med berøringsteknologi som eit nytt pedagogisk læremiddel.

– Forsking på pedagogisk bruk av ny læringsteknologi blir resultatet for InterMedia, medan uvikling av eit forskingsbasert tilbod i Den kulturelle skulesekken som også har overføringsverdi til andre utstillingar og andre publikumsgrupper, er viktig for Nasjonalmuseet, seier ho.

 

 

Emneord: Det utdanningsvitenskapelige fakultet, Undervisning Av Martin Toft
Publisert 23. sep. 2010 14:54 - Sist endra 23. sep. 2010 15:08
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere