UiO får truleg hjernestudium

Fleire fagmiljø ved UiO startar i fellesskap eit masterstudium i nevrovitskap. Studentane skal studera korleis nervecellene og nervesystemet er bygde opp og korleis elektriske og kjemiske signal i hjernen kan laga kjensler, tankar og åtferd. Viss planen blir endeleg vedtatt, vil dei første studentane vera på plass frå vårsemesteret 2011, opplyser medisinprofessor Johan F. Storm til Uniforum.   

STARTAR HJERNESTUDIUM: – Tanken er at studentane skal få ei så brei undervisning som mogleg innanfor alt som har å gjera med hjernen, seier medisinprofessor Johan F.Storm. Neste vår startar hjernestudiet på UiO.

Foto: Martin Toft

Det er dei sterke tradisjonane Universitetet i Oslo har innanfor hjerneforsking, som forskarkrefter på tvers av fakultet og fagmiljø, no ynskjer å utnytta, slik at det også vil vera mogleg å tilby eit masterstudium innanfor dette temaet. Studiet vil bli ein realitet frå januar 2011, og det vil bli lagt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet. I første omgang vil studiet ha plass til rundt 25 studentar.

Sterke fagmiljø

– Fag som nevrofysiologi, nevroanatomi, nevrokjemi, molekylærbiologi, psykologi og nevrofilosofi står alle sterkt i fleire ulike fagmiljø ved UiO. Dei er også representerte gjennom to senter for framifrå forsking, eitt på Det medisinske fakultetet og eit anna på Det humanistiske fakultetet. Målet er at fagmiljø ved medisin, biologi, psykologi og biokjemi/nevrokjemi skal kunna bringa kunnskapen vår vidare til studentane gjennom eit masterstudium i nevrovitskap, fortel initiativtakar og medisinprofessor Johan F. Storm til Uniforum.

Han viser til at Psykologisk institutt allereie har eit masterstudium i kognitiv nevrovitskap, og at forskarar innanfor basale og kliniske, nevrovitskaplege mijø allereie samarbeider gjennom Gaustad Neuroscience Network.

– For om lag 15 år sidan hadde medisinprofessor Joel Glover ansvaret for eit kurs i nevrofag ved Institutt for medisinske basalfag .Forskar Marie-Claude Perreault leier dessutan eit mindre forskarkurs innanfor det same temaet, peikar han på.

Fagfolk frå heile universitetet

– Kva er det som gjer det så viktig å få til eit tverrfagleg masterstudium i nevrovitskap no?

– For det første har det dei siste åra vore ein eksplosiv vekst ikkje berre i nevrovitskapen sjølv, men også i interessa for nevrovitskap innanfor mange andre fag. Hjernefunksjonane er på eit vis grunnlaget for all menneskeleg aktivitet, og alle fag, ikkje berre dei faga som direkte studerer hjernen og dei tankane, kjenslene og åtferda som hjernen produserer, som til dømes grunnleggjande nevrovitskap, nevrologi, psykiatri og psykologi, understrekar Storm.

– Også filosofane, økonomane, lingvistane og juristane har etter kvart innsett meir og meir at presis kunnskap om hjernen er viktig for faga deira. Me har difor fått nye fagdisiplinar som nevroøkonomi og nevroetikk. Dette har sjølvsagt samanhengmed den raske utviklinga i nevrovitskapen dei siste tiåra. Det har gjort det mogleg å måla til dømes kvar i hjernen det er stor aktivitet når ein tar etiske og økonomiske val, gjer matematiske utrekningar eller har religiøse opplevingar, seier Storm.

Omfattar også statsvitskap og litteraturvitskap

Han er ganske viss på at andre fag også vil ha nytte av den kunnskapen.

– Eg trur at nevrovitskap etter kvart vil visa seg å vera relevant også for eit endå breiare spekter av andre fag, frå sosiologi, statsvitskap og historie til litteraturvitskap og kriminologi. Og at hjerneforskinga etter kvart til og med kan kasta lys over vår eiga tenking innanfor filosofi, idéhistorie, fysikk, kjemi og matematikk. Våre grunnleggjande idear og intuisjonar om til dømes tal, rom og tid, skuldast representasjonar i hjernen som kan vera både medfødde og tillærde, peikar han på.

– Må ikkje bli ei sinke

Dette er komiteen som har planlagt masterstudiet i nevrovitskap:

- Johan Storm, (CMBN) og Fysiologisk avdeling, Institutt for medisinske basalfag, MED
- Olav Sand, Institutt for molekylær biovitskap, Det matematisk- naturvitskaplege fakultet
- Bjørnar Hassel, Nevrologisk avdeling, Rikshospitalet.
- Olav Gjelsvik, Centre for the Study of Mind in Nature (CSMN) og Institutt for filosofi, idé- og kunsthistorie og klassiske språk, HF
- Linda Bergersen, Centre for Molecular Biology and Neuroscience (CMBN )og Anatomisk avdeling, Institutt for medisinske basalfag, MED 
 

– For det andre ser me at mange andre universitet allereie har starta tverrfaglege masterstudium i nevrovitskap, og UiO må ikkje bli ei sinke i denne utviklinga. Det er eit paradoks at UiO som har særleg sterke tradisjonar i hjerneforsking gjennom meir enn hundre år, frå Nansen og Guldberg til Per Andersen, Jan Jansen, Terje Lømo og yngre forskarar, ikkje allereie har eit slikt masterprogram. I samtalar med Olav Sand har me begge vore heilt einige om at tida eigentleg er overmoden for å starta dette no.

– Kva har de gjort så langt for å starta eit tverrfagleg masterstudium i nevrovitskap?

– Me ser at det er viktig å vera tidleg ute med å trekkja fagfolk frå heile universitetet som er opptatt av korleis hjernen fungerer og som kan ha nytte av eit slikt tverrfagleg tilbod, inn i planlegginga. Difor har me allereie frå starten invitert forskarar frå fag som medisin og biologi, psykologi, lingvistikk og filosofi, og me har fått god respons, konstaterer han.

– Viktig for samfunnsøkonomien

– Psykologane og filosofane kan etter kvart bidra til studiet med den store kunnskapen sin om teoriar og idear om menneskesinnet. Men først er det heilt grunnleggjande at studentane får ei systematisk og grundig opplæring i det naturfaglege, biomedisinske grunnlaget for nevrovitskapen, frå biokjemi, molekylær- og cellebiologi, til nevroanatomi og nevrofysiologi. Døme frå kliniske fag som nevrologi kan me så bruka til å illustrera kva som skjer når dei normale mekanismane sviktar.

– Dessutan kan me fortelja om kor viktig kunnskapen om nervesystemet og hjernen er for kvar og ein og for samfunnet. Etter kvart som folk lever lenger, råkar sjukdomar som er relatert til hjernen stadig fleire, og kunnskapen om dei blir enormt viktig både for kvart menneske og for samfunnsøkonomien. Det er nok å nemna  Alzheimers demens og Parkinsons sjukdom. Også mentale lidingar er sjølvsagt relartert til hjernen, seier Storm.

Under Jon Elsters kateter

Sjølv var han tidleg ute med å tenkja tverrfagleg.

– Då eg var medisinstudent, fylgde eg kurs i filosofi og realfag ved sida av. Mellom lærarane på filosofi som eg hugsar med glede var både Jon Elster, Nils Roll-Hansen og Herman Ruge Jervell, minnest han.

– Vil du sjølv delta i undervisninga?

– Ja, det er klart. Eg ser fram til å undervisa på dette masterstudiet. Studentane skal få ein solid naturfagleg basis i celle- og molekylærfysiologi og grunnleggjande fysiologi. Dei skal også få undervisning i åtferd og mentale fenomen. Tanken er at dei skal få ei så brei undervisning som mogleg innanfor alt som har med hjernen og resten av hjernesystemet å gjera, seier Storm. 
 

Emneord: Medisin, Studentsaker, Undervisning Av Martin Toft
Publisert 9. aug. 2010 16:18 - Sist endra 19. aug. 2010 10:25
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere