15 millionar sjåarar på 14 år

Sidan 1996 har 15 millionar sett heile eller delar av Kunnskapskanalen sine program. Berre i vårsemesteret 2009/2010 var 1,4 millionar innom sendingane på NRK 2, opplyser koordinator Arild Boman ved Intermedia.  

POSITIVE: – NRK har vore svært positive til måten det går an å laga slike program på og har invitert oss til å delta i utforminga av NRK 2 som ein utdjupings- og kunnskapskanal, fortel Arild Boman som er koordinator for Kunnskapskanalen.

Foto: Martin Toft

– Formidlingsvilkåra endrar seg. Difor er det positivt at me har ein prosess der fagmiljøa rettar seg inn mot formidling og at Universitetet i Oslo har kompetanse til å produsera. Intermedia har vore ein viktig faktor for dette, understrekar førsteamanuensis Arild Boman, som er koordinator for Kunnskapskanalen.

– Dette gir ei kontaktflate og ei styrking av måla til eit universitet, som ikkje berre er forsking og undervisning, men også formidling på framtidsretta måtar, understrekar han. Det kjem også i møte Stortinget ventar frå dei, bl.a. om digitalt bakkenett. Der står det mellom anna at "det bør reserveres kapasitet i bakkenettet for slik formidling fra for eksempel universitet og høyskoler. (..) dette vil gi tilgang til kunnskap formidlet på en ny måte både til studenter og andre interesserte".

Elektronisk kunnskapsbase

– Det er viktig at UiO utnyttar høvet til å bli ein elektronisk kunnskapsbase. UiO må no sikra, digitalisera og gjera tilgjengeleg materialet som universitetsmiljøet har produsert gjennom fleire tiår, konstaterer han.

Etter satellittsendingar frå Tv Forum, UiO frå 1987 starta Kunnskapskanalen i 1995, etter endringar i kringkastingslova, og har vakse. Alle universiteta, med unntak av eitt, og nokre høgskular er no med.

– Slik kunne me innleia eit samarbeid med NRK, og det førte til at me kunne senda program til heile landet, seier Boman.

– Stimulerande

– Det å kunna senda på fjernsyn er stimulerande for produksjons- og forskingsmiljøa ved utdanningsinstitusjonane. NRK har vore svært positive til måten det går an å laga slike program på og har invitert oss til å delta i utforminga av NRK 2 som ein utdjupings- og kunnskapskanal, fortel Boman.

Dei første sendingane denne hausten startar 28. august og på sendeskjemaet finn ein mellom anna: Forskar stand up om Knut Hamsun, vitskapsmagasin, visuell antropologi, Abelprisen og klimakonferanse frå SUM.
Sendeopplysningar finn ein på nrk.no/kunnskapskanalen


 

Emneord: Forskningsformidling, Media Av Martin Toft
Publisert 18. aug. 2010 16:06 - Sist endra 24. aug. 2010 20:55
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere