Det har eksistert eit formelt samarbeid mellom UiO og Institutt for energiteknikk (IFE) på Kjeller heilt sidan 1984. Den 1. juli skreiv UiO-rektor Ole Petter Ottersen og IFE-direktør Eva S. Dugstad under på ein rammeavtale som vil gi eit langt tettare og meir omfattande forhold mellom dei to institusjonane.
– Med denne avtalen får me ei endå større internasjonal tyngd og vil lettare kunna nytta oss av den vitskaplege infrastrukturen til EU. Det gir oss også større musklar og ressursar til i fellesskap å utvikla teknologi som skal vera med på å forandra samfunnet vårt, sa Ottersen då avtalen blei signert.
– Må påverka EU
Han var også oppteken av at Noreg måtte vera på bana der den europeiske forskingspolitikken blir utforma.
– Me må bli meir internasjonale og bli flinkare til å påverka dei politiske prosessane i Europa. Dette samarbeidet kan gjera oss sterkare innanfor miljøteknologien og påverka EU i prosessen med å utvikla nye forskingsprogram, meinte Ottersen.
Han kom også med eit lite spark til nærings- og handelsminister Trond Giske.
– Det departementet han leier lever framleis i ei råvarebasert verd, konstaterte han.
Så viste han til ein ny felles visjon saman med Institutt for energiteknikk.
– Det ville ha vore fantastisk om me i fellesskap med Handelshøyskolen BI kunne ha starta ein MBA-grad i teknologiutvikling, sa UiO-rektoren.
– Skal gjera ting smartare
Også den nytilsette administrerande direktøren ved Institutt for energiteknikk, Eva S. Dugstad brukte store ord om samarbeidet med Universitetet i Oslo.
– No tar me eit felles ansvar for at næringslivet skal vera kunnskapsrelevant og meir konkurransedyktig. Å oppretta eit slikt senter er å gjera ting smartare. Det vil også effektivisera løpet fram til ei teknisk nyvinning kan takast i bruk. Hos UiO erfortrinnet grunnforskinga, medan me har satsa mest på bruksretta forsking. Saman kan me skapa eit meir effektivt AS Noreg, trudde Dugstad.
Ho peika også på kva område UiO og IFE kunne samarbeida om.
– Både fornybar energi, energilagring, hydrogen som energikjelde, kjerneenergi og solenergi er tema me kan samarbeida om. Det er også CO2-teknologi og utviklinga av forskingssenteret European Spallation Source i Lund. Visjonen er at me skal ha felles doktorkandidatar, felles infrastruktur, felles stillingar og kunna delta i felles nasjonale og internasjonale forskingssatsingar, understreka ho.
– Best på kvalitet
Dugstad viste til at EU har satsa 60 milliardar euro på utvikling av grøn teknologi i sine forskingsprogram.
– Målet er at me skal vera best på kvalitet og vera i forskingsfronten på grøn teknologi. Birkeland senter er UiOs og IFEs svar på den strategiske forskingssatsinga, konstaterte ho.
– UiO er nyskapande
UiO-rektor Ole Petter Ottersen heldt fram med å tilbakevisa myten om UiO som ein bastion for framtidige kommune- og statsbyråkratar.
– Statistikken viser derimot at over halvparten av dei ferdige kandidatane våre går til næringslivet. UiO er nyskapande og vil også vera det i framtida. Frå 2008 til 2009 er talet på innmelde forskingsidear til Birkeland Innovasjon auka frå 61 til 118. I 2005 utgjorde UiOs innsats innanfor forsking og utvikling i teknologiområda IKT, Biotek og Nye materialar 600 millionar kroner, medan det for NTNU i Trondheim og Universitetet i Bergen utgjorde høvesvis 260 millionar og 120 millionar kroner, slo han fast.
Kalla opp etter Kristian Birkeland
Birkeland senter er kalla opp etter nordlysforskaren og Hydro-grunnleggjaren Kristian Birkeland. Tidlegare har også Birkeland Innovasjon brukt namnet hans. Men etter at Birkeland Innovasjon slo seg saman med Medinnova og tok det nye namnet Inven2, var namnet Birkeland ledig.
– Det var kjemiprofessor og instituttleiar Svein Stølen som i ein sein kveldstime lanserte det namnet, avslørte Anders Elverhøj, som er prodekan for forsking ved MN-fakultetet.
– Og det passar svært godt sidan forskingsmetoden til Kristian Birkeland og samarbeidspartnaren hans, Sam Eyde no er blitt tatt i bruk igjen i California i utviklinga av fornybar energi. Det er ikkje lenger for dyrt i høve til annan teknologi, fortalde Ottersen.
Den tidlegare administrerande direktøren for Institutt for energiteknikk (IFE), Kjell Bendiksen blir direktør for Birkeland senter.
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere