Universitetsbyråkratar på utveksling

Erasmus-programmet tilbyr no også teknisk/administrative tilsette ved europeiske universitet å delta i utveksling av tilsette.

TILBAKE: – Eg kjem gjerne tilbake på ei ny utveksling, seier Pascale Ranson til Erasmus-koordinator Trine Kvernmo.

Foto: Ola Sæther

Det kan til dømes vera å ha fellessamlingar hos eit partnaruniversitet med høve til utveksling av gode idear innanfor eit felles område.

Frå 17. mai og til pinsehelga samla UiO til saman 23 universitetstilsette frå 10 europeiske universitet. Seminaret blei innleia med 17. mai-frukost og feiring av den norske nasjonaldagen.

– Det var eit svært godt opplegg og me blei tatt svært godt imot, fortel Pascale Ranson, som arbeider med Erasmus ved Universitetet i Strasbourg i Frankrike.

Trine Kvernmo er Erasmus-koordinator ved UiO og har også vore prosjektleiar for utvekslingsprogrammet.

– Denne gongen har temaet vore praksisutveksling og tryggleik og utveksling av studentar med funksjonshemmingar. For oss har det vore viktig at dei utanlandske deltakarane også har hatt innleiingar om korleis ting blir gjort ved deira universitet. Me har prøvd å unngå at berre UiO presenterer sine ordningar, understrekar ho.


 

Emneord: Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 11. juni 2010 10:22 - Sist endra 11. juni 2010 10:33
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere