UiO-tilsette kan bli tatt ut i streik

I ettermiddag blir det klart kven som blir tatt ut i streik ved Universitetet i Oslo, om meklinga mellom staten og dei statstilsette ikkje fører fram. Då kan 8200 av medlemane i LO Stat, Unio og YS Stat i heile landet vera i streik frå torsdag 27. mai.

STREIKEVARSEL: UiO-tilsette kan bli tatt ut i streik om ikkje meklinga i hovudtariffoppgjeret i staten fører fram. (Arkivfoto)

Foto: Ola Sæther

Meklinga i årets hovudtariffoppgjer har frist fram til klokka 24.00 natt til torsdag 27. mai. Dersom meklinga ikkje fører fram vil Unio ta ut 2500 av medlemane i streik, medan LO Stat og YS Stat har varsla at høvesvis 3800 og 1900 av deira medlemar vil bli tatt ut i streik frå det same tidspunktet.

Universitetet i Oslo er altså ei av dei verksemdene som kan bli råka ved ein eventuell streik. Kven som blir tatt ut, får kvar einskild arbeidstakar melding om frå sine tillitsvalde i ettermiddag. Regelverket gjer det klart at dei skal få varsel om det fire dagar før meklingsfristen går ut.

Uniforum kjem tilbake med informasjon om kva delar av UiO som blir råka dersom det blir streik, når det blir kjent i ettermiddag.

 

 

Emneord: Arbeidsforhold Av Martin Toft
Publisert 21. mai 2010 11:54 - Sist endra 21. mai 2010 12:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere