Nils Christie einaste nolevande i sosiologikanon

Nils Christies artikkel ”Fangevoktere i konsenstrasjonsleire” frå 1952 er ein av dei fem første tekstane som er plukka ut til å utgjera sosiologiens kanon i Noreg. Denne veka er nyutgåva av artikkelen saman med dei fire andre tekstane komen på utstilling i Universitetsbiblioteket.  

PÅ UTSTILLING: Nils Christies artikkel ”Fangevoktere i konsentrasjonsleire” er med i sosiologiens kanon og er på utstilling i Universitetsbiblioteket. Her observerer Nils Christie sin eigen artikkel.

Foto: Ola Sæther

Dei fem første av til saman 25 artiklar som skal utgjera sosiologiens kanon i Noreg, blei kunngjorde på ei tilskiping i foajeen i Georg Sverdrups hus den 18. mai. Kriminologiprofessor Nils Christies artikkel ”Fangevoktere i konsentrasjonsleire” frå magisteravhandlinga hans i 1952, er altså ein av dei. Dermed er han også den einaste nolevande forskaren som har ein artikkel med mellom desse fem.
 

Norske fangevaktarar mishandla krigsfangar

Artikkelen til Nils Christie viser korleis norske fangevaktarar i norske konsentrasjonsleirar ikkje stod noko tilbake for tyske fangevaktarar i konsentrasjonsleirar andre stader i Europa når det galdt å mishandla krigsfangar til døde. Leirane låg i Karasjok, Rognan, Korgen og i Beisfjord utanfor Narvik. Til den siste leiren kom det 950 serbiske krigsfangar. 750 av dei døydde, skriv sosiologiprofessor Willy Pedersen i omtalen av artikkelen i siste nummer av tidsskriftet ”Sosiolognytt”.
 

Teologen som blei sosiologiens ikon

To av dei fire andre artiklane i sosiologiens kanon er skrivne av mannen som blir rekna som pioner innanfor norsk fattigdomsforsking og samfunnsforsking, teologen Eilert Sundt. Dei to artiklane som er med er ”Om giftermål i Norge” (1866) og ”Om sædelighets-tilstanden i Norge” (1857,1864, 1866). Skribenten og sosiologen Andreas Hompland skriv i omtalen av Eliert Sundt i ”Sosiolognytt” at om han hadde skrive på eit av dei store verdsspråka, ville han ha vore ein av sosiologien sine klassikarar på linje med Durkheim, Comte og Le Play.

Vilhelm Auberts artikkel ”Om straffens sosiale funksjon” (1954) er også mellom dei fem utvalde tekstane. Aubert var både professor i rettsosiologi og i sosiologi ved UiO. Artikkelen er Auberts doktoravhandling, og den stiller spørsmål ved om straffa oppfyller den funksjonen som er meininga med den. Auberts svar er eit klart nei, skriv Cathrine Holst i omtalen av artikkelen.
 

Filosof i sosiologiens kanon

Den siste artikkelen ber namnet ”Deltakar og tilskodar” (1957) og er skriven av Hans Skjervheim som var magister i filosofi ved Universitetet i Oslo og seinare professor i filosofi ved Universitetet i Bergen. I artikkelen blir objektivering knytt til det Marx skildra som framandgjering. Skjervheim kritiserte dogmatisk marxisme lenge før det blei populært å gjera det, samtidig som Marx også var ein inspirasjon, skriv Cathrine Holst i ”Sosiolognytt”.
 

Sosiologiprofessor Willy Pedersen leier utvalet som har plukka ut desse tekstane. Det har tatt utgangspunkt i fem kriterium:
1. Fagleg kvalitet og originalitet
2. Fagleg verknadshistorie
3. Samfunnsmessig verknadshistorie
4. Handverksmessig/metodisk soliditet
5. Litterær verdi

Dei neste 20 tekstane blir publiserte med jamne mellomrom fram til januar 2011.

 

 

Emneord: Sosiologi, Kriminologi og rettssosiologi, Filosofi Av Martin Toft
Publisert 21. mai 2010 13:02 - Sist endra 21. mai 2010 13:15
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere