Mobile advokatkontor reddar rettferda i Tsjetsjenia

Mobile advokatkontor sikrar at alle som vil rapportera om menneskerettsbrot i Tsjetsjenia får høve til å gjera det. Arkitekten bak ordninga er menneskerettsadvokaten Lidia Yusupova frå Tsjetsjenia. Før helga deltok ho på eit møte ved UiO.  

REDDAR RETTSSTATEN: – Me trur systemet med mobile advokatkontor kan vera med på å byggja opp igjen eit rettferdig rettssystem i Nord-Kaukasus, sa Lidia Yusupova.

Foto: Ola Sæther

Menneskerettsadvokaten Lidia Yusupova frå Tsjetsjenia er blitt utropt til Europas modigaste kvinne av BBC. Ho er koordinator for den juridiske avdelinga til den Moskvabaserte menneskerettsorganisasjonen Memorial. I Noreg blei ho i 2005 heidra med Rafto-prisen for arbeidet sitt for menneskerettane i Tsjetsjenia. På fredag deltok ho på eit møte i Gamle festsal i regi av Norsk senter for menneskerettar, UiO og Institutt for fredsforsking, om forholdet mellom rettferd og tryggleik. 

Tortur og mishandling

Lidia Yusupova såg ut over forsamlinga og festa blikket på jusstudentane.

– Mange av dykk vil truleg bli forsvarsadvokatar, dommarar eller politiadvokatar i framtida. Korleis vil det bli for dykk å bli kapra av det juridiske systemet som i dag eksisterer i Russland? spurde ho. – Mange av oss starta karrieren vår nettopp innanfor eit svært tøft og rått rettssystem. For samvitet vårt var det ikkje lenger mogleg å gå på akkord med respekten for menneskerettane. Framleis blir journalistar, advokatar og dommarar som kjempar for rettferd drepne i Russland. Mange overgrep er også brot på den russiske straffelova, fortalde ho.

Men det er situasjonen i den russiske delrepublikken Tsjetsjenia som er verst.

– Fleire gonger opplevde eg at politiet kom inn i forhøyrsretten med unge menn som var arresterte utan at dei visste kva lovbrot dei var blitt skulda for. Det var heller ingen tvil om at mange av dei var blitt utsette for grov tortur. Viss de veit kva tortur nazistane utførte under Den andre verdskrigen, får de ein idé om den torturen desse unge mennene var blitt utsette for, fortalde ho.

Så trekte ho fram eit døme på kor dårlege forhold menneskerettane har i dagens Tsjetsjenia.

– Det var ein mannleg student frå Det økonomiske fakultetet ved Universitetet i Groznyj. Han var blitt ført inn i Forhøyrsretten i Politihuset. Mannen hadde arr og merke etter slag. Då eg kom inn i lokalet, klarte han ikkje å lyfta på hovudet, og han låg omtrent på golvet. På armane hans var det merke etter sprøytestikk. Eg veit ikkje kva type injeksjonar dei hadde sett i han.

– Eg syntest han var i ein så prekær tilstand at eg ringde etter ein ambulanse. Legane som kom, fekk ikkje lov til å koma inn i bygningen, fordi politiet ikkje ville at dei skulle kunna vitna om at det hadde blitt brukt tortur under avhøyra.

– Vedgjekk lovbrot

– Difor tok eg fram mobiltelefonen min og begynte å fotografera skadane som den unge studenten hadde fått. På den måten kunne eg leggja fram bileta i retten. Dei prøvde å ta mobiltelefonen frå meg, men på eit eller anna vis klarte eg å tvihalda på den. Frå Politihuset gjekk eg direkte over til Statsadvokatens kontor og leverte inn ein klage om den dårlege tilstanden den arresterte studenten var i i Forhøyrsretten. Svaret fekk eg 12 dagar seinare. Derfor kunne eg ikkje koma i kontakt med klienten min før 20 dagar etter at han var i Forhøyrsretten. Då hadde politiet allereie sett han i fengsel.

– Det viste seg at han hadde vedgått å ha stått bak alle dei lovbrota han var blitt skulda for, sjølv om han fysisk hadde vore på ein heilt annan stad, då lovbrota blei gjorde. Han kunne altså ikkje vera den skuldige, slo ho fast. Difor tok ho med seg bileta ho hadde tatt av skadane hans då han blei ført inn i Forhøyrsretten for å prova at tilståinga måtte ha gått føre seg under tortur.

– Der tok me feil. Også den sida i rettsdokumentet som fortalde om mogleg tortur, var blitt beordra vekk frå rettsprotokollen. Saka enda med at den unge studenten blei dømt til 21 års fengsel, sa Yusupova.

– Eg meiner ikkje at alle som blir arresterte, er uskuldige, men mange er det.

– Reddar rettsstaten

Sidan mange er redde for å vitna i ei rettssak, har Lidia Yusupova og menneskerettsrorganisasjonen Memorial starta eit prosjekt med mobile advokatkontor.

– Ideen er at folk kan rapportera om brot mot menneskerettane i Tsjetsjenia eller Dagestan til advokatar som kjem frå andre område enn der brotsverket er utført. Me trur det blir lettare å få folk til å stilla opp som vitne med eit slikt system. Mange advokatar og dommarar opplever også frykt fordi dei blir truga av folk frå styresmaktene. Me trur systemet med mobile advokatkontor kan vera med på å byggja opp igjen eit rettferdig rettssystem i Tsjetsjenia og Dagestan, sa Yusupova.

(Kjelder: Lidia Yusupova, Europaparlamentet og Wikipedia)

 

 

Emneord: Russland, Menneskerettar Av Martin Toft
Publisert 3. mai 2010 14:00 - Sist endra 3. mai 2010 14:18
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere