Lanserer kanon for sosiologi

Noregs 25 viktigaste sosiologiske artiklar skal plukkast ut fram til nyttår 2011. Sosiologiprofessor Willy Pedersen leier uttakskomiteen. – Me håpar å skapa provokasjonar, seier initiativtakar Jon Rogstad som er redaktør for Sosiolognytt.  

SØYLER: Universitetsbiblioteket vil setja opp tre søyler der Eystein Gullbekk, Willy Pedersen, og Jon Rogstad står. Imellom desse søylene vil dei stilla ut sosiologiens kanon.

Foto: Ola Sæther

Den 18. mai klokka 16.00 vil inngangen til Universitetsbiblioteket i Georg Sverdrups hus bli prega av den høgtidelege kunngjeringa av fem av dei 25 viktigaste tekstane i norsk sosiologi. Prorektor Inga Bostad vil opna arrangementet, og ein av dei som har skrive ein av dei fem tekstane, vil også vera til stades.

Tekstar på utstilling

– Etter kvart som tekstane blir offentleggjorde blir dei viste fram i ei utstilling i Universitetsbiblioteket, fortel universitetsbibliotekar Eystein Gullbekk, som deltar i samarbeidet med sosiologiprofessor Willy Pedersen og redaktør Jon Rogstad i Sosiolognytt.

– Tanken bak dette er å gå gjennom alle tekstane i norsk sosiologi og finna fram til dei 25 viktigaste. Me har alle ein idé om ein norsk sosiologisk gullalder. Difor er det viktig å få til ein fagleg sjølvrealisasjon. Dei 25 tekstane blir publiserte i kvart nummer av tidsskriftet fram til første nummer i 2011. Hovudformålet vårt er å setja faget under debatt, fortel Jon Rogstad, som plukka ut Willy Pedersen til å leia uttakskomiteen.

– Han har stor fagleg legitimitet. Etter at Willy Pedersen sa seg villig til å leia komiteen, har dei hatt heilt frie taumar til å finn dei 25 tekstane dei meiner er dei beste, understrekar Rogstad.

Kanondebatt

– Me håpar at det blir ein debatt ut av det faktum at me vågar å laga ein kanon av sosiologiske tekstar. Det er heilt sikkert mange som vil vera ueinige i våre val, men då får me ein debatt om sosiologifaget, og det er nettopp det me vil ha, seier Willy Pedersen.

Etter at desse fem tekstane er presenterte vil dei presentera ti tekstar til ved to forskjellige arrangement. Dei ti siste blir publiserte i første nummer av Sosiolognytt i 2011.

– Me oppfordrar så mange som mogleg til å delta på opningsarrangementet den 18. mai, seier dei tre.

.

 

Emneord: Forskningsformidling, Forskning, Georg Sverdrups hus Av Martin Toft
Publisert 5. mai 2010 12:56 - Sist endra 5. mai 2010 13:32
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere