John Torrence Tate tok imot Abelprisen

Matematikkprofessor John Torrence Tate (85) frå University of Texas i Austin fekk i ettermiddag utdelt Abelprisen av kong Harald i Gamle Logen. Tate får prisen på seks millionar kroner for arbeidet sitt med talteorien.

VISER ABELPRISEN: Matematikkprofessor John Torrence Tate viser fram Abelprisen 2010 etter at han har fått den utdelt av kong Harald i Gamle Logen.I bakgrunnen står professor Kristian Seip, leiar av Abelpriskomiteen.

Foto: Ola Sæther

Talteorien strekkjer seg frå primtala sine mysterium til måten me lagrar, overfører og sikrar informasjon på i moderne datamaskiner. Gjennom det siste hundreåret har den vakse til å bli ein av dei mest raffinerte og høgast utvikla greinene i matematikken, i eit samspel med andre sentrale område, skriv Vitskapsakademiet i ei pressemelding.

Tate-modulen og Tate-kurva

John Tate, som fylte 85 år den 13. mars, er ein av hovudarkitektane bak denne utviklinga, går det fram av Abelprisens nettsider. Dei vitskaplege arbeida hans går over seks tiår. Han har vore opphav til ei mengd sentrale matematiske idear og konstruksjonar som no ber namnet hans; Tate-modulen, Tate-kurva, Tate-syklusen, Hodge-Tate-dekomposisjonane, Tate-kohomologien, Serre-Tate-parameteren, Lubin-Tate-gruppa, Tate-sporet, Shafarevich-Tate-gruppa, Néron-Tate-høgda og mange fleire.

Abelkomiteen seier dette om arbeidet hans: «Mange av hovedretningene innen algebraisk tallteori og aritmetisk geometri eksisterer i dag bare takket være John Tates skarpsindige bidrag og lysende innsikt. John Tate har satt et sterkt og varig preg på moderne matematikk».

Prisgrossist

John Tate har fått mange prisar og stor heider. Alt i 1956 fekk han Cole-prisen frå American Mathematical Society (AMS) for framifrå bidrag til talteorien. I 1995 fekk han Leroy P. Steele-prisen for livsverket sitt frå American Mathematical Society.
Då Tate delte Wolf-prisen i matematikk med Mikio Sato i 2002/2003, blei han heidra for «å ha skapt vesentlige begreper i algebraisk tallteori». Han blei invitert som foredragshaldar ved den internasjonale matematikarkongressen både i Stockholm i 1962 og i Nice i 1970.

John Tate blei vald til medlem av det amerikanske National Academy of Sciences i 1969. Han blei utanlandsk medlem av det franske Académie des sciences i 1992 og æresmedlem av London Mathematical Society i 1999.

Abelprisen er blitt delt ut kvart år sidan 2003. Trass i den korte tida prisen har eksistert, har den klart å få opparbeidd seg ein svært høg prestisje innanfor matematikkfaget.

I morgon klokka 11.00 vil John Torrence Tate delta på Abelforelesingane i Georg Sverdrups hus på Universitetet i Oslo. Seinare på kvelden blir det halde ein fest til ære for Abelprisvinnaren i Vitskapsakademiet i Drammensveien.

Du kan også lesa korleis heimeuniversitetet hans, University of Texas at Austin presenterte nyhendet om at John Torrence Tate var blitt heidra med Abelprisen for 2010.
 

Emneord: Abelprisen, Naturfag Av Martin Toft
Publisert 25. mai 2010 14:36 - Sist endra 20. jan. 2016 11:56
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere