Hjerneallianse i Nansens ånd

Hjerneforskinga og industrien i Noreg allierer seg for å utvikla nye behandlingsformer og medisinar for pasientar som har demens, Alzheimer eller har fått hjerneslag. – Det er viktig med eit slikt nettverk fordi det blir fleire eldre som får desse sjukdomane, seier helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen.  

GLER SEG: Både helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen og UiO-rektor og hjerneforskar Ole Petter Ottersen gler seg over den nye hjernealliansen.  

Foto: Ola Sæther

Ein større og større del av dei som bur i Noreg vil vera eldre. Mange av dei blir godt over 80 år før dei blir alvorleg sjuke og hamnar på sjukehus. Sjukdomane dei får er ofte relaterte til hjernen. Døme på det er Alzheimer og hjerneslag.

Alzheimer er den viktigaste årsaka til at folk blir demente i vestlege land. I 2030 vil truleg 72 000 nordmenn ha Alzheimer, medan det i dag er rundt 60 000 demente her i landet. Det hastar difor med å utvikla gode medisinar og nye behandlingsmetodar for desse pasientgruppene. Det er ei av årsakene til at hjerneforskingsmiljøa i Noreg slår seg saman med industrien og dannar alliansen Nansen Neuroscience Network.

Grunnen til at alliansen brukar namnet til Fridtjof Nansen, er fordi den vil understreka at den store oppdagaren og humanisten også blir rekna som grunnleggjaren av den moderne nevrovitskapen i Noreg. På Anatomisk institutt i Oslo forska han på hjernen til kvalen. Stein Lorentzen-Lund er prosjektdirektør for Nansen Neuroscience Network.

– Eg håpar mange industriselskap og forskingsinstitusjonar innanfor nevrovitskap vil bli med i dette nettverket, er oppfordringa han kjem med. Førebels held nettverket til i mellombelse lokale i Domus Medica på Gaustad.

UiO-miljø mellom initiativtakarane

På eit seminar i Oslo i går kunne helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen gratulera initiativtakarane til nettverket. To av dei er UiO-rektor Ole Petter Ottersen og professor Tone Tønjum som er dagleg leiar for Senter for molekylærbiologi og nevrovitskap (CMBN).Også MiLAB i Trondheim, Forskingsrådets program NevroNor, helseregionane i Noreg og Nordic NeuroLab AS i Bergen er sentrale aktørar i alliansen. Også fleire andre industribedrifter i Noreg og Norden er blitt med.

– Lovande nevrovitskapleg forsking

– Det er viktigare enn nokon gong å utvikla ny medisinsk teknologi og finna alternative måtar å organisera helsesektoren på. Den nevrovitskaplege forskinga i Noreg er lovande og naudsynt for det er lidingar i nervesystemet som er den viktigaste årsaka til at eldre blir kronisk sjuke i Europa, understreka helseministeren.

Ein av desse sjukdomane er demens, som det også heftar mange tabu ved.

– I dag er ikkje behandlinga og diagnostikken av desse pasientane god nok. Det er heilt sikkert også mykje som kan gjerast for å betra situasjonen for dei pårørande til desse pasientane, sa Strøm-Erichsen som viste til at regjeringa la fram ein demensplan i 2007.

– Oppfylginga av den er godt i gang, fortalde ho. Ho understreka at EU satsar sterkt på forsking på Alzheimer.

– Eg vil oppfordra denne alliansen til å søkja om forskingsmidlar frå denne potten, sa ho.

Modellen for alliansen er i stor grad Oslo Cancer Cluster som har makta å skapa merksemd rundt toppforsking på kreft i Oslo, og som har vore ei medverkande årsak til at Oslo-regionen blir rekna blant dei 20 beste regionane i verda på bioteknologisk forsking. Det understreka også UiO-rektor Ole Petter Ottersen.
 

– Kan letta rekrutteringa av forskartalent

– Eg gratulerer med at de har fått dette realisert etter tre år med hardt arbeid. Universitetet i Oslo arbeider også hardt for å gjera det mogleg å få til eit endå nærare samarbeid mellom forsking og industri. Eg trur ein måte å få det til på vil vera å skapa nye moglege karrierevegar for forskarar. Slike nettverk mellom forsking og industri som Nansen Neuroscience Network kan difor letta rekrutteringa av dei beste forskartalenta. Det må likevel ikkje vera tvil om at det er den nyfikendrivne grunnforskinga som er og skal vera hovudoppgåva til universitetet, understreka Ottersen.
 

Emneord: Medisin, Næringsliv, Forskningssamarbeid, Forskningspolitikk Av Martin Toft
Publisert 12. mai 2010 16:11 - Sist endra 12. mai 2010 16:20
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere