Forskingsleiarar på skulebenken

Rundt 120 forskingsleiarar har deltatt på leiingsprogrammet UiO har skipa til dei siste åra. – Målet er at programmet skal gjera forskingsleiarane betre i stand til å byggja gode forskingsmiljø, opplyser Olaug Bringager og Stig Ullersmo til Uniforum.  

AVSLUTTA KURS: Romfysikkprofessor Jøran Moen og forskingssenterleiar Unni Olsbye er to av forskingsleiarane som har vore på leiarkurs. Bak: Stig Ullersmo (lengst til venstre), Søren Barlebo Rasmussen og Olaug Bringager har organisert kursa.

Foto: Martin Toft

– Innhaldet i programmet fokuserer på å utvikla leiarrolla og den personlege leiarskapen, opplyser seniorrådgjevar Olaug Bringager og organisasjonsrådgjevar Stig Ullersmo. Dei har organisert kursa.

Eit anna mål med leiingsprogrammet er at forskingsleiarane skal bli i stand til å sjå sine fagmiljø utanfrå og på den måten forstå si eiga rolle betre. Kursprogrammet viser også at dei skal læra å forstå det samla forskingssystemet ved UiO langt betre enn før, og samtidig finna ut kva utviklinga av forskingssystemet vil ha å seia for leiarrolla deira i tida framover.

Dessutan satsar forskingsleiarprogrammet på at deltakarane skal skapa nettverk med kvarandre på tvers av fakultets- og instituttgrensene. I løpet av kursperioden har deltakarane hatt tre ulike samlingar.

I førre månad fekk alle deltakarane utdelt kursbevis ved ei tilstelling der også tidlegare deltakarar var til stades, medan HF-dekan Trine Syvertsen og HR-direktør Anita Sandberg begge heldt kvar sin korte tale til deltakarane.

 

Emneord: Personalbehandling/politikk, Arbeidsforhold Av Martin Toft
Publisert 10. mai 2010 16:24 - Sist endra 10. mai 2010 16:38
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere