DNA fortel om livet til døde pilegrimar

– DNA-undersøkinga og beinprøvane av pilegrimar på gravplassen i Hierapolis i Tyrkia kan visa om greske bysantinarar og tyrkarar gifta seg på tvers av etniske og religiøse grenser. Det seier arkeologiprofessor Rasmus Brandt.

HIERAPOLIS: Gravbygningane ligg i terrassar over kvarandre. Dei norske utgravingane konsentrerer seg for tida om den øvste terrassen.

Foto: Rasmus Brandt

Då UiO-professor Rasmus Brandt i 2007 begynte med utgravingane av romerske gravbygningar i

aust-nekropolen i Hierapolis trudde han at han ville finna mange spor etter gamle romerske gravferder.Det gjorde han, men han fann også noko heilt uventa.  

– Det me fann ut var at det var spor etter nyare gravferder oppå dei romerske gravene. Desse var frå mellom 900 til 1300 år etter Kristus. Det aller mest spennande var at me fann leivningane til personar som har vore pilegrimar og funne sin død i Hierapolis. Me veit at dei var pilegrimar fordi dei hadde festa metallmerke på kjortelen sin som ein slags suvenirar over dei heilage stadene dei hadde besøkt.

– Ein av dei hadde fire slike merke : Eitt truleg frå Køln, eitt frå Saint-Léonard-de-Noblat i Sentral-Frankrike, eitt frå Rocam adour i Sør-Frankrike og eitt frå Roma. Viss ein trekkjer ei rett linje mellom desse tre første stadene, vil ein hamna rett på pilgrimsbyen Santiago de Compostela. Men denne pilegrimen var nok på veg til ein langt meir heilag by, nemleg til Jerusalem, då han fann døden på kalkklippa i Hierapolis, fortel Rasmus Brandt.

Gravplassen til apostelen Filip

Han undrar seg stort over korleis pilegrimar heldt fram med å dra til Jerusalem lenge etter at krosstoga var over. – Grunnen til at desse pilegrimane la vegen om Hierapolis har truleg å gjera med det faktum at legenden fortel at apostelen Filip ligg gravlagd der.

Brandt viser oss bilete av utgravingsområdet, som ligg eit par timars kjøretur inn i landet frå Izmir.

– Dei romerske gravbygningane har mange greske namneinnskrifter som understrekar eit familieeigarskap. Fordi det var ei stor dyrking av forfedrane i dette samfunnet, var det viktig å skaffa seg ei grav medan ein enno var i live. På ein av gravbygningane våre får me i tillegg vita at grava seinare blei lovleg oppkjøpt av ein person som bar namnet Aurelius. Det var eit vanleg namn mellom frigjevne slavar. Han kalla seg opp etter keisar Caracella, som hadde Aurelius som offisielt familienamn. I år 212 e. Kr. gav han romersk borgarrett til alle dei frie innbyggjarane i riket, fortel Brandt.

Til no har arkeologane berre funne kristne symbol og ingen islamske i desse gravene. Hierapolis låg midt på grensa mellom dei bysantiske jordbruksområda og den anatoliske høgsletta som frå og med 1000-talet var dominert av seldsjukkane, eit turkmensk nomadefolk. Det var også på denne høgsletta den bysantiske keisaren i 1071 blei endeleg slått av seldsjukkanes sultan Alp Arslan. Seldsjukkane herska i sine glansdagar over eit rike som strekte seg frå Aralsjøen i Russland til Mesopotamia og Det indiske hav. Byen Hierapolis blei dermed ein arena for kulturmøte mellom ulike folkeslag.

DNA-prøvar vil gi dei dødes historie

No ynskjer Rasmus Brandt og forskarteamet hans å finna meir ut om kven dei døde var, kvar dei kom frå, kvar dei budde og korleis forholdet var mellom dei ulike folkegruppene i Hierapolis.

– Professor Erika Hagelberg frå Biologisk institutt leier arbeidet med å ta DNA-prøvar og isotopanalysar av dei bein- og skjelettrestane me tar med frå Tyrkia. På den måten kan me tidfesta nøyaktig når dei blei lagde i gravene, om blodet var blanda med tyrkisk blod og om dietten hadde endra seg i løpet av livet. DNA-prøvane og osteologiske studiar kan kanskje også gi oss svaret på kvar pilgrimane kom i frå og kva dei døydde av, forklarar Rasmus Brandt.

Det er arkeologar frå sju italienske universitet som heilt sidan 1957 har hatt ansvaret for utgravingane i Hierapolis. Med Rasmus Brandts forskarteam på plass som ansvarlege for utgravingane i aust-nekropolen, blir Universitetet i Oslo det åttande universitetet som deltar under den italienske paraplyen.

– Hovudmålet vårt er å visa kva som skjer når fleire kulturar møtest i eit felles knutepunkt. Alle dei vanlege innbyggjarane vil helst leva i fred og handla med kvarandre. Det er først når ein keisar eller sultan har bestemt seg for å gå til krig at dei brått blir fiendar, konstaterer han.

Ramla tilfeldig bort i utgravingane

For Rasmus Brandt var det heilt tilfeldig at han ramla bort i dette utgravingsprosjektet. Eigentleg begynner historia i 2003 med den avdøde amatørnumismatikaren og læraren Sverre Y. Lærdahl frå Rælingen. Han drar til Izmir og oppdagar kor rikt Tyrkia er på antikke kulturminne. Han får kontakt med professor Recep Meric ved Universitetet i Zimir. Meric leier utgravingane av den romersk-bysantiske byen Metropolis. Tilbake i Noreg tar han kontakt med numismatikaren Håkon Ingvaldsen ved Kulturhistorisk museum. Saman får dei i stand ei fem år lang samarbeidsavtale med Meric om utgravingane i Metropolis. Dermed kan fire arkeologar, mellom dei to studentar, delta.

EIT TILFELLE: – Så då begynnar eg å snusa på andre utgravingar. Slik oppdagar eg ved eit tilfelle Hierapolis, fortel arkeologiprofessor Rasmus Brandt. (Foto: Ola Sæther)
 

– Eg kjem inn i prosjektet to år seinare fordi eg gjerne vil høyra om det er mogleg å plassera fleire av studentane mine på feltarbeid og forlengja kontrakten.

– Meric som nærma seg pensjonsalder og ikkje ville binda etterfylgjaren sin, seier kontant nei til å ta ansvaret for dei.

– Så då begynnar eg å snusa på andre utgravingar. Slik oppdagar eg ved eit tilfelle Hierapolis, og etter kvart finn eg ut at leiaren for dei italienske utgravingane er ein gammal kjenning av meg frå Lecce i Sør-Italia.

– Vil du ikkje grava sjølv?

– Då spurde eg han om det var mogleg å plassera nokre av studentane mine i utgravingsprosjektet hans. Eg skulle finansiera alt, lova eg. Då blir han brått heilt still ei lang stund, og så spør han: Er du ikkje interessert i å grava ut sjølv då? Me har ein nekropol som enno ikkje er graven ut. Sjølv tenkte eg at eg no var blitt så gammal at eg burde trappa ned. Eg slo likevel til, og då eg var tilbake i Oslo tilbaud eg den tyskfødde arkeologen Sven Ahrens å leia utgravingane. Eg visste at han var spesielt interessert i gravplassane og gravarkitekturen i Hierapolis, fortel Brandt.

Ti millionar frå Forskingsrådet

I førstninga fekk Brandt økonomisk støtte frå Astrup-Fearnley-stiftinga, Statkraft og turbinselskapet Rainpower. Seinare fekk han også bidrag frå forretningsmannen Astrup. Bergesen-stiftinga har også gitt pengar slik at prosjektdeltakarane kan forska vidare på funna sine på Det norske instituttet i Roma.

Då Noregs forskingsråd slo til med ei løyving på ti millionar kroner over fire år på slutten av fjoråret, blei Rasmus Brandt svært paff.

– Det var ei kjempeoverrasking for meg. Og dette gjer det mogleg for oss å tilsetja to postdoktorar ved Institutt for arkeologi, konservering og historie. Ein som er ekspert på DNA og ein klassisk arkeolog. Samtidig gir det oss høve til å byggja opp kompetanse på DNA-prøvar og isotopanalysar ved instituttet vårt. Difor er me svært glade for samarbeidet med Erika Hagelberg ved Biologisk institutt, som har stor kompetanse på dette området.

Den 15. august drar Rasmus Brandt og forskarlaget hans på eit månadslangt feltarbeid til Hierapolis.

– Planen vår er at me skal bruka institutta våre i Roma og Athen og det svenske instituttet i Istanbul til internasjonale arbeidsmøte. Før prosjektet blir avslutta vil me ha ein stor internasjonal konferanse i Noreg der resultata frå prosjektet blir presenterte og sette inn i eit større forskingsperspektiv.

Emneord: Biologisk institutt, Tyrkia, Arkeologi Av Martin Toft
Publisert 5. mai 2010 14:40 - Sist endra 20. jan. 2016 11:55
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere