Det blir ingen streik i staten

Partane i lønnsoppgjeret i staten blei einige om ein avtale no i formiddag, melder NRK. Det blir difor ingen streik på universitet og høgskular.  

Skissa som blei lagt fram rundt klokka 10.30 i formiddag, inneheld eit lønnstillegg på 3,3 prosent og 300 millionar kroner i likelønnstillegg. Utkastet er no godtatt av begge partar, skriv NRK på sine nettsider. Det opphavelege kravet til fagforeiningane var eit lønnstillegg på 4 prosent.

Partane i meklinga for dei statstilsette blei einige 11 timar etter at meklingsfristen hadde gått ut. Meklinga for dei kommunetilsette held fram. Viss meklinga ikkje fører fram, kan det blir streik i kommunesektoren frå i morgon tidleg. Då kan både skular og barnehagar bli stengde på grunn av streik.

 

Emneord: Arbeidsforhold, Lønn/lønnsforhandlinger Av Martin Toft
Publisert 27. mai 2010 11:01 - Sist endra 27. mai 2010 11:44
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere