Med auge for kunst

For ei stund sidan fekk 25 personar frå UiO eit unikt innsyn i Blomqvist Kunsthandel i Oslo. Dei fekk sett kunst av mellom andre Pablo Picasso, Marc Chagall, Håkon Bleken, Inger Sitter og Bjarne Melgaard. Kunst som ei veke seinare skulle auksjonerast bort, for kanskje aldri seinare å koma fram i lyset igjen.  

HUMOR: Nokon ser humor i bilete der andre berre ser alvor. Det er uklart om dei to kvinnene på biletet ler av kunsten. Biletet til høgre er i alle fall ”Overmalt postkort” av Kjell Nupen

Foto: Ola Sæther

Det var Kunstklubben ved Universitetet i Oslo som hadde klart å få arrangert denne vesle lokale ekskursjonen ein kvardag etter arbeidstid. 25 av dei 100 medlemane i Kunstklubben blei altså med.

Og dei fekk ei interessant og morosam omvising og ein gjennomgang av norsk og internasjonal kunsthistorie av omvisarane Gunnar Krogh-Hansen og Eivind Torkjelsson.

– På spøk blir det sagt at kunstauksjonshusa lever av tre engelske ord som alle begynnar på d: debt, divorce and death, altså gjeld, skilsmisse og død, sa den tidlegare kunsthistoriestudenten frå UiO, Eivind Torkjelsson til dei kunstinteresserte universitetstilsette.

Ein Melgaard til ein halv million

Denne dagen viste dei to omvisarane fram kunst av både Pablo Picasso, Marc Chagall, Håkon Bleken, Inger Sitter, Frantz Widerberg og Jacob Weidemann. Det var likevel eit verk av Bjarne Melgaard, med den vanlege tittelen ”Uten tittel” som hadde den høgaste utgangsprisen før auksjonen. Den var på mellom 450 000 og 500 000 kroner, medan eit trykk av Picasso og eit anna av Chagall var prisa til høvesvis 150 000 og 90 000 kroner.

– Det finst så mykje kunst av Picasso rundt omkring i heile verda at Picassos kunst utgjer ein tredel av heile verdas årlege kunstomsetning, forklarte Torkjelsson dei frammøtte. Det var likevel ein minst like kjent norsk kunstnar som hadde Blomqvist Kunsthandel som sin base.

– Munch møtte Ibsen

– Edvard Munch og Blomqvist er uløyseleg knytte til kvarandre. Og det var i lokala våre i Karl Johans gate Henrik Ibsen og Edvard Munch møtte kvarandre for første gong. Kunsthandelen starta opp som ei rammeforretning for 150 år sidan. Dei kunstnarane som ikkje kunne betala for seg med pengar, gav kunsten sin til rammeforretninga. Slik blei det etter kvart ein kunsthandel. I dag har Blomqvist seks auksjonar i året, i tillegg til nettauksjonar, fortalde Torkjelsson og Krogh-Hansen til dei svært kunstinteresserte kvinnene. For menn er det få av i Kunstklubben.

– Me vil gjerne ha fleire kunstinteresserte menn med, men fleire kvinner er sjølvsagt også velkomne. No er det mogleg å telja på ei hand dei mennene som er medlemar hos oss, seier Edle Stang som er leiar for Kunstklubben ved UiO.

Kunstreise til Berlin

Det er ein aktiv klubb som har vore på lengre kunstreiser enn til Blomqvist Kunsthandel i Oslo sentrum.

– For ei stund sidan drog 25 av oss på kunsttur til Berlin. Det var svært kjekt. Og i Oslo har me vore på Bjarne Melgaard-utstillinga i Astrup-Fearnley-museet, seier ho.

Kunstklubben har eksistert i rundt fem år, og i byrjinga fekk den økonomisk støtte frå Velferds- og kulturutvalet ved UiO.

– No må me klara oss på medlemspengane våre, konstaterer Stang.

– Kunststafetten

Sjølv etterfylgde ho Grete Starheim, som var den første leiaren for Kunstklubben og som saman med Eirin Hov også var initiativtakar.

– Medlemane våre er tilsette både i vitskaplege og i administrative stillingar, fortel ho. I tillegg til å gå på utstillingar, inviterer også Kunstklubben kunsthistorikarar til å halda foredrag om kunst i Klubben i Georg Sverdrups hus. Dei kallar det for ”kunststafetten”.

– Nyleg heldt historikaren Jon Iddeng ei forelesing om Venus si ferd frå Milo til Louvre. Til saman står me bak rundt seks arrangement i semesteret, opplyser Edle Stang, som gjerne vil ha endå fleire medlemar.

– Viss du vil bli med, må du vera tilsett ved UiO. Studentar kan ikkje bli medlemar. Etter påske planlegg me å dra på Marimekko-utstillinga i Kunstindustrimuseet. Det trur eg mange vil vera med på, for mange av medlemane våre har eit forhold til Marimekkos design, seier Edle Stang.

Les meir på Kunstklubbens heimesider.

 

 

 

Emneord: Kunst, Arbeidsmiljø, Velferdsutvalget Av Martin Toft
Publisert 15. apr. 2010 15:10 - Sist endra 15. apr. 2010 15:42
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere