Internasjonal samfunnshelse får Utdanningskvalitetsprisen

Masterprogrammet ”International Community Health” ved Universitetet i Oslo får ein av to førstepremiar i konkurransen om årets ”Utdanningskvalitetspris” . – Dette er både gledeleg og morosamt, seier Vibeke Christie som er koordinator av studieprogrammet.  

GODT LÆRINGSMILJØ: – God struktur og engasjerte studentar og tilsette er nøkkelfaktorar, meinte Gunnar Bjune, Vibeke Christie og Mamady Cham då masterprogrammet fekk ”UiOs pris for godt læringsmiljø i 2008. No er fagmiljøet heidra med Utdanningskvalitetsprisen for 2010. (Arkivfoto)

Foto: Ola Sæther

No klokka eitt deler statsråd Tora Aasland ut Kunnskapsdepartementets utdanningskvalitetspris for 2010 til medisinprofessor Gunnar Bjune og koordinator Vibeke Christie for ”Masterprogrammet for International Community Health” ved UiO. Dei tar imot prisen på vegner av heile fagmiljøet ved Avdeling for allmenn og samfunnsmedisin ved Institutt for helse og samfunn på UiO. Utdelinga skjer på NOKUTs konferanse for høgare utdanning i Oslo kongressenter -Folkets hus. Prisen er på 400 000 kroner.

Stor søking og glimrande resultat

I grunngjevinga for å gi ”Masterprogrammet International Community Health” ein av to førsteprisar, står det at studiet er eit viktig steg i retning av å få studentar til å arbeida vitskapleg, i eit engasjert forhold mellom samfunn og næring og med eit engasjement for formidling. Det blir vist til at målet med programmet er å utdanna forskarar som kan byggja lokal kunnskap, gi betring av folkehelsa og samtidig gi Noreg kunnskap om helseforhold og fungerande løysingsmodellar internasjonalt.

Priskomiteen trekkjer også fram at programmet har stor søking og kan visa til glimrande resultat, sidan 96 prosent av dei som begynner på studiet, fullfører. I tillegg peikar priskomiteen på at instituttet har rekruttert 30 phd-studentar frå masterprogrammet, og 16 av dei fekk ph.d.graden sin i 2009. I 2008 fekk masterprogrammet UiOs pris for godt læringsmiljø.

Skal hjelpa studentar økonomisk

Dei siste åra har Avdeling for internasjonal helse slite med dårleg økonomi. Men prispengane skal ikkje gå til å fylla ledige hol i driftsbudsjettet.

– Nei, pengane kan me koma til å bruka til å hjelpa studentar som treng litt ekstra finansiering av ymse prosjekt. Det gjorde me også med dei pengane me fekk, då me blei tildelte Prisen for godt læringsmiljø av Universitetsstyret i 2008, fortel Vibeke Christie.

– Ikkje nominert på topp

– Blei de overraska over at mellom dei 27 kandidatane, gjekk de inn og kapra ein delt førsteplass?

– Det kan eg svara eit klart ja på. Så vidt me veit var heller ikkje ”Masterprogrammet International Community Health” nominert på topp av Universitetet i Oslo sentralt. Fint for oss at priskomiteen tenkte annleis, poengterer ho.
Det kom til saman inn 27 forslag på kva studiemiljø som burde få Utdanningskvalitetsprisen for 2010. Priskomiteen bestemte seg for å dela ut to førsteprisar og ein tredjepris. Kunnskapsdepartementets utdanningskvalitetspris blir i år delt ut for tiande gong.

 

 

Emneord: Medisin, Internasjonal samfunnshelse, Internasjonalisering, Studentforhold, Priser Av Martin Toft
Publisert 19. apr. 2010 17:16 - Sist endra 21. apr. 2010 09:58
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere