Gir kreft- og MS-pasientar nytt håp

– Oppfinninga gjer det enklare å finna nye medisinar mot lidingar der immunforsvaret feilaktig går til åtak på kroppen, som til dømes revmatisme og multippel sklerose, men det blir også lettare å finna nye legemiddel mot kreft, fortel postdoktor Geir Åge Løset ved Institutt for molekylær biovitskap til Uniforum.  

LYSE UTSIKTER: Både postdoktor Geir Åge Løset, dagleg leiar Ole Henrik Brekke (bak) og forretningsutviklar Hanne Mette D. Kristensen ser lyse utsikter for selskapet Nextera.

Foto: Ola Sæther

No har han patentert oppfinninga som har gitt opphav til selskapet Nextera. Innovasjon Noreg har så stor tru på den teknologien som postdoktor Geir Åge Løset har funne opp, at dei har gitt selskapet Nextera 800 000 kroner i utviklingsstøtte. Medan postdoktor Løset held fram som forskar i gruppa til professor Inger Sandlie ved Institutt for molekylær biovitskap, UiO, tar Ole Henrik Brekke og Hanne Mette D. Kristensen frå Bio-Medisinsk Innovasjon seg av den daglege drifta.

Skaffar investorar

– Hovudoppgåva vår er å utvikla Nextera i løpet av det neste året til eit selskap som vekkjer interesse hos den farmasøytiske industrien og som er attraktiv for investorar. Sjølve har me stor tru på den teknologien Geir Åge Løset no har tatt patent på, fortel Brekke og Kristensen.

Løset hadde ingen andre ambisjonar enn å levera ei god avhandling då han var doktorstudent. Men så møtte han ei hindring.
 

Kreft- og MS-pasientar kan få nye medisinar

– Eg fekk eit problem, som ikkje kunne løysast. Seinare gjekk eg inn på det på nytt, og det blei utgangspunktet for ein sterkt forbetra teknologi som gjer det mykje enklare enn før å finna medisinar mot autoimmune sjukdomar, altså lidingar som har å gjera med immunsystemet. Det er nok å nemna leddgikt, annan revmatisme, multippel sklerose, kreft og andre sjukdomar der kroppen sine eigne celler går til åtak på resten av kroppen. For mange av desse lidingane har me inga god behandling i dag.

– Teknologien vår gir difor unike moglegheiter. Populært sagt er det som å leita etter nåla i høystakken å prøva å finna medisinar mot desse sjukdomane, men med denne teknologien blir det mykje enklare å finna nåla, forklarar Løset. Han viser også til at immunapparatet til eit menneske har eit stort bibliotek med fleire moglege immunforsvar mot ulike sjukdomar.

– Teknologien gjer det lettare å plukka ut ”dei beste bøkene”, eller dei beste immunforsvara mot dei aktuelle sjukdomane, fortel han.

Frå små molekyl til protein

Både han og Brekke viser til at farmasiindustrien er i ferd med å gjennomføra ein medisinsk revolusjon der den gradvis går bort frå småmolekylære preparat til proteinbaserte medisinar.

– Vår teknologi er proteinbasert og gjer det enklare å målstyra medisinen direkte mot den delen av kroppen som er sjuk. Det gir større effekt, samstundes som det blir færre biverknader for resten av kroppen. Medisinen vil verka akkurat når den kjem til den betente delen av kroppen. Ikkje minst vil det få mykje å seia for kreftpasientar som blir behandla med cellegift. Klarer me å finna fram til ein proteinbasert medisin som kan målstyrast dit kreften er, vil dei få langt mindre ekstra lidingar enn i dag, seier Løset.

Han vil gjerne gi honnør til rettleiaren sin, Inger Sandlie.

– Ho gir doktorstudentane sine positive oppmodingar om at dei må utvikla funna sine endå meir, slik at dei kan bli kommersielt interessante. På den måten kan me vera med på gi ein del av resultata av forskinga vår tilbake til samfunnet gjennom til dømes å finna fram til medisinar mot sjukdomar som det til no ikkje har funnest medisinar mot, konstaterer han.

Færre biverknader

– Oppfinninga mi er ikkje genteknologi, men ein genteknologisk metode. Det vil vera mogleg å bruka denne teknologien når ein skal identifisera og modifisera eit gen som gir opphav til eit preparat mot kreftcellene.. Og sidan denne teknologien fører til målstyrte medisinar, vil det gi færre biverknader i høve til tradisjonelle kjemisk baserte medisinar, understrekar Løset. Han vil etter kvart publisera ein vitskapleg artikkel om funnet sitt.

– Oppfinninga mi kan fritt brukast av akademiske miljø som Senter for immunregulering og resten av forskargruppa til Inger Sandlie. Ideen kom jo medan eg heldt på med grunnforsking finansiert av staten via Forskingsrådets strategiske universitetsprogram innanfor bioteknologi, understrekar Løset.

– Vil selja lisensar

Både Ole Henrik Brekke og Hanne Mette D. Kristensen ser framtidige kommersielle gevinstar i selskapet.

– Først og fremst vil me selja lisensar av teknologien til den farmasøytiske industrien. Dette vil kunna gi inntekter til å vidareutvikla Nexteras teknologi gjennom betaling av ein eingongssum og ein viss prosent av inntekta frå dei medisinane som blir utvikla ved hjelp av denne metoden. Så no begynner altså jobben vår med å gjera kjent kva den nye teknologien kan utretta og få farmasiindustrien interessert. Utvikling av eit bioteknologiselskap som Nextera vil kosta pengar, så difor håpar me at investorane no vil sjå at det i framtida kan liggja store fortenester i dette selskapet, fortel Kristensen.

I vår skal både Ole Henrik Brekke og Hanne Mette D. Kristensen på ein stor konferanse i USA.

– På BIO 2010 i Chicago kjem alle som forskar eller arbeider innanfor det feltet som har å gjera med alle livet sine byggjesteinar, eller Life Science. Der vil me knyta kontakt mellom Nextera og andre selskap, fortel Brekke. Og Løset er nøgd med å bli ein forskingsbasert bedriftsgrunnleggjar.

– Det er fint at forskinga kan skapa nye verksemder på denne måten, synest han.

 

 

Emneord: Medisin, Forskningsparken, Birkeland Innovasjon Av Martin Toft
Publisert 13. apr. 2010 17:02 - Sist endra 15. apr. 2010 00:18
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere