Bergtatt av vulkanar

– Eg har vore oftare i nyhenderedaksjonar enn på kontoret mitt etter at oskeskyene frå vulkanen Eyafjallajökull først begynte å driva inn over Noreg og resten av Europa, seier geolog Rune Selbekk ved Naturhistorisk museum.  

OSKE FRÅ 1362: Geolog Rune Selbekk viser fram oska frå vulkanen Öræfajökull i 1362 og ein lavastein frå Island.

Foto: Martin Toft

Rune Selbekk var sjølv ein av dei mange tusen nordmennene som hadde planlagt å ta ferie denne veka, men planen måtte skrinleggjast etter at oskeskya frå Island stansa all flytrafikk i store delar av det europeiske luftrommet.

– Det er ikkje så ofte ein geolog får ferien spolert av geologiske fenomen, smiler Selbekk. Dermed gjekk ferieturen til Amsterdam i vasken, i staden blei det mange korte turar til nyhenderedaksjonane i Oslo for Selbekk, som har forska mest på Islands største vulkan, Öræfajökull. Den hadde sist eit kjempeutbrot i 1362.

Oska fall ned i Noreg

– Då blei den beste matjorda på Island lagt under vulkansk oske og mellom 60 og 120 personar drukna i flaumen som vulkanen skapte, seier Selbekk og viser fram ein liten pose med oske frå den vulkanen. Den kjennest ut som finsikta kveitemjøl.

– Framleis finn me oskerestar etter den vulkanen i Noreg. Det har me kunna stadfesta gjennom kjemiske prøvar. Kvar vulkan har nemleg sin særeigne signatur, fortel han. For Selbekk er det spennande at media gjerne vil formidla vidare kunnskapen om vulkanar og geologi.

– Det har aldri vore så stor interesse for vulkanane på Island som no. Grunnen er sjølvsagt at flytrafikken er lamma og dei konsekvensane det fører med seg.

– Kan gi katastrofeflaum

Selbekk har observert at oskeskya er gått litt ned i intensitet det siste døgnet.

– Grunnen til det er at utbrotet ikkje er i direkte kontakt med vatn akkurat no. Det som no skjer, er truleg at den byggjer seg opp igjen i det indre og utvidar seg og spyr ut meir lava.

– Konsekvensen av det er at det kan koma til å bli eit jøkullaup, altså ein katastrofeflaum frå isbreen som ligg over og rundt vulkanen. I det verst tenkjelege tilfellet kan flaumen skapa ei elv som fører med seg ein vassmasse på 250 000 kubikkmeter i sekundet, slik som skjedde etter utbrotet frå Katla i 1918. Det vil seia dobbelt så mykje som i Amazonas, slår han fast.

– Det blir spekulert i at den endå større vulkanen Katla alltid vil ha eit utbrot etter Eyafjallajökull. Kjem det til å skje denne gongen?

– Ikkje med ein gong, for det ligg ikkje i nøyaktig same område som denne vulkanen. Men historisk har det vist seg at Katla vil få eit utbrot frå nokre månader til eitt år etter at det har vore utbrot i Eyafjallajökull. Det er også sjanse for at det blir eit utbrot i Hekla. Den blir vekt til live ein gong kvart tiande år, og sist gong det skjedde var i 2000.

Ingen samanheng mellom naturkatastrofane

– I år har det så langt vore jordskjelv i Haiti, i Indonesia, i Chile, i grenseområda mellom USA og Mexico og i Kina. Og no er det altså vulkanutbrot på Island. Er det nokon samanheng i desse naturkatastrofane?

– Nei, det er det ikkje. Det er berre media som bringar slike store nyhende mykje raskare og dekkjer dei langt betre i dag enn tidlegare. Difor skapar dei inntrykket av at det er uvanleg. Det er det altså ikkje. Samtidig er folketalet på jorda mykje

VAKKERT: Eit vulkanutbrot kan vera vakkert, sjølv om det får konsekvensar for flytrafikken i heile verda.  Biletet viser utbrotet frå Eyafjallajökull. (Foto: Sverrir Thor, Flickr) 
 

høgare enn før, og i fattige område bur folk ofte i hus som ikkje ligg på fast grunn. Difor blir også konsekvensane av eit jordskjelv større enn før, poengterer Selbekk.

– Klør du ikkje sjølv i fingrane etter å ta turen til Island for å observera vulkanutbrotet med eigne auge?

– Jau, sjølvsagt. Eg skal dit i august, og då kan det henda det framleis ikkje vil vera for seint til å oppleva utbrot i Katla. Me har eit forskingsprosjekt i samarbeid med Nordisk vulkanologisk institutt i Reykjavik.

Vulkaneksperten er imponert over korleis islendingane taklar vulkanutbrotet.

– Dei er mest opptekne av å redda dyra og hindra at dei et fôr og drikk vatn som er blitt forureina av giftige fluorbindingar frå vulkanutbrotet. Det ville gitt dei ein pinefull død. Alle dyra går ute heile året, så difor er det viktig å driva dei til trygge beiteområde.

Viktig med fleire og betre luftmålingar

– No fekk eit relativt lite vulkanutbrot på Island store konsekvensar for resten av Europa på grunn av oskeskya som det produserte. Er det noko styresmaktene kan gjera for å sikra at flytrafikken kan gå, sjølv om slike oskeskyer skulle dukka opp på nytt?

– For flyselskapa må det vera viktig at det blir sett i gang fleire tiltak som kan føra til at det blir lettare å finna ut kor mange farlege partiklar som finst inne i ei oskesky. I dag er det berre Andøya rakettskytefelt som sender opp satellittar og ballongar som kan måla dette. Dei andre målestasjonane i Noreg ligg berre tre meter over bakkenivå, og kan sjølvsagt ikkje måla slike fenomen, konstaterer han.

Rune Selbekk oppfordrar også folk om å ta oskeprøvar og senda dei til han på Naturhistorisk museum.

Emneord: Geologi, Forskningsformidling, Naturhistorisk museum Av Martin Toft
Publisert 20. apr. 2010 16:12 - Sist endra 21. apr. 2010 14:52
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere