Auka honoraret til Universitetsstyret

Medlemane i Universitetsstyret får auka honoraret frå 80 000 kroner til 92 600 kroner i året. Det utgjer 20 prosent av lønnssteg 60. Det er første gong sidan 2005 at honoraret er blitt heva.

FÅR AUKA HONORARET: Medlemane i Universitetsstyret får auka honorsatsane for første gong sidan november 2005. (Arkivfoto)

Foto: Ola Sæther

Både dei eksterne representantane og representantane for dei tilsette i Universitetsstyret får det same honoraret på 92 600 kroner i året.

Representantane for dei tilsette kan også velja å bli frikjøpte 25 prosent frå den faste stillinga si i staden for å få utbetalt det faste årlege honoraret.

Dei medlemane i Universitetsstyret som er tilsette i rekrutteringsstilling får valet mellom å ta imot det same honoraret eller å få utvida stipendiatperioden med tre månader.

Når det gjeld studentrepresentantane vil dei få ei godtgjering som utgjer lønnssteg 10 på statens hovudlønnstabell i 12 ½ månader. I dag vil det seia ei årslønn på 222 400 kroner i året.

Alle varamedlemar får betalt for den tida dei har vore på møte, og for den tida dei har brukt til møteførebuing. Honoraret blir bestemt etter statens utvalsregulativ.

Det var eit samrøystes universitetsstyre som vedtok dei nye honorarsatsane.
 

Emneord: Universitetspolitikk, Lønn/lønnsforhandlinger Av Martin Toft
Publisert 28. apr. 2010 12:07 - Sist endra 28. apr. 2010 12:18
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere