Tener 10 millionar mindre på vitskapleg publisering

Universitetet i Oslo hadde ein ørliten auke i den vitskaplege publiseringa i 2009. Andre universitet aukar endå meir, og det taper UiO 10 millionar kroner på. Det viser tal frå forskingsdatabasen Frida. – Me er godt nøgde med publiseringsaktiviteten til forskarane våre, seier forskingsdirektør Bjørn Haugstad.  

PUBLISERER MEST: – Statistikken viser at UiO har den høgaste gjennomsnittlege publiseringsraten fordelt på kvar tilsett. Me er difor godt nøgde med publiseringsaktiviteten til forskarane våre, seier forskingsdirektør Bjørn Haugstad.

Foto: Martin Toft

Tala frå Frida viser at UiO står for 30,9 prosent av all vitskapleg produksjon i universitetssektoren, medan NTNU i Trondheim ligg på 19,5 prosent. Det er likevel NTNU som har auka talet på publiseringspoeng mest i 2009. Trondheimsuniversitetet har auka med 13,30 prosent, samtidig som UiO noterer ein ørliten oppgang på 0,40 prosent.

Frå 129 mill. til 119 mill.

Sidan Kunnskapsdepartementets pott til resultatbasert omfordeling ikkje aukar noko særleg, vil dette seia at UiO vil få litt mindre pengar frå denne posten på 2011-budsjettet. NTNU har auka litt meir enn det UiO auka med i 2008, så det universitetet vil sjølvsagt få ein litt større del av den potten enn det hadde tidlegare.

Utrekningar som seniorrådgjevar Per Heitmann i Økonomi- og planavdelinga har gjort, viser at UiO vil få 10 millionar kroner mindre i inntekter frå den resultatbaserte omfordelinga med desse publiseringstala. Det vil seia at UiO vil få redusert denne summen frå 129,3 millionar på 2010-budsjettet til 119 millionar kroner på 2011-budsjettet.

– Godt an i høve til liknande universitet

Forskingsdirektør Bjørn Haugstad meiner at NTNU og UiO ikkje er dei rette å samanlikna, fordi dei har ein ulik instituttstruktur.

– Derimot ligg UiO godt an samanlikna med Universitetet i Bergen og Universitetet i Tromsø som har ein lik struktur som oss. Det vil seia at Universitetet i Oslo ligg der det skal liggja, heilt på topp i Noreg, understrekar han.

Universitetet i Bergen og Universitetet i Tromsø noterte seg for ein auke i publiseringspoeng på høvesvis sju og fire prosent. Medan UiB står for 15,1 prosent av den samla vitskaplege produksjonen på universiteta, utgjer dette talet 7,5 prosent for Universitetet i Tromsø. Det er derimot andre ting å gleda seg over for forskingsdirektør Bjørn Haugstad.

– UiO-forskarane publiserer mest

– Statistikken viser at me har den høgaste gjennomsnittlege publiseringsraten fordelt på kvar tilsett. Der har me auka frå 1,12 til 1,16 publiseringspoeng frå 2008 til 2009. Ved UiB og NTNU ligg dette talet på 0,95 og 0,91. Ingen av dei andre institusjonane har nådd det resultatet som UiO fekk i 2009, seier Haugstad. Sjølv om tala på individnivå ser positive ut, trur han det ligg negative årsaker bak desse tala.

– I 2009 gjekk også talet på vitskaplege tilsette ned med 100 personar. Dermed blir det færre å fordela publiseringspoenga på, og dermed går den gjennomsnittlege vitskaplege produksjonen opp i ein overgangsfase. Difor tolkar eg det som eit resultat av at mange institutt har late faste stillingar stå ledige når nokon har slutta, fordi dei må spara pengar i økonomisk tronge tider. Me er difor spente på kor lenge denne auken i gjennomsnittleg publiseringspoeng for kvar tilsett vil halda seg, seier Haugstad.

Publiserer mest i prestisjetunge tidsskrift

Han ser også andre positive trekk i desse tala.

– Det er Universitetet i Oslo som har dei desidert høgaste publiseringstala på det beste nivået, altså nivå 2. På dette nivået vil vitskaplege artiklar som er publiserte i forskingstidsskrift som Science, Nature og The Lancet bli registrerte. 24,6 prosent av alle publiseringane våre er på det nivået, medan Universitetet i Bergen og NTNU i Trondheim har 24 og 21,2 prosent av publiseringane sine på det beste nivået, konstaterer Haugstad.

– Det har vore ein del motstand mot dette teljekantsystemet. Trur du at det er noko å henta på at endå fleire registrerer den vitskaplege produksjonen sin i Frida?

– Nei, eg trur alle dei vitskaplege tilsette er klar over kor viktig det er å gjera dette registreringsarbeidet. Når det er sagt, vil eg gjerne understreka at mesteparten av arbeidet blir gjort av Forskingsadministrativ avdeling og fakultetsadministrasjonane.

– Kvar går dei pengane som UiO får frå Kunnskapsdepartementet som grunnlag for publiseringspoenga?

– Dei blir fordelte ut til fakulteta. Og så er det opp til fakulteta å fordela dei vidare til institutta.

Om ein brekkjer ned tala til fakultetsnivå viser det seg at Det medisinske fakultetet har det høgaste talet på publikasjonar ved UiO. Det ligg likevel bak Det humanistiske fakultetet når det gjeld publiseringspoeng, fordi HF har færre medforfattarar, sjølv om det totalt sett har færre publikasjonar.

Det er likevel Det samfunnsvitskaplege fakultetet som har størst auke i talet på publiseringspoeng i 2009. Det har auka frå 412,7 i 2008 til 469,8 poeng i 2009.

Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet produserer likevel mest poeng av alle fakulteta med 920,6 i 2009. Det er ein nedgang frå 2008, då fakultetet oppnådde 958,2 poeng. På HF har produksjonen av publiseringspoeng falle frå 737,2 til 712,6 poeng i den same perioden.
 

 

 

Emneord: Forskning, Økonomi, Forskningspolitikk Av Martin Toft
Publisert 5. mars 2010 11:11 - Sist endra 9. mars 2010 13:43
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere