Støttar tanken om etterarbeidsstipend

– Stipendiatar som har levert avhandlinga må få nokre månader ekstra til publisering, foreslår UiO-stipendiat Jens Plahte. – Eg støttar tanken om å forlengja stipendiatperioden for å kunna fullføra publisering på ein god måte, seier rektor Ole Petter Ottersen til Uniforum.

STØTTAR TANKEN: – Fakulteta må sjølve kunna velja løysingar som passar for dei, men eg støttar tanken om at det i mange tilfelle vil vera svært nyttig å kunna forlengja stipendiatperioden, ikkje minst for å kunne fullføre publisering på ein god måte, seier UiO-rektor Ole Petter Ottersen.

Foto: Martin Toft

–Tildel tre til seks månader med etterarbeidsstipend til kandidatar som har levert inn avhandlinga. Det gir høve til å få ferdig halv- og upublisert materiale, trur Jens Plahte som i januar leverte inn doktoravhandlinga si ved Senter for teknologi, innovasjon og kultur ved UiO. Han lanserte forslaget i i eit lesarinnlegg i førre nummer av Forskerforum, og i siste nummer utbroderer han ideen sin i ein redaksjonell artikkel.

I avhandlinga har han skrive om vaksineinnovasjon og global helse. No går han og ventar på den endelege dommen over doktoravhandlinga si. Stipendet har tatt slutt og ei mogleg postdoktorstilling ligg fleire år framover i tid.

– Ein hamnar i eit hol, og så er det ganske tilfeldig kven som held seg flytande innanfor akademia. Det ser ut som om det er svært lite pengar til vikariat og engasjement i systemet, og for å få slike sjansar er ein gjerne avhengig av nettverk og gode kontaktar til seniorsjiktet. Andre stipendiatar blir avhengige av ektefellen eller NAV, seier Plahte til Forskerforum.

– Nyttig for kunna fullføra publisering

UiO-rektor Ole Petter Ottersen synest ikkje dette er eit dårleg forslag.

– Fakulteta må sjølve kunna velja løysingar som passar for dei, men eg støttar tanken om at det i mange tilfelle vil vera svært nyttig å kunna forlengja stipendiatperioden, ikkje minst for å kunne fullføre publisering på ein god måte. Den prinsipielle haldninga mi er at ei stipendiatstilling burde vore betre finansiert. Det gjeld særleg dei som kjem frå Kunnskapsdepartementet. Dette er også noko som kjem fram i rapporten til handlingsromsutvalet, peikar han på.

Kan redusera talet på stipendiatstillingar

Dersom det ikkje blir ei betre finansiering, er han klar over kva som kjem til å skje.

– Så får me heller redusera talet på stipendiatstillingar, dersom det ikkje kan leggjast meir pengar i potten. Ei betre finansiering gjer det mogleg med større fleksibilitet mellom anna når detgjeld forlenging av stipendiatperioden med omsyn til publisering og kvalifisering, understrekar han.

Både Plahte og Ottersen viser til at Det humanistiske fakultetet tilbyd stipendiatar som leverer på normert tid eit halvår med mellombels tilsetjing med arbeidsoppgåver som liknar på ei lektorstilling. Ottersen  trur likevel ikkje at dette er tiltaket som skal til for å få fleire doktorkandidatar til å halda fram med forskinga.

– Det er vel eit hypotetisk spørsmål, sidan det i dei fleste miljøa er stor knappleik på postdoktorstillingar, konstaterer Ottersen.

Bør avtala det tidleg

Jens Plahte synest at institusjonane allereie ved tilsetjing av doktorgradsstipendiatar bør leggja inn høvet til å forlengja perioden med eit halvt år etter at avhandlinga er levert.

– Ein må sjå på kva potensial som ligg i arbeidet til stipendiaten når det gjeld publisering, anten det er snakk om vitskapleg publisering eller popularisering, omsetjing, utvikling av eit postdoktorprosjekt eller liknande. Poenget er at stipendiaten skal kunna surfa på si eiga kjølvatnsbylgje. Eigentleg er det vel dette som bør kallast postdoktorstipend, og så kan dagens postdoktor heller heite preprof-, rekrutteringsstipend eller noko liknande, seier Plahte til Forskerforum.

– Kan gi færre doktorstipend

Heller ikkje administrerande direktør Arvid Hallén i Forskingsrådet er framand for denne tanken. Problemet er finansieringa.

– Kanskje må me ta litt at den potten som allereie ligg i stipendløyvingane, noko som i praksis vil seia færre doktorgradsstipend. Men den diskusjonen får me ta om forslaget om etterarbeidsstipend, verkeleg blir noko svært mange sluttar opp om, seier Hallén til Forskerforum.

 

Emneord: Stipendiat, Forskningspolitikk Av Martin Toft
Publisert 5. mars 2010 15:25 - Sist endra 5. mars 2010 15:38
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere