Snart 70 – nektar å pensjonera seg

I desember fyller professor Anders Gustavsson 70 år, og han må pensjonera seg. Men han trivst godt som professor i kulturhistorie og søkjer om å få halda på i to år til. – Det er faktisk mogleg å få til ifylgje paragraf 3 i Lov om aldersgrenser for offentlige tjenestemenn.

SØKJER OM Å FÅ JOBBA: – Eg lengtar ikkje etter å pensjonera meg, sidan eg har det så fint her. Det seier professor i kulturhistorie, Anders Gustavsson, som i desember fyller 70 år. No søkjer han om å få arbeida to år til.

Foto: Ola Sæther

– Eg synest det er eit kjempegodt fagmiljø ved Institutt for kulturstudium og orientalske språk (IKOS). Og eg har dessutan eit svært godt forhold til studentane frå 17 ulike fag som alle tar det felles feltkursstudiet hos meg.Heile tida får eg også positive tilbakemeldingar på det eg gjer. Eg lengtar difor ikkje etter å pensjonera meg sidan eg har det så fint her. Det seier professor i kulturhistorie, Anders Gustavsson, som i desember fyller 70 år.

Etter tradisjonen skal han då pensjonerast, anten han vil eller ikkje. Men Gustavsson vil gjerne halda fram i to år til. Og han har funne ut at han har lova på si side.

– Mange er merksame på paragraf 2 i ”Lov om aldersgrenser for offentlige tjenestemenn m.fl” der det står at ”Den alminnelige aldersgrense er 70 år”. Derimot er det få som har tatt til fylgje det som står i paragraf 3: ”Tilsettingsmyndigheten kan treffe bestemmelse om at en tjenestemann skal kunne fortsette i tjenesten utover den aldersgrense som gjelder for stillingen, når tjenestemannen fremdeles fyller de krav som stillingen forutsetter.” Vidare i lovparagrafen går det fram at det er mogleg å forlengja arbeidstida med to år etter fylte 70, og deretter med eittog eitt år fram til vedkomande fyller 75 år, seier han ivrig.

– Og dessutan oppmodar Statens personalhandbok frå 2009 statlege arbeidsgjevarar om å leggja til rette for at eldre arbeidstakarar held fram i tenesta. Eg meiner at dette viser at det faktisk er mogleg å få til. Lovheimelen eksisterer, problemet er at den ikkje blir praktisert, meiner Gustavsson.

– Prinsippsak

Han synest også at den endelege avgjerda i slike spørsmål må takast av tilsetjingsutvalet ved kvart einskilt fakultet eller av universitetsleiinga.

– Dette er ei generell prinsippsak. Difor er det viktig at alle tilsetjingsutvala har felles praksis i dette spørsmålet, understrekar Gustavsson.

– Instituttleiaren min, professor Arne Bugge Amundsen, er klar over at eg har søkt om å få halda fram to år til etter at eg har fylt 70 år. Han støttar meg i utspelet om at me må få ei felles haldning til dette spørsmålet ved UiO. Forskarforbundet støttar meg også. Det er også grunnen til at eg har kome med eit slikt innspel til UiOs strategiske plan, fortel han.

Prøvekanin

Gustavsson viser også til at professores emeriti Tore Amundsen, Knut Bjørlykke, Eivind Osnes og Bjørn Pedersen ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet har kome med eit liknande utspel til høyringsrunden om UiOs strategiske plan. Der varslar dei eit framtidsscenario der aldersgrensa på 70 år kan bli forlengja eller falla heilt bort, slik som i USA.

Dei etterlyser ei felles haldning frå universitetsleiinga til korleis dei vil stilla seg til dette, og om det vil bli utvikla ordningar slik at UiO får halda fast på dei ein vil ha, og fasa ut dei som ikkje fungerer. Gustavsson har ingenting imot å vera den første prøvekaninen på dette området.

– Eg ser at dette er ei viktig, prinsipiell sak som eg er villig til å gå i brodden for på vegner av kollegaene mine. Mange av nobelprisvinnarane i fysikk, kjemi og medisin er langt over 70 år, men fleire av dei fungerer framleis fint. Det er synd om den kunnskapen og dei røynslene dei eldste forskarane har opparbeidd seg over lang tid, skal gå tapt for universitetet med ein gong dei pensjonerer seg. Personleg er eg overtydd om at dei som føler at dei enno har masse å gi fagleg, vil vera ein stor ressurs for universitetet. Det er synd om dei blir tvinga til å sitja heime og slå dagane i hel med å sjå fjernsyn, eta og gå tur. For intellektet er det viktig at ein blir stimulert, og det blir ein om ein held fram som forskar og universitetslærar etter at ein eigentleg har nådd aldersgrensa, meiner han.

– Innfrir krava

Gustavsson har til saman opparbeidd 23 år med pensjonsrettar i Sverige og 12 år i Noreg.

– Strengt tatt burde eg vel ha 40 års ansiennitet for å få full pensjon. Men det er ikkje det som er motivet mitt. Det viktigaste for meg er at eg kan få lov til å halda fram i forskingsmiljøet så lenge eg innfrir dei krava stillinga set. Studentevalueringane av meg er positive, publisering av artiklar i Frida er omfattande, og dessutan har eg aldri bede om forskingsfri. Årleg har eg presentert nye funn på internasjonale konferansar. Så eg meiner absolutt at eg framleis er kvalifisert for denne stillinga, seier Anders Gustavsson.

– Ein stor ressurs for UiO

Uniforum tar kontakt med rektoratet ved UiO, som ser positivt på bidraget som professorar på over 70 år yter til universitetet.

– Professorar over 70 år er ein stor ressurs for UiO. Ved universitetet har me mange pensjonerte professorar som gir viktige bidrag til fagmiljøa sine. Dagens ordning, der pensjonerte professorar får ein arbeidsplass mot å forplikta seg til å bidra inn i fagmiljøet sitt er ei god ordning, svarer prorektor Inga Bostad på vegner av rektoratet.

– Korleis vil de sjå på det om fleire 70 år gamle professorar ville søkja om å halda fram til dei var 72 og heilt opptil 75 år?

– Spørsmålet om ein professor skal få høve til å stå i stillinga si ut over fylte 70 år, er ei konkret vurdering som må takast ved det enkelte instituttet.

– Mange meiner at det vil vera naudsynt at universitetsleiinga tar ei generell avgjerd om dette for heile UiO, i staden for at kvar einskild instituttleiar skal bestemma det. Kva meiner de om det?

– Avgjerda om å gi ein professor høve til å stå i professorstillinga si ut over fylte 70 år, er ei avgjerd som den enkelte instituttleiar er den næraste til å ta. Det må gjerast ei konkret vurdering i det enkelte tilfellet. Slik rektoratet ser det, er det ikkje formålstenleg å laga reglar frå sentralt hald om dette. Det må vera opp til den enkelte eininga å gjera denne vurderinga.

– Fryktar de at dei vil hindra nyrekruttering av forskarar til UiO?

– Nei, me ser ingen motstrid i dette.

 

 


 

Emneord: Arbeidsmiljø, Arbeidsforhold, Personalbehandling/politikk Av Martin Toft
Publisert 10. mars 2010 15:55 - Sist endret 10. mars 2010 16:10

Hei: Jeg blir forundret når jeg ser at prorektor ikke ser noen motstrid mellom tilsetting ut over 70 år og nyrekruttering. Jeg tar som utgangspunkt at 70-åringen ikke ønsker emeritus-status, men virkelig tilsetting. Hvis vedkommende skal være tilsatt, skal vedkommende selvfølgelig ha lønn. Ettersom pensjon er maks 67% av lønn, betyr det at UiO må dekke minst 33% såfremt vedkommende fortsetter i samme lønnstrinn. Hvor kommer de midlene fra? Vanligvis vil de måtte komme fra den "ledige" stilllingen og dermed mangler tilsvarende beløp for nytilsetting. Jeg kjenner ingen institutter som har "penger på bok" for slike tilfeller. Hilsen Gunnar Nicolaysen professor emeritus og tidligere instituttleder IMB, Med Fak

Gunnar Nicolaysen - 13. mars 2010 14:18

Kjære Gunnar Nicolaysen. Det kan være grunn til å presisere vårt svar til Uniforum om pensjonister på UiO. Loven åpner som du kjenner til for at personer kan stå i stillingen sin ut over fylte 70 år. Dette er kun aktuelt i noen svært få tilfeller. Beslutningen om å gi en professor mulighet til å stå i sin professorstilling ut over fylte 70 år er en beslutning som den enkelte instituttleder er den nærmeste til å ta. I praksis vil det i all hovedsak være slik at de som fyller 70 år går av med pensjon. Dette sikrer nyrekrutering og forutsigbarhet i fagmiljøene. Vi synes imidlertid det er flott dersom enhetene tilrettelegger for emeriti, ved å tilby arbeidsplass etc. slik det gjøres mye allerede. Pensjonistene ved UiO representerer en betydelig ressurs som det må være mulig å ivareta uten å leggge hindringer i veien for de yngre. vennlig hilsen rektoratet ved prorektor Inga Bostad

Inga Bostad - 19. mars 2010 11:06
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere