Nettreform på teologi

I dag sjøset Det teologiske fakultetet dei nye nettsidene sine. Det blir dermed det andre fakultetet som tilpassar nettsidene sine til den nye grafiske profilen til Universitetet i Oslo.  Webredaktør Rune Selnes og dekan Trygve E. Wyller kan skryta av at nettsidene var ferdige ein dag før planen.

NYE NETTSIDER: Webredaktør Rune Selnes og dekan Trygve E. Wyller viser fram dei nye nettsidene på Det teologiske fakultetet.

Foto: Ola Sæther

I desember kunne Det juridiske fakultetet som den aller første eininga ved UiO jubla for heilt nye nettsider tilpassa UiOs nye grafiske profil. I dag feirar Det teologiske fakultetet at det blir det andre fakultetet som er blitt heilt nytt på nett.

Dekan Trygve E. Wyller har fylgd arbeidet med dei nye nettsidene tett.

– For meg har det vore viktig å vera med så langt eg rekk, fordi eg synest det er eit fagleg leiingsansvar. Eg kan sitja lengst bak og vera ansvarleg redaktør og samtidig vera sikker på at dei som gjer jobben, kan det dei held på med, seier Wyller til Uniforum.

– Eg synest det er blitt gjort mykje godt arbeid på fakultetet, men også sentralt. Og det har dei klart på svært kort tid, understrekar Wyller.

– Ferdig før planen

– Ja, Det teologiske fakultetet blei ferdig ein dag før planen. Det er slett ikkje så vanleg på universitetet, seier assisterande webredaktør ved UiO, Camilla Eidsten Evensen. Ho har saman med webredaktør Rune Selnes på teologi, vore ansvarleg for at innhaldet på dei nye nettsidene skulle bli best mogleg.

– Me er glade for den støtta me har fått frå dekan Trygve E. Wyller. Det har vore viktig for at me får gjennomslagskraft for dei endringane me innfører på nettet, seier Selnes.

– Kva har vore det vanskelegaste i dette arbeidet?

– Det vanskelegaste har vore å få levert alt innhaldet og få det gjennomgått og korrigert innanfor tidsplanen, svarar Selnes.

– Raskare gjennomgang av forskingsprofilen

Teologidekanen meiner at arbeidet med å utvikla dei nye nettsidene også har gitt andre fordelar.
– Det har ført til at gjennomgangen av forskingsprofilen vår gjekk fortare enn det me hadde planlagt. Me ynskjer å bruka dei nye nettsidene til å presentera oss på den måten me ynskjer å sjå ut. Så skal me heile tida bruka meir tid på revidering. Ein del av kollegaene våre vil heilt sikkert koma med ein del spørsmål når dei ser sidene for første gong, trur Wyller.

Han har også ei kritisk tilbakemelding til dei øvste ansvarlege for UiOs websider.

– Det var eit dårleg val å kalla forskingssidene for forsking og fakta. Humaniora slutta med å jakta på fakta for over 250 år sidan, slår han fast.

– Elles så synest eg at forskingsaktivitetane til teologi får ein mykje betre og breiare plass på dei nye nettsidene enn det dei hadde tidlegare. Det skjer samtidig som me held på med omorganisering av forskingsprofilen vår som ein konsekvens av den faglege prioriteringsprosessen, konstaterer Wyller, før han må springa vidare til eit møte.

– Ynskjer å vera aktuelle

Det teologiske fakultetet er er eit lite fakultet, og har ingen ambisjonar om å leika nettavis.

– Dermed kjem det ikkje til å vera eit høgt tempo på publisering av nye saker. Me ynskjer derimot å vera aktuelle - og på den måten skriva gode saker og skifta dei ut med jamne mellomrom, utan at det å skulla produsera nye saker er eit mål i seg sjølv, understrekar Rune Selnes, som gjerne vil skryta av samarbeidet med prosjektet Ny UiO-web.

– Det har vore hyggeleg å samarbeida med dei og dei har alltid vore tilgjengelege når me har trengt dei, seier han.

I dag klokka 08.00 lanserer Det teologiske fakultetet dei nye nettsidene med ei lita høgtideleg markering.

 

Emneord: Web, Teologi Av Martin Toft
Publisert 17. mars 2010 15:55 - Sist endra 18. mars 2010 13:29
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere