Amerikanaren John Tate får Abelprisen

Matematikkprofessor John Torrence Tate (85) frå University of Texas i Austin er i dag tildelt Abelprisen. Han får prisen for arbeidet sitt med talteorien. Prisen er på seks millionar kroner, og den blir delt ut av kong Harald i Gamle Logen den 25. mai.

FÅR ABELPRISEN: Den amerikanske matematikkprofessoren John Torrence Tate (bak) er tildelt Abelprisen for 2010.

Det var første gong preses i Vitskapsakademiet, Nils Christian Stenseth kunngjorde Abelprisvinnaren.

– Dette er ein stor dag for matematikken og for vitskapen. Årets vinnar av Abelprisen i matematikk er John Torrence Tate frå University of Texas, Austin, var orda Stenseth brukte då han skulle avsløra kven Abelpriskomiteen hadde vald ut som vinnar i 2010. Tate får Abelprisen på grunn av arbeidet sitt med talteorien.

Forklarar overføring, lagring og sikring av data

Talteorien strekkjer seg frå primtala sine mysterium til måten me lagrar, overfører og sikrar informasjon på i moderne datamaskiner. Gjennom det siste hundreåret har den vakse til å bli ein av dei mest raffinerte og høgast utvikla greinene i matematikken, i eit samspel med andre sentrale område, skriv Vitskapsakademiet i ei pressemelding.

Tate-modulen og Tate-kurva

John Tate, som fylte 85 år den 13. mars, er ein av hovudarkitektane bak denne utviklinga. Dei vitskaplege arbeida hans går over seks tiår. Han har vore opphav til ei mengd sentrale matematiske idear og konstruksjonar som no ber namnet hans; Tate-modulen, Tate-kurva, Tate-syklusen, Hodge-Tate-dekomposisjonane, Tate-kohomologien, Serre-Tate-parameteren, Lubin-Tate-gruppa, Tate-sporet, Shafarevich-Tate-gruppa, Néron-Tate-høgda og mange fleire.

Abelkomiteen seier dette om arbeidet hans: «Mange av hovedretningene innen algebraisk tallteori og aritmetisk geometri eksisterer i dag bare takket være John Tates skarpsindige bidrag og lysende innsikt. John Tate har satt et sterkt og varig preg på moderne matematikk».

– Dukkar heile tida opp nye problem

– Eg er sjølvsagt glad for å ha fått prisen, sa Abelprisvinnaren på ei telefonlinje frå USA rett etter kunngjeringa. Han trudde ikkje det var mogleg å løysa alle matematiske problem med det første. – Dess meir du forskar på matematikken, dess fleire problem det dukkar opp som ein må prøva å løysa, meinte han.

– Har du eit favoritt-tal? spurde matematikkprofessor og talteoriekspert Marcus du Sautoy frå Oxford University.

– Nei! var det kontante svaret han fekk.

John Tate har fått mange prisar og stor heider. Alt i 1956 fekk han Cole-prisen frå American Mathematical Society (AMS) for framifrå bidrag til talteorien. I 1995 fekk han Leroy P. Steele-prisen for livsverket sitt frå American Mathematical Society.

Då Tate delte Wolf-prisen i matematikk med Mikio Sato i 2002/2003, blei han heidra for «å ha skapt vesentlige begreper i algebraisk tallteori». Han blei invitert som foredragshaldar ved den internasjonale matematikarkongressen både i Stockholm i 1962 og i Nice i 1970.

BODBERAREN: Det var preses Nils Christian Stenseth i Vitskapsakademiet som kunngjorde at John Torrence Tate hadde fått tildelt Abelprisen for 2010. (Foto: Ola Sæther)

Kong Harald deler ut prisen

John Tate blei vald til medlem av det amerikanske National Academy of Sciences i 1969. Han blei utanlandsk medlem av det franske Académie des sciences i 1992 og æresmedlem av London Mathematical Society i 1999.

John Torrence Tate vil altså få utdelt Abelprisen frå kong Harald i Gamle Logen i Oslo 25. mai. Abelprisen er blitt delt ut kvart år sidan 2003.

 

Emneord: Abelprisen, Naturfag Av Martin Toft
Publisert 24. mars 2010 14:49 - Sist endra 24. mars 2010 15:25
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere