Nedkvitne krev millionerstatning

Den oppsagde mellomalderprofessoren Arnved Nedkvitne ankar dommen frå Oslo tingrett og krev ein million i erstatning frå Universitetet i Oslo.

KREV 1 MILLION: Arnved Nedkvitne ankar dommen frå Oslo tingrett og krev 1 million i erstatning frå UiO.

Foto: Ola Sæther

Nedkvitne krev samtidig at oppseiinga blir kjent ugyldig og at han får jobben tilbake. Det går fram av anken til Borgarting lagmannsrett av dommen frå Oslo tingrett, som altså gav UiO medhald i at oppseiinga var gyldig.

Truleg vil saka koma opp for lagmannsretten i løpet av hausten. Det er advokat Vidar Strømme frå advokatfirmaet Schjødt som kjører saka på vegner av Arnved Nedkvitne denne gongen. I Oslo tingrett var det Preben Mo Fredriksen som var advokat for Nedkvitne.

I anken går også fram at dersom motparten ankar ein dom i lagmannsretten som gir Nedkvitne medhald, vidare  til Høgsterett, vil advokat Vidar Strømme  be om at Nedkvitne blir sett inn igjen i professorstillinga mellom behandlinga i lagmannsretten og dom i Høgsterett.

Styret for Forskarforbundet gjorde 18. februar det klart at det ville finansiera kostnadane dersom Nedkvitne anka dommen frå Oslo tingrett. Grunngjevinga var at Forskarforbundet meinte det var ein del prinsipielle sider ved dommen som det var naudsynt å få behandla ved ein høgare rettsinstans. 

I Borgarting lagmannsrett vil Arnved Nedkvitne og advokat Vidar Strømme argumentera for at  ytringsfridom og akademisk fridom er sentrale grunnlag i den rettslege vurderinga av saka. Det blir også hevda at dommen sitt generelle perspektiv på  den akademiske ytringsfridomen, er direkte feilaktig  og skadeleg for det akademiske virke.
 

Emneord: Arbeidsforhold, Arbeidsmiljø Av Martin Toft
Publisert 9. mars 2010 11:11 - Sist endra 9. mars 2010 11:58
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere