Verneombod vil stansa flytting

Verneombod Elisabeth Augdahl ber om at den mellombelse interne flyttinga av fem økonomikonsulentar ved Det medisinske fakultetet blir stansa. Grunnen er at kontora er for små og at leiinga ikkje har tatt verneombodet med på råd i flytteprosessen. Instituttleiar Frode Vartdal vil likevel ikkje stansa flyttinga.

VIL STANSA FLYTTING: – Eg stansar denne flytteprosessen, fordi eg meiner at den planlagde flyttinga kan vera ei stor bør for helsa og arbeidsevna til dei medarbeidarane som har fått beskjed om å flytta, seier verneombod Elisabeth Augdahl ved Det medisinske fakultetet.

 

Foto: Ola Sæther

Det er leiinga ved Institutt for sjukehusmedisin som gjerne vil ha lokalisert alle økonomikonsulentane sine mellombels på Rikshospitalet før dei skal flytta inn i permanente lokale i Søsterhjemmet på Ullevål.

For fem av økonomikonsulentane, som i dag held til i Veglaboratoriet i Gaustadalleen 25, fører det til at dei må flytta til Rikshospitalet 1. mars, før dei skal flytta permanent til Søsterhjemmet seinast eit halvt år seinare. Det skjer eitt år etter at dei måtte flytta ut frå det same Søsterhjemmet på grunn av at ein del av dei tilsette meinte at dei blei dårlege på grunn av inneklimaet.

– Bryt Arbeidsmiljølova

– Eg stansar denne flytteprosessen fordi eg meiner at den planlagde flyttinga kan vera ei stor bør for helsa og arbeidsevna til dei medarbeidarane som har fått beskjed om å flytta. Leiinga ved instituttet har heller ikkje varsla verneombodet om denne mellombelse flyttinga, slik den skal ifylgje Arbeidsmiljølova, seier Augdahl.

Ho meiner difor at arbeidsgjevaren har brote både Arbeidsmiljølovas paragraf 6-3.1 fordi flyttinga er helsefarleg og paragraf 6-2-4 fordi verneombodet ikkje er blitt varsla.

Dei fem medarbeidarane som skal flytta inn på Rikshospitalet får tilbod om kontor som verneombodet slår fast er altfor små i høve til kravet på seks kvadratmeter golvplass for kvar person. Dessutan meiner ho at flyttinga grip inn midt i den mest hektiske perioden med budsjettering av prosjekt.

– Dårleg tidspunkt

–Tidspunktet er difor svært dårleg vald. For sakshandsamarane er det no viktig med eit nært samarbeid med økonomiseksjonen til fakultetet i denne prosessen. Det er ei stor ekstra bør for desse medarbeidarane. Under heile omorganiseringa i fjor gjorde eg det klinkande klart at økonomikonsulentane måtte sleppa nye rundar med flytting, før det var mogleg å flytta inn i og kunna ta i bruk permanente lokale, seier Augdahl.

– Verneombodet kan ikkje stansa flyttinga

Instituttleiar Frode Vartdal ved Institutt for sjukehusmedisin vil ikkje stansa flyttinga.

– Så vidt eg veit, kan ikkje verneombodet stansa ei slik mellombels flytting. For oss er det viktig å få samlokalisert alle økonomimedarbeidarane på Rikshospitalet fordi me har fått det overordna ansvaret for økonomien til heile Institutt for sjukehusmedisin.  Mellom anna er det operative ansvaret for økonomiforvaltinga delegert til oss frå Det medisinske fakultetet. Me må difor byggja opp eit heilt nytt sekretariat, og med det ein ny økonomiseksjon, der det trengst fleire folk. Førebels er det ikkje plass til alle på ein stad, men planen er at når me får plass på Ullevål vil me leggja instituttsekretariatet dit og ha ein satellitt på Rikshospitalet. Fram til dette er på plass, seinast om eit halvt år, må me ha ei mellombels løysing med økonomiseksjonen på Rikshospitalet og personalseksjonen på Ullevål. Fram til då må åtte økonomimedarbeidarar dela fire kontor på 10 kvadratmeter på Rikshospitalet.

– Kvifor kunne de ikkje venta eit halvt år til til dei permanente lokala var klare?

– Me meiner at det er uheldig og upraktisk at økonomimedarbeidarane må ut og vandra fram og tilbake mellom Veglaboratoriet og Rikshospitalet kvar gong dei skal i møte med dei andre i økonomiseksjonen. Eg trur det er mykje betre funksjonelt og for arbeidsmiljøet at dei kan sitja saman i ein mellomperiode enn å halda fram med desse spaserturane mellom dei ulike lokala, seier Vartdal.

Han har ikkje merka nokon motvilje frå dei som må flytta på seg.

– Eg har ikkje registrert nokon motstand mot den planlagde flyttinga.

– Fordel med felles lokalisering

– Verneombodet meiner at dei vil tapa verdifull arbeidstid fordi det skjer midt i perioden med budsjettering av prosjekt. Er ikkje det eit viktig argument for instituttleiinga?

– Det er sjølvsagt viktig at dei får gjort seg ferdig med mesteparten av årsoppgjeret for 2009. Og det er heller ikkje bra at overarbeidde medarbeidarar får endå meir å gjera. Difor er me også i ferd med å tilsetja nye medarbeidarar. Då er det også ein fordel med felles lokalisering.

– Det vil seia at de ikkje vil ta omsyn til vedtaket frå verneombodet om å stansa flytteprosessen?

– Me meiner at verneombodet berre kan gjera det, så sant arbeidsmiljøet er ein  fare for helsa til dei tilsette. Det synest me ikkje er tilfellet i denne saka der ulempa for medarbeidarane er kortvarig. Uansett må Universitetet i Oslo sentralt  avklara det spørsmålet.

Emneord: Arbeidsmiljø, Medisin Av Martin Toft
Publisert 22. feb. 2010 15:56 - Sist endra 22. feb. 2010 18:36
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere