Utset avgjerd om Kulturhistorisk museum

Regjeringa har bestemt seg for å utsetja den endelege avgjerda om nytt Kulturhistorisk museum skal byggjast på Bygdøy eller i Bjørvika etter forslag frå statsråd Tora Aasland. – Dette var ei fornuftig avgjerd, synest museumsdirektør Egil Mikkelsen.

BEST ARGUMENT FOR BYGDØY: – Det er framleis økonomiske og museumsfaglege argument som talar til fordel for Bygdøy, meiner statsråd Tora Aasland.

Foto: Martin Toft

– Eg er glad for at regjeringa er einig med meg i at det skal vera ein demokratisk prosess, der alle spørsmåla skal avklarast før den endelege avgjerda blir tatt, sa Tora Aasland på ein hurtiginnkalla pressekonferanse i ettermiddag. Ho ynskjer difor altså å venta på dei utgreiingane som er i gang og på dei prosessane som framleis pågår.

I hovudsak er det altså den tinga analysen om trafikkforholda på Bygdøy og dei totale reguleringsforholda i Bjørvika, inkludert forholdet mellom Mellomalder-områda og sjøen som krev ei vidare avklaring før ei avgjerd kan takast.

 Aasland meiner likevel at det meste taler for Bygdøy.

– Det er framleis økonomiske og museumsfaglege argument som talar til fordel for Bygdøy. Eg ser samtidig at det kan vera politiske og utviklingsmessige argument som talar i retning av Bjørvika, meinte ho

Tidlegare har ei utgreiing frå konsulentselskapet Metier og Møreforsking konkludert med at Bygdøy er både det beste og det billegaste alternativet for eit nytt Kulturhistorisk museum.

Ynskjer svar på fleire utgreiingar

Statsråd Tora Aasland meiner at den politiske debatten som har vore ført så langt ikkje har endra desse konklusjonane på nokon måte.Den siste veka har både Oslo- og Akershusbenken på Stortinget mobilisert for å få regjeringa til å vedta at Kulturhistorisk museum skal byggjast i Bjørvika. Nesten alle bystyrepolitikarane i Oslo ynskjer det same. På spørsmål frå Uniforum avviser Aasland at det er politisk press som er årsaka til at avgjerda no er utsett.

– Nei, eg synest at dette viser at den politiske debatten ikkje er uttømt. Det er ein viktig demokratisk prosess. Og grunnen til at eg har foreslått å utsetja avgjerda er ikkje at eg fryktar å ta viktige avgjerder. For meg er det viktig at både regjeringa, Riksantikvaren, Oslo kommune og UiO saman kan stå bak den endelege avgjerda når den blir tatt. Difor vil eg halda fram med å halda møte med alle dei involverte i tida framover, understreka Aasland.
Trafikkanalysen for Bygdøy vil vera klar i månadsskiftet april/mai. Dei andre utgreiingane vil også vera klare før sommarferien, opplyste ho.

Uvisst når regjeringa bestemmer seg

Derimot kunne ho ikkje seia sikkert når regjeringa kan gjera eit endeleg vedtak i denne lokaliseringssaka.
–Utspela frå riksantikvar Jørn Holme har brakt mange nye viktige moment inn i denne debatten, og det same har dagens utspel frå styreleiar Thor Heyerdahl i Kon-Tikimuseet gjort. Aasland kunne heller ikkje svara på når eit nytt kulturhistorisk museum kan stå klart, anten i Bjørvika eller på Bygdøy.
–Når det er bestemt, byrjar først planlegginga, før bygginga kan ta til. Dette er ei viktig avgjerd for Noregs historie både når det gjeld forvalting, forsking og formidling. Derfor er det heilt klart at grunnlaget for det endelege vedtaket må vera så godt som mogleg.

– Fornuftig avgjerd

Direktør Egil Mikkelsen i Kulturhistorisk museum er godt nøgd med at regjeringa førebels har utsett vedtaket om lokaliseringa av det nye museumsbygget.

– Dette var ei fornuftig avgjerd. Det er likevel beklageleg at saka stadig blir utsett.Men det er ei stor og komplisert sak med mange ulike ting som det må kastast meir lys over, konstaterer han.

–Me påpeikte det også i den analysen som blei presentert av Kunnskapsdepartementet i fjor haust. Me vil no vera i dialog med departementet og sjå på trafikkanalysen for Bygdøy og den totale reguleringa av Bjørvika, slår Mikkelsen fast.

– Når trur du regjeringa bestemmer seg?

– Statsråden seier at det blir tatt ei avgjerd før sommaren, men det er viktigare at dei gjer det som er naudsynt enn at det skjer før sommarferien.Viss grunnlaget for avgjerda er veldig mykje betre, toler me å venta endå lenger, seier han.

Mikkelsen tykkjer at representantane for Oslo kommune har spelt ei viktig rolle i den politiske debatten.

– Eg synest at Oslo kommune har kome med sterke argument og signal om at dei ikkje aksepterer så stor utbygging på Bygdøy. Tidlegare har Oslo kommune hatt problem med å få Riksantikvaren til å akseptera forslag om å byggja sykkelsti og barnehage på Bygdøy. Det skulle vera rart om dei då vil seia ja til eit massivt "bunkersmuseum" på Bygdøy. Det er også viktig at det er tverrpolitisk samling i Oslo bystyre og på Oslo-benken for  Bjørvika. Det styrkjer håpet om at me får til dette som ei byggjesak.

– Eg er difor rimeleg bra optimistisk i dag , seier Egil Mikkelsen til Uniforum.

 

Emneord: Vikingskipshuset, Museene Av Martin Toft
Publisert 4. feb. 2010 17:17 - Sist endra 5. feb. 2010 10:18
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere