Shirin Ebadi deltar på Menneskerettighetsuka

Vinnaren av Nobels fredspris i 2003, Shirin Ebadi er det store trekkplasteret under Menneskerettighetsuka på Det juridiske fakultetet neste veke. Også utanriksminister Jonas Gahr Støre og tidlegare statsminister Kjell Magne Bondevik deltar. Amnesty Internationals juridiske studentnettverk er arrangør.  

IRANS FREDSPRISVINNAR: Shirin Ebadi, vinnaren av Nobels fredspris i 2003, deltar på Menneskerettighetsuka på Det juridiske fakultetet. (Arkivfoto)

Foto: Ola Sæther

– Me tok direkte kontakt med Shirin Ebadi for å høyra om ho kunne delta med eit foredrag om menneskerettssituasjonen i Iran. Seinare fekk me beskjed om at det gjekk svært fint, for ho skal likevel på eit møte i Oslosenteret for fred og menneskerettar. Då står senteret som vertskap for besøket hennar, og samtidig får senterleiar Kjell Magne Bondevik fortelja om kva type kontakt dei meiner Noreg og andre land bør ha med makthavarane i Iran, fortel Birte Thorsnes, som er leiar for Menneskerettighetsuka.

– Jonas Gahr Støre sa ja først

Til saman arbeider 18 studentar frå Amnesty Internationals juridiske studentnettverk med arrangementa. Både Birte Thorsnes og programansvarleg Øyvind Grøslie Wennesland er godt nøgde med at også Utanriksdepartementet har sagt ja til å støtta arrangementet.

– Utanriksminister Jonas Gahr Støre var faktisk den aller første som sa ja til å delta, understrekar Wennesland og Thorsnes.

Uoffisielt blei Menneskerettighetsuka innleidd på ”Frukost med Bernt” torsdag 11. februar med eit foredrag av førsteamanuensis i psykologi, Nora Sveaass som sit i FNs torturkomité.

Set menneskerettane på dagsordenen

Målet til arrangøren av Menneskerettighetsuka er å få sett menneskerettane på dagsordenen og vist at også jusstudentar har internasjonalt engasjement. Eit anna mål er å få til ein fagleg diskusjon om menneskerettane sin plass i norsk rett.

STÅR BAK: Desse jusstudentane er mellom dei 18 som står bak Menneskerettighetsuka til Amnesty Internationals juridiske studentnettverk.(Foto: Ola Sæther)

– Det er grunnen til at me på tysdag inviterer Marius Emberland hos Regjeringsadvokaten til å halda eit foredrag om den europeiske menneskerettsdomstolen sin plass i norsk rett. Om kvelden vil me ha ein debatt der me spør om den juridiske eliten er ein barriere for innføring av menneskerettar i norsk lovgjeving. Då møter dei to motpolane, jusdekan Hans Petter Graver og høgsterettsdommar Ketil Lund kvarandre. Også regjeringsadvokat Sven Ole Fægernæs skal få sleppa til i den diskusjonen, fortel Thorsnes.

Dei synest det er viktig at jusstudentar engasjerer seg i debatten, slik at dei finn ut korleis dei vil stilla seg til argumenta for og imot at Noreg skal lata dei internasjonale menneskerettane stå over norsk lov.

– Lund har tatt til orde for at det er viktig at Noreg let dei internasjonale menneskerettane stå over den nasjonale retten. Han meiner at det då blir lettare å overtala andre land til å integrera menneskerettane i sitt rettssystem. Jusdekan Hans Petter Graver har markert seg i denne debatten med argumentet om at dette handlar om demokrati og at Stortinget er det øvste organet som vedtar lover i Noreg, seier Grøslie Wennesland.

Eit kritisk blikk på faget

– Det er mange som hevdar at dei vitskaplege tilsette på Det juridiske fakultetet er mest opptekne av å hegna om den posisjonen dei har på sitt fagområde i dag, og er lite interesserte i å setja seg inn i eit nytt internasjonalt regelverk. Vår oppfatning er at det er viktig å diskutera om det verkeleg er slik. Det er grunnlaget for ein slik debatt, der studentane kan bli høyrde og bli engasjerte i dette spørsmålet og samtidig sjå på faget sitt med eit kritisk blikk, meiner Thorsnes og Grøslie Wennesland.

– Mange har meint at det norske lovverket er godt nok. Dei argumenterte med at Kvinnekonvensjonen ikkje burde stå over norsk rett, fordi me allereie hadde ei likestillingslov og ei lov mot diskriminering som var endå strengare. Både Kvinnekonvensjonen og Barnekonvensjonen blei likevel integrerte i norsk rett, seier Grøslie Wennesland.

Utanriksminister Jonas Gahr Støre deltar på opningskvelden måndag 15. februar kl. 18.00. Då får han selskap av Amnesty Noregs generalsekretær John Peder Egenæs. Onsdag 17. februar kl. 18.00 skal fredsprisvinnar Shirin Ebadi halda sitt foredrag. Det same skal Kjell Magne Bondevik frå Oslosenteret for fred og menneskerettar. Fredag 19. februar skal Nils A. Butenschøn frå Norsk senter for menneskerettar fortelja om ”Muren på Vestbreidda”. Tysdag 16. februar kl. 18.00 byrjar debatten om den juridiske eliten er ein barriere for innføringa av menneskerettar i Noreg.

Viktig å vera til stades i jussmiljøet

No vil Birte Thorsnes og Øyvind Grøslie Wennesland at både studentar, tilsette og andre interesserte tar turen til Frukostkjellaren ved Det juridiske fakultetet kvar formiddag og kveld i neste veke.

– Det er viktig for oss å ha Menneskerettighetsuka i jussmiljøet for å gjera den synleg for alle jusstudentane. Derfor står me også bak ei utandørs fotoutstilling om menneskerettar i Universitetshagen. På den måten blir me lagt merke til også av dei som berre går forbi i gatene, seier Thorsnes.

 

 

Emneord: Menneskerettar, Jus Av Martin Toft
Publisert 12. feb. 2010 13:08 - Sist endra 12. feb. 2010 15:58
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere