Ibsen og science fiction førde dei til UiO

200 søknader frå heile verda kom inn då det blei lyst ut inntil åtte stipendiatstillingar på det tverrfakultære forskingsfeltet KULTRANS.  Bodhisattva Chattopadhyay frå India skal skriva om science fiction-litteraturen frå kolonitida i India, medan Sabiha Huq frå Bangladesh skal skriva om Ibsens Peer Gynt.  

DEI UTVALDE: Sabiha Huq frå Bangladesh og Bodhisattva Chattopadhyay frå India er to av seks stipendiatar ved forskingsprogrammet KULTRANS som nyleg blei plukka ut blant 200 søkjarar frå heile verda. Dei skal forska på Ibsens Peer Gynt og på science fiction i indisk litteratur frå det 19. hundreåret.  

Foto: Ola Sæther

I hovudkvarteret til det tverrfaglege forskingsprosjektet KULTRANS, Kulturelle transformasjonar i globaliseringa sin tidsalder, sit fagleg leiar Helge Jordheim og gruppeleiar Ingjerd Hoëm og les gjennom 150 søknader til tre stipendiatstillingar, som er blitt lyste ut i andre runde. Først tar dei ei grovsortering, før dei sit igjen med ei kortliste på rundt 50 namn.

– Me er absolutt overvelda av den store interessa frå heile verda for desse to stipendiatstillingane. Alle kontinent er representerte blant søkjarane, seier Jordheim og Hoëm.

Førre gong lyste dei ut inntil åtte stipendiatstillingar, og då kom det inn 200 søknader.

– Utlysingane blir omsette til engelsk og lagde ut på internasjonale portalar for akademiske stillingar, i tillegg til at me legg dei ut på heimeområdet vårt. Det ser i alle fall ikkje ut til at dei som er interesserte i å søkja på ei stipendiatstilling, har problem med å finna utlysinga.

– Kandidatar frå øvste hylle

– Dette er svært morosamt for oss som tilhøyrer eit tverrfagleg forskingsprogram, og som helst vil ha stipendiatar som er godt motiverte for å jobba på tvers av ulike fagområde. Med så mange søknader har me kunna velja ut kandidatar frå øvste hylle, meiner Jordheim. 

– Og dei fire norske og dei to utanlandske studentane som me til slutt plukka ut, innfrir nettopp desse krava, understrekar han.

– Det er svært viktig at dei me plukkar ut, likar å jobba i forskargrupper. Tradisjonelt har forskaryrket vore eit einsamt yrke, der ein person har sete åleine på eit kontor. Kongstanken min er at forskingsmiljøet blir endå betre når folk jobbar saman som eit forskarlag. Det er eg som prosjektleiar merksam på, også når eg deltar i arbeidet med å plukka ut dei som får stipendiatstillingane. Og difor ber med dei om å gå inn og lesa om KULTRANS på nettsidene våre, og prøva å forklara korleis deira prosjekt passar inn i den tverrfaglege forskinga, forklarar Jordheim.

Imponert over organiseringa

Det var på dette grunnlaget dei bestemte at stipendiatstillingane skulle gå til fire norske søkjarar, ein indisk og ei kvinne frå Bangladesh.Den indiske doktorstipendiaten er Bodhisattva Chattopadhyay.Han kjem frå University of Delhi i Indias hovudstad.

KULTRANS er eit tverrfakultært forskingsfelt ved UiO, som undersøkjer kulturelle endrings-prosessar på tvers av fagdisiplinar og nasjonar og i eit historisk perspektiv. Både SV, Jus, UV og HF deltar i forskingsområdet som har seks hovudtema:
1. Verdsbilete og verdsomgrep
2. Migrasjon, identitet og språk
3. Konstituerande tekstar
4. Naturen og det naturlege
5. Kulturproduksjon
6. Transnasjonale prosessar

hovudstad.

Han er svært nøgd med opphaldet så langt, etter at han kom til UiO for ein månad sidan.

– Både hybel og kontor stod klart og venta på meg då eg kom til Universitetet i Oslo for ein månad sidan. Eg er imponert over den gode organiseringa eg møter her, seier Bodhi Chattopadhyay.

– Sjølvsagt ser eg ikkje bort ifrå at det kan ha noko å gjera med situasjonen på det universitetet der eg var student tidlegare, men eg synest uansett at organiseringa er svært god, seier han til Uniforum. Han skal skriva ei doktoravhandling om science fiction i ein transkulturell samanheng. – Eg ser på science fiction-litteratur frå India i det 19. hundreåret, og ser på det i forhold til det faktum at India då var ein britisk koloni, fortel han.

– Det er eit tema som kryssar litteraturen og går over til sosialantropologi, sosiologi og historie. Så då eg såg at KULTRANS lyste ut stipendiatstillingar til eit slikt tverrfagleg forskingsprosjekt, forstod eg at eg måtte søkja.

– Vil dette seia at du driv på med noko som kan bli grunnlag for ein oppfylgingsfilm til Avatar?

– Nei, på ingen måte. Eg vil ikkje at doktoravhandlinga mi verken skal bli hollywoodisert eller bollywoodisert.

– Visste du kva du gjorde då du søkte om ei stipendiatstilling i det iskalde Noreg?

– Det er viktig å vera klar over at først og fremst så var eg interessert i forskingsprosjektet KULTRANS, deretter kom Universitetet i Oslo og til slutt kom Noreg. Dei gode arbeidsforholda og infrastrukturen har gjort at eg har kome godt i gang. Etter ein månad har eg allereie fått levert ein kapittelplan til rettleiaren min, Helge Jordheim.

Peer Gynt i India og på nynorsk i Noreg

 

ØVSTE HYLLE: Fagleg leiar Helge Jordheim og gruppeleiar Ingjerd Hoëm sit og les gjennom 150 søknader til tre stipendiatstillingar, som er blitt lyste ut i andre runde. – Me kan velja blant kandidatar frå øvste hylle, fortel dei to. (Foto: Ola Sæther)
 

No har også den andre utanlandske toppkandidaten kome inn i rommet. Sabiha Huq har tatt ein master i Ibsen-studiar ved UiO tidlegare, og har no kome tilbake med mann og barn for å skriva ei doktoravhandling om Ibsendramaet ”Peer Gynt”.

– Eg skal sjå på Peer Gynts reiser til det indiske subkontinentet frå Europa gjennom å samanlikna tre relativt nye oppsetjingar. I prosjektet mitt vil eg undersøkja kva rolle Peer Gynt-oppsetjinga har hatt i danninga og omdanninga av nasjonale sjølvbilete. Framsyninga på Det Norske Teatret i 2005 var i nynorsk språkdrakt og blei sett opp i samband med 100-årsdagen for unionsoppløysinga. Dette minner oss om at også Noreg har ei slags kolonial fortid og eit språkleg mangfald. Det gir uventa og ofte oversette parallellar til oppsetjingane i India og Bangladesh, fortel ho.

– Gode venner i Noreg

For henne var det difor heilt naturleg å søkja på dette doktorstipendet ved KULTRANS.

– Eg har både norske venner og venner frå andre europeiske land her. Dessutan har alle doktorstudentane felles møte minst ein gong for veka. Så difor trivst eg godt.

– Du synest ikkje det blir for mørkt og kaldt her då?

 – Nei, det viktigaste er at folk har solskin inni seg. Og når det er solskin ute, så blir folk straks endå blidare.

– På ski neste år

Bodhi Chattopadhyay bur på Kringsjå, like ved Sognsvann, og han har sett folk gå på ski der.

– Først blei eg litt overraska over snøen, men no har eg faktisk klart å gå til fots rundt vatnet.. Ute på den turen måtte eg ha litt hjelp for å finna fram til dei rette turvegane. Men eg stoppa folk som tok seg tid til å teikna eit kart i snøen for meg, og som hadde lyst på ein prat. Eg vil ikkje våga meg ut på ski før tidlegast neste år. Nordmenn er også svært hjelpsame i butikkane og fortel kva tilbod som er best for meg, sjølv om det kanskje ikkje er det dyraste dei har i butikken. Førsteinntrykket mitt av folk i Noreg er altså svært positivt, seier han.

Det er likevel ting i Bangladesh og i India dei saknar:

– Eg saknar foreldra mine, seier Sabiha Huq.

– Eg snakkar med foreldra mine på Skype kvar dag, så eg saknar dei difor ikkje så mykje. Derimot saknar eg den indiske maten mest, vedgår Bodhisattva Chattopadhyay.

 

 

 

Emneord: Antropologi, Litteratur (skjønn-) og forfattere, HF: nytt institutt for språk, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 22. feb. 2010 10:01 - Sist endra 20. jan. 2016 11:51
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere