Optimistisk kritikar av Irans presteregime

– Eg er optimist og trur at Den grøne folkerørsla klarer å skapa eit nytt Iran. I dag held dei unge verda informert om det som skjer takka vera Facebook, Internet og You Tube. Det sa den unge iranske advokaten Shadi Sadr på eit møte ved Universitetet i Oslo denne veka.  

STØTTAR SANKSJONAR: – Eg er viss på at folket i Iran vil tola dei ekstra lidingane det vil føra med seg for dei, så lenge dei veit at det vil føra til at det vil ta kortare tid å få respekt for alle  menneskerettane i Iran, sa den iranske menneskerettsadvoktaten Shadi Sadr i Georg Sverdrups hus denne veka.

Foto: Martin Toft

– Dagens unge generasjon i Iran har vakse opp i Den islamske republikken, men dei har inga tru på den. Aller fremst blant demonstrantane går kvinnene. Dei har ikkje lenger noko å tapa. Å vera kvinne i Iran i dag vil seia at vitnemålet ditt er verdt halvparten av vitnemålet til ein mann og dersom ei kvinne døyr i ei ulykke får familien berre halvparten av den summen dei ville fått om det hadde vore ein mann, fortalde den 35 år gamle menneskerettsadvokaten Shadi Sadr.

Starta kampanje mot steining

Ho er kjent som forsvarar for kvinner som er skulda for utruskap og ofte blir dømde til døden ved steining. Sadr tok initiativet til kampanjen ”Få slutt på steining for alltid!” og kvinneorganisasjonen Zabab-e-Iran eller Irans kvinner. For menneskerettsarbeidet sitt har ho fått tildelt mellom anna den polske Lech Walesa-prisen. Shadi Sadr har også arbeidd som journalist og var aktiv i demonstrasjonane etter presidentvalet i Iran i fjor sommar.

Det er Forum for studiar av totalitære ideologiar, med Nina Witozcek i spissen som inviterte Shadi Sadr til UiO. Saman med henne står også forskar og menneskerettsaktivist Mahmood Amiry-Moghaddam og professor i statsvitskap, Bernt Hagtvet. 300 personar møtte opp for å høyra på den iranske menneskerettsadvokaten.

Den 7. juli 2009 blei Shadi Sadr sjølv arrestert og sett i fengsel etter demonstrasjonane mot det offisielle resultatet av presidentvalet i Iran. Seinare kom ho seg til Tyskland som ho no brukar som base for å fortelja om menneskerettssituasjonen i heimlandet. For henne er kvinnene sin sentrale plass i demonstrasjonane ein konsekvens av den sterke kvinnerørsla i landet.

– Mange lurte på om kvinnerørsla vår skulle vera heilt sjølvstendig eller gå inn i Den grøne rørsla. Eg meinte at me burde delta i Den grøne rørsla, men samtidig vera ein sjølvstendig organisasjon, slik at den ikkje gjekk i oppløysing. Samtidig har kvinnerørsla fått Den grøne rørsla til å ta inn krav som like rettar for menn og kvinner, både juridiske, økonomiske og politiske. I tillegg har dei stått saman om krava om at regimet må setja fri alle politiske fangar og stansa alle avrettingane. Me krev også ein stans i forfylgingane av dei homofile, fortalde ho.

Desse krava ynskte kvinnerørsla å presentera for alle kandidatane før presidentvalet i juni. Den einaste som takka nei til det var president Mahmoud Ahmadinejad som til slutt blei attvald som president, noko som førte til dei store demonstrasjonane. Seinare blei kanskje opptil 5000 personar arresterte og sette i fengsel. Men kvinnene gir ikkje opp.

Dei syrgjande mødrene

– Det har blitt starta ein organisasjon av mødrer til politiske fangar som blir kalla for ”Dei syrgjande mødrene.” Kvar dag set dei seg utanfor dei fengsla der dei trur barna deira blir haldne fengsla. Fleire tital av desse mødrene er blitt arresterte. På den måten klarer desse kvinnene heile tida å vekkja merksemd rundt den grøne rørsla og hindrar at det blir stille rundt den, meinte ho.

DEMONSTRASJON: Støttespelarar for Den grøne rørsla i Iran heldt ein stille demonstrasjon under møtet med advokaten Shadi Sadr. (Foto: Martin Toft)
 

Shadi Sadr går inn for internasjonale sanksjonar mot Iran, men ikkje på grunn av atompolitikken, men på grunn av den manglande respekten for menneskerettane.

– Eg er viss på at folket i Iran vil tola dei ekstra lidingane det vil føra med seg for dei, så lenge dei veit at det vil føra til at det vil ta kortare tid å få demokrati, full ytringsfridom og respekt for alle dei andre menneskerettar i Iran, sa ho.

Likevel tykte ho land utanfor Iran var svært raske til å spørja om moglege konsekvensar for folket i Iran, når det er snakk om å innføra sanksjonar på grunn av brota på menneskerettane.

– Derimot stiller dei ikkje det spørsmålet når det er aktuelt å innføra sanksjonar på grunn av atompolitikken. Eg undrar på kvifor det er slik, lurte ho på.

– Mousavi har endra seg

Shadi Sadr var i høgste grad klar over at opposisjonen sin presidentkandidat Mir Hussein Mousavi hadde ei tvilsam fortid som statsminister i Den islamske republikken.

– Det var ikkje han som starta Den grøne rørsla, men no trur eg han står bak alle krava den har. Difor trur eg at Mousavi har endra seg. Kona hans, Zahra Rahnavard, som tidlegare var rektor ved kvinneuniversitetet i Teheran, har også støtta krava til kvinnerørsla. Kløfta mellom dei mest konservative og dei reformvennlege i regjeringa blir djupare dag for dag. Samtidig held medlemane i Den grøne rørsla god kontakt med kvarandre og resten av verda gjennom Facebook, Internet og You Tube. Difor er eg optimistisk og trur det går mot ei forandring til det betre i Iran, sa Shadi Sadr.

Emneord: Likestilling, Iran, Menneskerettar Av Martin Toft
Publisert 26. feb. 2010 12:15 - Sist endra 8. apr. 2010 23:36
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere