– Noreg skal verna menneskerettsaktivistane

– Noreg kan ikkje redda kvar einskild som blir utsett for brot på menneskerettane, men me skal verna menneskerettsforkjemparane. Det sa utanriksminister Jonas Gahr Støre då Menneskerettighetsuka blei opna i den stappfullle Frokostkjelleren måndag 15. februar.  

STINN BRAKKE: Over 300 studentar kom for å høyra på utanriksminister Jonas Gahr Støre.

STINN BRAKKE: Over 300 studentar kom for å høyra på utanriksminister Jonas Gahr Støre.

Foto: Martin Toft

Over 300 studentar kom for å høyra den norske utanriksministeren snakka om menneskerettspolitikk på Menneskerettighetsuka  som blir skipa til av Amnesty Internationals juridiske studentnettverk.

– Samfunnsfiende nummer 1 i Iran

Jonas Gahr Støre viste til at han tidlegare på dagen hadde hatt eit møte med Shirin Ebadi, vinnaren av Nobels fredspris i 2003.

– For henne har Nobels fredspris ført til at dei iranske makthavarane har peika henne ut som samfunnsfiende nummer 1. Det var trist å høyra om korleis familien hennar blir trakassert på grunn av hennar engasjement for menneskerettane i Iran, fortalde Støre.

Mange meiner at Noreg bør gå ut av Menneskerettsrådet til FN fordi mange av landa der har eit dårleg rykte når det gjeld respekten for menneskerettane. Ei slik haldning gjekk Støre imot.

– Akkurat i dag er det Iran som blir grilla om situasjonen for menneskerettane i det landet, på same måten som Noreg blei det for ei tid sidan. Det hadde ikkje vore mogleg om alle land som ikkje likar det iranske regimet, skulle trekt seg frå Menneskerettsrådet. Det viktigaste er å kunna snakka saman med representantar for ulike regime på slike felles arenaer, meinte han.

– Vil arbeida for rettane til homofile

Støre viste også til at Noreg er i menneskerettsdialog med både Kina og Vietnam.

– I Vietnam blir menneskerettsaktivistar trakasserte. Noreg støttar advokatane deira. Det nye i FN no er at Vesten ikkje har fleirtal i Menneskerettsrådet. Difor må Noreg danna alliansar med land som Indonesia, Sør-Afrika og Brasil for å koma fram til felles haldningar i menneskerettsspørsmål.

– Noreg vil no også prioritera arbeidet for menneskerettane til homofile, lesbiske, bifile og transpersonar i heile verda, lova Jona Gahr Støre.

 

 

Legg til kommentar

For å kommentere på dette dokumentet må du logge inn.

Om du ikkje har UiO- eller Feide-brukarnamn, kan du opprette ein WebID-brukar.