Mellom verdas viktigaste kriminologar

UiO-professorane Nils Christie (82) og Thomas Mathiesen (76) er på ei internasjonal liste over dei 50 tenkjarane som har hatt mest å seia for kriminologien gjennom historia.– Det er sjølvsagt hyggeleg, seier dei to aktive veteranane til Uniforum.  

MELLOM DEI STORE KRIMINOLOGANE: – Me to kunne starta våre eigne fag og gjera det me ville. Det er eit mykje større press på professorar i dag, synest Thomas Mathiesen (t.v.) og Nils Christie, som begge figurerer på ei liste over dei 50 viktigaste, internasjonale tenkjarane innanfor kriminologien.

Foto: Ola Sæther

– Me set først og fremst pris på at me har fått frie taumar frå Det juridiske fakultetet til å forska på og skriva om alt det me har interessert oss for, seier Nils Christie og Thomas Mathiesen til Uniforum. 
Dei  er begge klare stemmer for reformer i den norske kriminalpolitikken. Begge har sett faga kriminologi og rettssosiologi på kartet både nasjonalt og internasjonalt. I boka ”Fifty Key Thinkers in Criminology”, som nyleg er komen ut på forlaget Routledge, står dei på lista over dei 50 historisk,viktigaste tenkjarane innanfor kriminologifaget.

Både Thomas Mathiesen og Nils Christie har frie roller som pensjonerte professorar ved Institutt for kriminologi og rettssosiologi på Det juridiske fakultetet. Dei likar ikkje å stikka hovudet fram i slike kåringar, men dei har ingenting imot å koma med fine ord om kvarandre.

– KROM og konfliktråda

Nils Christie tar ordet først:

– Thomas Mathiesen er blitt kjend nasjonalt og internasjonalt for den rolla han har spela i Norsk forening for kriminalreform (KROM) og for den aktive rolla han har hatt i samfunnsdebatten. Det har vore hans bidrag til å forstå verda betre. Når det gjeld meg sjølv, kan årsaka vera at eg planta frøet som blei til konfliktråda. Og så er bøkene våre ute på svært mange språk. Universitetsforlaget og NORLA (Senter for norsk skjønn- og faglitteratur i utlandet) har for meg vore viktige hjelparar. Eit kjenneteikn for oss to er at me spreier oss på forskjellige tema, men heile tida med faget vårt som grunnlag for det me engasjerer oss i. Eg har difor skrive artiklar om alt frå norske fangevaktarar i konsentrasjonsleirar til den norske skulen, fortel Christie, før Mathiesen overtar.

– Å dekkja fleire ulike tema trur eg er ein viktig nøkkel for å skildra det me har halde på med som forskarar og samfunnsdebattantar. Om eg får lov til å gå vidare på historia om KROM, så vil eg gjerne trekkja fram at me nyleg har skipa til Spåtind-konferansen i Valdres for 40. gong. Denne gongen var det 170 deltakarar der, og grunnhaldninga vår er den kritiske haldninga me har til den eksisterande kriminalpolitikken. Det mest spennande er at konferansen samlar både sosionomar, tidlegare fangar, juristar og andre akademikarar.

– Det kjem også folk frå andre land. Eg ser difor ikkje bort frå at dette arbeidet kan ha vekt ein del interesse internasjonalt, og at det er ein av grunnane til at eg er med på lista over desse 50 nøkkeltenkjarane innanfor kriminologien, seier han, etter at han har kome litt på glid.

– Norsk forening for kriminalreform er eit ektefødd barn av studentopprøret i 1968. Det var dei haldningane og verdiane som prega oss på den tida, som gav oss inspirasjonen me trengte for å starta foreininga. Når den framleis eksisterer, så trur eg hovudgrunnen er at den er tverrgåande og ikkje territoriell, det vil altså seia at både fagpersonar, tidlegare fangar og akademikarar kan diskutera på likt plan som likeverdige deltakarar, legg han til.

– Står i gjeld til juristane

Mange spør seg kvifor to at dei mest berømte kritikarane av norsk kriminalpolitikk held seg på det same fakultetet som juristane. Men dei to hovudpersonane har funne seg godt til rette i det juridiske fagmiljøet.

– Gjennom heile mitt yrkesliv har eg hatt stor glede av juristane og eg står i stor gjeld til både Johs. Andenæs og Anders Bratholm for måten dei tok seg av meg på. Saman blei me kalla for ABC-gjengen, smiler Christie.

– Andenæs var forresten den som fekk meg til å byrja å skriva forståeleg i staden for å bruka mange framandord. Det klarte han ved å levera tilbake til meg ein lærd artikkel i sosiologi, med klar melding om at han ikkje hadde forstått eit ord av den. Då lærde eg å skriva på ein måte som gjorde at også juristar ville forstå meg. Hovudformelen er å skildra det du ynskjer å få fram gjennom konkrete hendingar. Og når me brukar slike konkrete døme og eit lett forståeleg språk, gjer me oss også lettare forståelege på andre språk, seier Christie.

– Meir lydhøyre i dag

Så overtar Mathiesen ordet

– Eg er einig i det. Samtidig har eg stor glede av å høyra juristar diskutera på sitt juridiske språk. I den tida me har arbeidd på Universitetet i Oslo, har jussen forandra seg, men juristane har forandra seg aller mest. Juristprofesjonen har endra seg, og det har også det kriminalpolitiske systemet. Dei er langt meir lydhøyre for våre synspunkt i dag enn tidlegare, sjølv om dei ikkje alltid deler synspunkta våre.

– Ja, det hadde faktisk vore uheldig om me hadde vunne fram med ynsket som me ein gong hadde om å flytta ut av Det juridiske fakultetet og til SV-fakultetet på Blindern.

– Eg er glad for at det ikkje blei noko av, nikkar Christie. Han ynskjer å halda fram med å kritisera den norske kriminalpolitikken. – Straff er mandat til å pina kvarandre. Vil me heva pinenivået? Det er slike ord eg vil bruka. Me klarer ikkje å sjå straffa si gru bak fine ord. Me må læra å sjå alle menneske som medmenneske, seier Christie.

– Kunne starta eigne fag

– Som pensjonerte professorar blir me ikkje stua vekk på mørkeloftet, men me blir inkluderte som ein del av staben på instituttet. Det er me svært takksame for, understrekar dei. Og dei synest at dei på mange måtar har vore privilegerte.

– Me to kunne starta våre eigne fag og gjera det me ville. Det er eit mykje større press på professorar i dag.

– Det er kjempefantastisk å ha fått leva eit liv i ei universitetsramme der eg har kunna fordjupa meg i dei store spørsmåla, så mykje som eg orkar, synest Christie.

– Det er lett å få inntrykk av at de to alltid er einige i kriminalpolitiske spørsmål. Stemmer det?

– Me er som regel einige i konklusjonane, men vegen fram til dei kan vera forskjellig, seier Mathiesen.

– Det kan nok stemma, konstaterer Christie.
 

 

Emneord: Kriminologi og rettssosiologi, Jus Av Martin Toft
Publisert 5. feb. 2010 15:45 - Sist endra 5. feb. 2010 16:13
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere