Ebadi: – Opposisjonen i Iran er sterk utan leiar!

– Styrken til opposisjonsrørsla i Iran er at den ikkje har leiarar. Dermed kan ikkje styresmaktene lamma den ved å arrestera leiarane. Det sa fredsprisvinnar Shirin Ebadi, då ho samla eit rekordpublikum i Frokostkjelleren i Universitetshagen i går.  

KRITISK RAPPORT: –UNESCO har skrive ein svært kritisk rapport om dei iranske styresmaktene sine arrestasjonar av studentar og universitetslærarar. De må omsetja den rapporten til norsk og gjera den kjent for alle, var oppfordringa frå fredsprisvinnar Shirin Ebadi. Tidlegare statsminister Kjell Magne Bondevik heldt samtidig ein sterk appell om å støtta rettane til det iranske folket.

Foto: Martin Toft

800 personar kom til Frokostkjelleren i går for å høyra Shirin Ebadi tala om menneskerettssituasjonen i Iran. 400 av dei blei avviste i døra.

Det var Amnesty Internationals juridiske studentnettverk som hadde invitert vinnaren av Nobels fredspris i 2003 og tidlegare statsminister Kjell Magne Bondevik til Menneskerettighetsuka.

Ebadi konsentrerte seg mest om optimismen som den grøne rørsla til opposisjonen i Iran hadde skapt i landet.

– Mange meiner at det er ein veikskap ved den grøne rørsla at den ikkje har nokon fast leiarskap. Eg meiner tvert imot at det er ein styrke at den ikkje har peika ut leiarar. Det vil seia at styresmaktene i Iran ikkje kan lamma opposisjonsrørsla ved å arrestera leiarane og setja dei i fengsel. Og dei to presidentkandidatane Mir Hossein Mousavi og Mehdi Karoubi lever sitt politiske liv ved sidan av opposisjonsrørsla utan at ein kan seia at dei leier den, meinte ho.

Som borgarrettsrørsla i USA

Ebadi samanlikna den grøne rørsla i Iran med dei svarte si borgarrettsrørsle i USA.

– Leiaren for rørsla, Martin Luther King, blei myrda, men borgarrettsrørsla levde vidare fordi kvar einskild svart tok ansvar og førte arven og krava hans vidare. Det er ein viktig grunn til at USA i dag har vald Barack Obama til sin første svarte president, peika ho på.

Og ho viste til at den grøne rørsla i Iran vil gjera det på den same måten.

– Kvar gong nokon blir arrestert, står det fem nye personar klar til å overta plassen til den personen, slo ho fast.

– Legitime demonstrasjonar

Demonstrasjonane etter at Mahmoud Ahmadinejad blei peika ut som vinnar av presidentvalet like etter at den siste stemma var lagt i valurna, meinte ho var heilt legitime.

– Ifylgje den iranske grunnlova har alle rett til å delta i demonstrasjonar så lenge dei ikkje ber våpen. Dei fredelege demonstrasjonane blei møtt med skot frå snikskytarar. Eit resultat av det var at den unge kvinna Neda blei drepen. Ho blei også eit symbol for den grøne opposisjonsrørsla i Iran. Altså ei kvinne. Det er ikkje tilfeldig, for feministrørsla i Iran har alltid vore sterk og er brukt som modell for måten opposisjonsrørsla er organisert på.

– Regimet møtte demonstrasjonane med vald og ved å arrestera over 5000 personar. Dei som blei sette i fengsel blei fråtatt retten dei hadde til å skaffa seg ein advokat. Første gong dei møtte advokaten sin var under masserettssakene, og då var det alltid ein advokat som styresmaktene hadde plukka ut for dei, fortalde ho.

– Folk blei arresterte klokka tre om natta, noko som politiet etter iransk lova ikkje har rett til. Alle arrestasjonar skal skje på dagtid står det i lova, sa Ebadi.

Trakassering

Ho viste korleis familiemedlemar av kjende opposisjonspolitikarar var blitt trakassert og fengsla fordi faren eller sonen deira hadde kritisert styresmaktene.

– Dei veit at dei som har vore fengsla før, vil halda ut eit fengselsopphald, men ved å ta døtrene eller faren hans, råkar dei både politikaren og familien samtidig.

– Nokre av dei som blei arresterte etter demonstrasjonane er blitt dømde til døden, medan andre har fått fengselsstraffer frå fem til sju år, sa Ebadi, før ho kom inn på situasjonen til kvinnene i Iran.

– Ei kvinne har halv verdi

– I iransk rett er eit kvinne sitt liv verdt halvparten av livet til ein mann. Eit vitnemål frå ei kvinne tel halvparten av eit vitnemål frå ein mann. Menn kan i teorien ha opptil fire koner, medan kvinner har store problem med å bli skilde frå mannen sin, understreka ho.

Ebadi tok også opp den vanskelege situasjonen til dei som tilhøyrer Bahaí-religionen i Iran.

– Det er berre shia-islam, jødedomen og kristendomen som er offentleg godkjende religionar i Iran. Dei 300 000 iranarane som tilhøyrer Bahaí-religionen har ingen rettar. Ikkje ein gong barna deira får lov til å gå på universitet i Iran. I dag fører eg ei sak for leiarane for Bahaí-religionen i høgsterett, fortalde ho.

– Dette er ein del av dei tinga som har gjort det iranske folket ulykkelege. Det er grunnen til at dei har gått inn i den grøne opposisjonsrørsla med slagordet ”Kvar er stemma mi?”

 

UNGT PUBLIKUM: Både eksisiranar og andre  var mellom dei 400 som fekk plass på møtet med fredsprisvinnar Shirin Ebadi. . (Foto: Martin Toft)

Etter foredraget hennar lurte nokon på kva dei kunne gjera for å pressa styresmaktene i Iran til å respektera menneskerettane.

– FN-organisasjonen UNESCO har skrive ein svært kritisk rapport om dei iranske styresmaktene sine arrestasjonar av studentar og universitetslærarar. De må omsetja den rapporten til norsk og gjera den kjent for alle, slik at folk får vita kor dårleg dei er blitt behandla, var oppfordringa frå Ebadi.

Spesialrapportør for Iran

Tidlegare statsminister Kjell Magne Bondevik representerte Oslosenteret for fred og menneskerettar på møtet. Han meinte det var behov for å fylgja ekstra godt med på det som skjer med menneskerettane til folket i Iran.

– Det er difor no tatt eit initiativ til at FN opprettar ein eigen spesialrapportør for menneskerettssituasjonen i Iran, kunne han avsløra. Han var einig med Ebadi som tidlegare har uttalt at det er viktig å flytta fokus frå atompolitikken til situasjonen til det iranske folket.

– Me må også peika på leveforholda til folket i Iran og på rettane deira. Og me må krevja at Iran stansar massearrestasjonane og masserettssakene mot dei som deltok i demonstrasjonane. Dessutan krev me at Iran set fri folk som er blitt fengsla berre fordi dei har nytta seg av retten sin til å demonstrera, sa Bondevik.

 

Emneord: Iran, Jus, Menneskerettar, Studentforhold Av Martin Toft
Publisert 18. feb. 2010 16:01 - Sist endra 19. feb. 2010 09:49
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere