Alltid parat i 100 år

Den 16. februar feirar Parat UiO 100 år. Det er dermed UiOs eldste fagforeining som jubilerer.– Dei kvinnelege tilsette var med i styre og stell i foreininga heilt frå stiftingsmøtet, fortel leiar Ole Martin Nodenes, nestleiar Berit Rødsand og Elisabeth Aronsen, som har skrive historia om foreininga.  

JUBILERER: Leiar Ole Martin Nodenes, nestleiar Berit Rødsand og jubileumsskribent Elisabeth Aronsen inviterer alle til å feira Parat UiOs 100-årsjubileum 16. februar.

Foto: Ola Sæther

– Organisasjonen byrja som Universitetsbetjentenes forening i 1910, men me kan ikkje peika på kven av stiftarane som var den første leiaren, seier Elisabeth Aronsen som har forfatta jubileumsheftet.
I dei 100 åra foreininga har eksistert, har den hatt seks forskjellige namn. Den byrja som Universitetsbetjententenes foreining og har no enda opp som Parat UiO. Både Elisabeth Aronsen, styreleiar Ole Martin Nodenes og nestleiar Berit Rødsand vil trekkja fram to av dei mest markante leiarane til foreininga.

Fekk innpass i Kollegiet

– Amund Helgesen og Frank Sarnes har begge sett djupe spor etter seg. Amund Helgesen sat i styret i rundt 40 år og var leiar i 20 av dei. Den viktigaste kampsaka hans var å få innpass i Kollegiet for dei teknisk/administrative tilsette . Frå 1971 sat han sjølv som observatør i Kollegiet og frå 1975 hadde han nokre år fast plass i Kollegiet som representant for dei teknisk/administrative tilsette. Det var første gong dei hadde ei stemme i Kollegiet, medan dei vitskaplege tilsette var blitt representerte frå 1957, fortel Aronsen, Nodenes og Rødsand.

Unngjekk oppseiingar

Så dreg dei fram bragdene til Frank Sarnes.

– Han var leiar av fagforeininga då Effektiviseringsprosjektet blei sett i gang. Rett før det blei sett i verk, var det snakk om at 300 av dei teknisk/administrative tilsette ved UiO måtte slutta, fordi det skulle overførast meir pengar til forsking. Det hadde også NRK-Østlandssendingen fått tips om frå ei anna fagforeining. Så då universitetsdirektør Tor Saglie skulle svara på det spørsmålet, kunne han berre svara at dette har me no ordna opp i. Det blir ingen oppseiingar.

 – Æra for det skal Frank Sarnes ha, som i det stille gjekk inn i forhandlingar med universitetsleiinga. Slik blei Omstillingsavtalen fødd, og det redda mange stillingar, understrekar Aronsen.

– Det var ikkje utan grunn at Frank Sarnes blei vald til forbundsleiar for fagforeininga LUHF nokre år etterpå, meiner Nodenes og Rødsand.

Den 15. og 16. februar kan dei 450 medlemane i Parat UiO feira jubileet med debatt om karriereutvikling for tilsette og med fest.

Skodespelaren Toralv Maurstad skal vera konferansier under festen i Georg Sverdrups hus den 16. februar kl. 16.00, medan mellom andre universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe og Parat-leiar Hans-Erik Skjæggerud skal tala. UniKor står for det musikalske innslaget.

 
 

Emneord: Personalbehandling/politikk, Arbeidsforhold Av Martin Toft
Publisert 5. feb. 2010 10:54 - Sist endra 5. feb. 2010 11:07
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere