Vidaregåande utdanning gjer integrering lettare

– Suksessformelen for integrering er at barn av innvandrarar fullfører den vidaregåande skulen. Då tar dei som regel ei høgare utdanning som gir dei gode sjansar til å få ein god jobb etterpå, seier forskaren Line Anita Schou (t.h.)og sosiologiprofessor Gunn Elisabeth Birkelund til Uniforum.  

VEL DET SIKRE: – Me har ikkje undersøkt kva studentar med innvandrarbakgrunn tenkjer, men me har grunn til å tru at dei vel det dei oppfattar som det sikre framfor det usikre, seier forskar Line Anita Schou og sosiologiprofessor Gunn Elisabeth Birkelund.

Foto: Ola Sæther

Mange av studentane frå innvandrarfamiliar tar medisin og realfag, medan heller få tar førskule- og allmennlærarutdanning. 13 prosent av dei etnisk norske studentane vel helseprofesjonsstudium, som medisin, farmasi og odontologi. Det er derimot 15 prosent for innvandrarar, som kom til Noreg etter at dei fylte seks år, og heile 24 prosent for barn av innvandrarar, som er fødde i Noreg eller kom til landet før ei fylte seks år.

– Skilnaden mellom dei to siste minoritetsgruppene trur eg kan ha å gjera med at profesjonsstudia er strengt opptaksavgrensa etter karakterar, og det er det vanskelegare å klara for dei som ikkje har vakse opp i det norske skulesystemet, konstaterer forskar Line Anita Schou.

Ho har skrive ein artikkel basert på resultata frå masteroppgåva og kalla den for ”Utdanningsvalg og innvandrerbakgrunn – mot en etnisk arbeidsdeling i høyere utdanning?”. Den er publisert i boka ”Integrert? Innvandrere og barn av innvandrere i utdanning og arbeidsliv”(Abstrakt forlag), som professorane Gunn Elisabeth Birkelund og Arne Mastekaasa ved Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi, UiO har vore redaktørar for. Boka har samla forskingsresultat frå prosjektet ”Educational Careers”. Det analyserer data frå registra til Statistisk sentralbyrå, og med god hjelp frå senioringeniør Arvid Hansen ved Felles studentsystem på USIT, har dei også kunna henta inn statistikk både om utdanningsval og karakterdata.

Omfattar 170 000 ungdommar

I undersøkinga har Line Anita Schou sett på utdanningsval mellom studentar med innvandrarbakgrunn for å sjå om dei gjer andre val enn studentar med majoritetsbakgrunn. Undersøkinga omfattar alle ungdommar under 22 år som fullførte den vidaregåande skulen i åra 1997 til 2003, til saman rundt 170 000 personar. Innvandrarar frå vestlege land var ikkje med i tala. Av dei 170 000 hadde om lag ein tredel ikkje starta på noka høgare utdanning etter to år, medan dei andre fordelte seg ganske jamnt på høgskular og universitet.

Tar også humaniora og samfunnsvitskap

Mange lever med inntrykket av at få studentar med innvandrarbakgrunn går på humanistiske og samfunnsvitskaplege fag. Denne undersøkinga viser faktisk at i reine tal ser det ikkje så verst ut. Prosentdelen som byrjar på humanistiske og samfunnsvitskaplege fag er klart større mellom dei norske enn mellom innvandrarar eller barn av innvandrarar. Likevel er humanistiske og samfunnsvitskaplege fag det vanlegaste utdanningvalet for alle dei tre gruppene.

Overrepresenterte på helse- og realfag

Barn av innvandrarar byrjar på helseprofesjonsutdanningane oftare enn andre studentar.. Både barn av innvandrarar og innvandrarar byrjar nesten dobbelt så ofte som majoriteten på matematiske og naturvitskaplege fag. På jus er det derimot nesten ingen skilnader mellom dei to gruppene.

– Det gir berre meining å snakka om underrepresentasjon av studentar med innvandrarbakgrunn på samfunnsvitskap og humaniora når dei blir samanlikna med etnisk norske studentar. Det er likevel det vanlegaste fagvalet – også for denne gruppa, understrekar Schou. I tillegg til at dei helst vel realfag og profesjonsfag på universiteta, vel studentar med internasjonal bakgrunn på høgskulane i større grad enn andre studentar ingeniørfag, helsefag og økononomisk-administrative fag.

– Treng ingeniørar og helsepersonell

Sosiologiprofessor Gunn Elisabeth Birkelund peikar på at me treng fleire studentar i desse faga. Begge synest difor det er bra at studentar med internasjonal bakgrunn vel som dei gjer.

– Både næringslivet og staten treng ingeniørar og økonomar. Og samfunnet vil heile tida trengja legar, sjukepleiarar og anna helsepersonell, seier Scou.

Få vil jobba i barnehagen og skulen

Når det gjeld interessa for førskule- og allmennlærarutdanninga, er den derimot svært laber hos studentar med innvandrarbakgrunn. I desse gruppene er det berre 7,7 prosent av dei som tar høgskuleutdanning, som vil bli lærar eller førskulelærar, medan 20 prosent av alle dei etnisk norske studentane går på eit slikt studium.

– Dessverre vel få av dei å ta førskulelærar- og allmennlærarutdanning. Det er synd, for ikkje minst Oslo-skulen treng all den fleirkulturelle kompetansen som dei kan bidra med. Dei som tar den utdanninga, vil vera svært attraktive i barnehagane og i skulen, meiner Schou og Birkelund.

– Vil ha sikker jobb

Begge trur at årsakene til at studentar med innvandrarbakgrunn tar dei utdanningsvala dei gjer, har å gjera med kva studium dei trur vil gi dei ein sikker jobb etterpå.

– Me har ikkje undersøkt kva dei tenkjer, men me har grunn til å tru at dei vel det dei oppfattar som det sikre framfor det usikre. Det er også klart at yrke som lege, ingeniør og økonomi har stor status hos foreldra deira og i det landet foreldra kjem frå, medan fag som sosiologi og statsvitskap kanskje gir eit mindre klart bilete av kva dei kan bruka det til etter at studiet er fullført, seier Schou.

Vidaregåande utdanning er nøkkelen

Dei konkluderer alt i alt med at fagvalet til studentane med innvandrarbakgrunn er eit positivt resultat av innvandringa.

– Dei fleste som kom hit som arbeidsinnvandrarar på 1970-talet, var opptatt av ikkje berre å skapa eit betre liv for seg sjølve, men først og fremst for barna sine. Difor har det vore viktig for dei at barna gjer det godt og tar ei god utdanning etter at dei har fullført den vidaregåande skulen. Klarer dei det, ligg vegen til integrering i arbeids- og samfunnslivet open for dei, konstaterer Schou og Birkelund.

 

Emneord: Internasjonalisering, Studentforhold, Studentsaker Av Martin Toft
Publisert 20. jan. 2010 16:59 - Sist endra 20. jan. 2010 17:14
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere