Undervisning og forsking må verdsetjast likt

– Fagmiljøa må sleppa dei beste forskarane ut i dagen med ein gong det kjem nye studentar. Og det må bli like meritterande å undervisa som å forska, sa UiO-rektor Ole Petter Ottersen i ein debatt om framtidas Universitetet i Oslo på Blindern tysdag 26. juni.  

HØG KOMPETANSE: – Det me verkeleg leverer tilbake til samfunnet er utdanning av høg kvalitet som gir folk med høg kompetanse, sa UiO-rektor Ole Petter Ottersen.

Foto: Ola Sæther

Også medisinsprofessor Borghild Roald, leiar for Studentparlamentet, Mari Helén Varøy, farmasistipendiat Benjamin Larsen og Abelia-direktør Paul Chaffey deltok i debatten om korleis Universitetet i Oslo burde sjå ut for studentane i 2020. Arrangementet var ein del av dei kreative dagane som UiO skipar til for å skapa blest og merksemd rundt utkastet til Strategisk plan 2010–2020.

– Utdanning av høg kvalitet

Rektor og medisinprofessor Ole Petter Ottersen tok først tak i det som samfunnet først og fremst etterspør frå UiO.

– Det me verkeleg leverer tilbake til samfunnet er utdanning av høg kvalitet som gir folk med høg kompetanse. I det store og det heile er det langt viktigare enn ein vitskapleg artikkel som i gjennomsnitt blir sitert av andre halvannan gong, meinte Ottersen. Han viste til ”Yngrebylgja” som snart vil vera over oss.

– Sjølvsagt skal UiO vera solidarisk med samfunnet rundt seg, men også med dei studentane og dei tilsette som allereie er i systemet. Det kan bli ein interessant diskusjon om dette mellom universiteta og eigarane våre. Eg er viss på at universitetsleiinga og studentane har ei felles røyndomsforståing av dette. No har forresten styresmaktene nedjustert den tidlegare varsla auken i studenttalet frå rundt 80 000 til 30 000 i 2020, konstaterte han.

Ottersen vedgjekk at studentane ikkje var nemnde så svært mange gonger i det 30 sider store utkastet til strategisk plan.

– Grunnen er at me heile tida ynskjer å visa samanhengen mellom forsking, utdanning, formidling og innovasjon i heile rapporten. Intensjonen er å symbolisera ”symbiosen” mellom dei tre hovudoppgåvene våre, understreka han.

– Slepp dei beste forskarane til!

Samtidig opna Ottersen for å skapa entusiasme for faget.

– Fagmiljøa må sleppa dei beste forskarane ut i dagen med ein gong det kjem nye studentar. Og det må bli like meritterande å undervisa som å forska. I dag er alle insentiva lagde til forskinga, slo han fast.

– Undervisningsprivilegia

Medisinprofessor Borghild Roald er tidlegare studiedekan ved Det medisinske fakultetet. Og også i denne debatten viste ho eit stort engasjement for undervisninga.

– Undervisning er mellom dei viktigaste oppgåvene UiO har. Alle forskarar skal vera inkluderte i undervisningsprivilegia. Eg vil altså ikkje kalla det for undervisningsplikt. Heller bør den intellektuelle nærkontakten mellom forskarar og studentar styrkjast, samtidig som det blir ei endå nærare kopling mellom forsking og undervisning. På medisin har me innført som hovudregel at alle forelesarar brukar dei tre første minutta av forelesinga på å fortelja om forskingsfronten i dette fagområdet, og kva dei framleis er usikre på, fortalde ho.

Vil ha engelskspråkleg tilbod på alle fag

Stipendiatar burde også vera aktive i undervisninga.

– Som regel er dei unge forskarar som er nærare studentane i alder enn dei faste forskarane. Då ser studentane at forsking er ein viktig del av undervisninga. Eg vil også tala varmt for internasjonalisering av studieprogramma. Alle fag må ha ein modul på engelsk i eit tema som kan trekkja utanlandske studentar til det faget. Hos oss på medisin har me difor tenkt å tilby ein modul i den nordiske helsemodellen, fordi det er eit tema som interesserer studentar ved dei medisinske fakulteta me samarbeider med i USA, sa ho.

– Danning og enstusiasme må inn

Stipendiat Benjamin Larsen ved Farmasøytisk institutt var langt på veg einig med henne. Også han ville ha forsking tidlegare inn i studiet.

– Det må vera mogleg for masterstudentar å koma tidleg inn med å utføra forskingsliknande laboratorieprøvar. Etter kvart kan dei kanskje gjera eksperiment som dei er dei første som utfører, foreslo Larsen.

Han talte også varmt for at det blir lagt endå større vekt på mjuke verdiar i den strategiske planen til UiO.

– Danning og entusiasme må også inn. Det må også vera opning for at studentane tar ansvaret for eigen karriere og slik har ein akademisk fridom til å plukka dei faga dei interesserer seg for. Det er for mykje snakk om arbeidsrelevans og studentgjennomstrøyming og om å tilpassa faga til samfunn og næringsliv. Det er også viktig med ei sterkare oppfylging av studentane, men det ser det ikkje ut til at styresemaktene vil gjera noko med, meinte Larsen.

Etterlyste meir om studiekvalitet

Leiaren for Studentparlamentet, Mari Helén Varøy ville leggja endå meir vekt på utdannings- og studiekvaliet i den endelege strategiske planen til UiO.

– Det er ikkje sjølvsagt at god forsking alltid gir god undervisning. Me ynskjer at det skal stå endå meir om studiekvalitet i den endelege planen. Kunnskapsdepartementet vil ha ei arbeidsdeling mellom universiteta. Naturlege samarbeidspartnarar for UiO vil då vera Universitetet i Bergen (UiB) og NTNU i Trondheim.

–Studentparlamentet synest at UiO er god på forsking, men at det ligg eit uforløyst potensial i undervisninga. Forskarane må inn i undervisninga også før masternivået. Det er viktig å få førsteårsstudentane med seg frå første dag for å hindra eit stort fråfall, slo ho fast.

– UiO går i mange retningar samtidig

Abelia-direktør Paul Chaffey var ikkje uventa den mest næringslivsvennlege av dei som sat i panelet.

– Eg trur problemet til Universitetet i Oslo er at det vil gå i mange retningar samtidig. I dag las eg ein artikkel i Financial Times om BRIC-landa, altså Brasil, Russland, India og Kina. Kina er det landet i verda som er neststørst på publisering av forskingsartiklar. I hovudsak er det vitskaplege artiklar innanfor naturvitskap og teknologi. Samtidig satsar Brasil store ressursar på helseforsking. Difor kan det godt henda at verdas beste universitet, som i dag ligg i USA, kan få posisjonen sin kraftig utfordra av universitet i Asia og i Sør-Amerika i 2020, trekte han fram.

Chaffey såg også det paradoksale i at mange på Universitetet i Oslo framleis snakkar om industrien.

– Noreg er det landet i verda som har færrast jobbar for ufaglærte. Ta ein tur til Nydalen! Kor mykje tradisjonell industri er det igjen der? Derimot finst det eit tenesteytande næringsliv som har ein enorm etterspurnad etter kvalifisert arbeidskraft. Næringslivet plukkar arbeidskraft frå forskjellige stader. På dette området er det stor konkurranse. Skal UiO då satsa på spiss eller breidde? Stadig fleire jobbar innanfor helse, berre i dag er det 500 000 stillingar der. Heile samfunnet vil etterspørja høg kompetanse og teknologi, understreka han.

 

ENGASJEMENT: Alle paneldeltakarane viste stort engasjement for UiO, sjølv om dei ikkje var heilt einige om prioriteringane. F.v. Borghild Roald, Benjamin Larsen, Mari Helen Varøy og Paul Chaffey. Heilt fremst UiO-rektor Ole Petter Ottersen. (Foto: Ola Sæther)

Chaffey meinte at UiO burde satsa på eit nært samarbeid med små og mellomstore bedrifter for å kunna utvikla ny teknologi.

– Der har Noreg eit konkurransefortrinn framfor andre land, trudde han.

Abelia-direktøren rådde også til at UiO kasta seg inn i konkurransen med BI om å tilby vidareutdannings- og etterutdanninskurs til godt vaksne arbeidstakarar.

– Ei livsløpsgreie

– I dag er utdanning blitt ei livsløpsgreie. Ikkje alle studentar er unge. UiO kan tilby kurs til dei tilsette i store bedrifter, foreslo Chaffey.

Før debatten tok slutt kom Ole Petter Ottersen med denne oppfordringa:

– Det er ikkje nok for Universitetet i Oslo å lena seg tilbake og vera sjølvtilfreds. Me er nøydde til å endra oss, og det må me gjera straks.

 

Emneord: Undervisning, Studentforhold, Strategisk plan Av Martin Toft
Publisert 27. jan. 2010 11:00 - Sist endra 4. feb. 2010 12:56

Det var UiB, og ikke UMB jeg nevnte som naturlige samarbeidspartnere for UiO i debatten.

marihva@uio.no - 3. feb. 2010 17:07

Då har me retta det opp, slik at Universitetet i Bergen (UiB) har kome inn i staden for UMB. Rett skal vera rett.

 

 

Martin Toft - 4. feb. 2010 00:58
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere